JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Fatklut på sylvfat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20230331
2368
20230331

Kakefatet plar sjå ut som ei flatvoren skål, medan oljefatet og ølfatet er meir som ei tynne. På éin måte er det ufatteleg at den same nemninga vert nytta om so ulike saker. Samstundes kan me seia at alle fata omfattar noko. Om me brått ikkje får fatt i det fatet me hadde tenkt å nytta, skal me ikkje missa fatninga: «Det verd eitt til fat, når ein fyrst heve mat.»

Slår me opp i gode ordbøker, får me ordhistoria servert på sylvfat. Her er det berre rom for ei kortfatta utgreiing. Fat svingar seg i ei rad germanske mål, til dømes engelsk (vat) og tysk (Fass). I samansetjingar står det ofte sist (matfat), men det kan òg stå fremst (fatklut ‘oppvaskklut, vaskeklut’). Norrønt fat vart nytta i tydingane ‘kar, ilåt’, ‘plagg’ og ‘stykke reisegods’. I fleirtal tydde det gjerne ‘klede; reisegods’. Tydinga ‘klede’ har klora seg fast i somme norske målføre, jamfør ord som skofot (uttala skoføt, skåffåt og liknande, ‘fotbunad’). I islandsk held tydinga ‘klede’ seg godt (t.d. regnföt ‘regnklede’, sumarföt ‘sumarklede’).

Frå lågtysk kjem verbet fatta, som har gjeve oss meir eller mindre lettfattelege ord som forfatta, oppfatta og samanfatta. Fatta hadde truleg grunntydinga ‘kunna rommast, ha rom (i eit fat)’. Sidan vida ho seg ut til ‘gripa; skjøna; ta, ta fyr’. Den heimlege forma av verbet er fata (norr. fata ‘festa laust saman’). Men fata i tydingane ‘ta; skjøna; ta fyr’ er nok ikkje beinveges nedervt frå norrønt. Det er truleg påverka av fatta. Andre nærskylde ord er fatt («ta fatt på», «få fatt i»), fatning («ta noko med fatning») og fatta («bleik, men fatta»).

Bognande fruktfat er eit gildt syn. Me kan òg nytta fruktfat til å målbera at noko eller nokon er lite tiltalande: «Du er ikkje akkurat noko fruktfat!» Om me derimot møter nokon me synest er fine, kan det vera vanskeleg å halda fingrane av fatet. Men det gjeld å fatta seg (sansa seg, ta seg saman). Elles kan det henda at dei krev hovudet vårt på eit fat.

«Den som vil sleikja i alle fat, får kjenna mang ein smak», seier ordtaket. Matfat og grautfat vert stundom nytta om samband og sams gode. Å «ha noko (å gjera) i matfatet eller grautfatet med einkvan» er å ha hopehav med nokon. Og dei som sit med store sleiver oppi det sams grautfatet vårt, forsyner seg grovt av fellesgoda.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis