Ord om språk

Dreis på drillinga

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Den som er lei av å tala om høgre- og venstredreiing, kan dreia samtalen inn på drillkorps eller fordreia røysta, so samtalepartnaren kvepp og misser tråden. Å dreia til eller dreisa til folk (slå dei) er ikkje tilrådeleg. Om ein slepp opp for diplomatiske løysingar, får ein heller gå og setja i gang eit drillbor som overdøyver drøset.

Ja, i dag dreiar det seg om det lågtyske lånordet dreia. Om eg seier at dreia er same ordet som engelsk throw (‘kasta’), får vel saka ei ny omdreiing? Granskarane veit ikkje korleis tydinga ‘kasta’ dukka opp. Koplinga er kan henda at ein svingar med armen eller får ein ting til å snurra eller spinna før ein kastar han.

Dreia kjem av ei rot som tyder ‘tvinna, snu, vrida; (gjennom)bora’. Frå den same rota kjem tråd (emne for spalta i nr. 25/2011) og drill (‘handreiskap til boring; innøving, terping’). Det finst to andre drill-ord som me skal halda utanfor. Drill i tydinga ‘tett, kraftig bomulls- eller lintøy’ kjem frå dreiel, som er ei omlaging av latin trilix (‘tretråda’). Drill i tydinga ‘smal jordrygg’ har uvisst opphav.

Når elevar vert drilla i noko, er det ingen som går laus på dei med drill, endå målet er at kunnskapen skal bora seg inn i dei. Men har drilling i tydinga ‘rutineprega øving, innterping’ verkeleg noko med boring å gjera? Nei, i mange germanske mål har drilla vore nytta om å gjeva opplæring i eller driva med militær eksersis, og ordet viste nok opphavleg til snuinga og vendingane som troppane driv med då.

Å få dreis på noko er mykje det same som å få sving på sakene. Dreis kjem av drei, som kan tyda ‘sving, måte’ («få ein annan drei på noko»), ‘slag, dask’ («få ein drei») og ‘vending, stund’ («i same dreien»).

Kva med lurendreier? Ordet er kome til oss gjennom lågtysk og nederlandsk. Opphavet er noko uvisst, men det kan henga saman med seiemåten ieman einen loer draaien (‘narra nokon’). Loer tyder der ‘fille, lapp’ og har i grunnen ikkje noko med luring å gjera, likevel har nok mange tolka lurendreier som «ein lur dreiar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement