Ord om språk
Vonbrotne gullhåp
Teikning: May Linn Clement
Me har ljosare dagar med vårvon, men fredsvona kan me sjå langt etter. I slike vonlause tider er det lett å orvonast eller ørvænast: gjeva opp vona, fortvila, ikkje venta lenger. Like fullt veit me at der det er liv, er det håp. Ting kan snu vones før (‘heller snart, før ein ventar det’).
Von og håp har overlappande tyding og ulik bakgrunn. Von (norr. ván, (v)ón) er eit arveord. Det kjem av ei germansk rot med tydinga ‘lika, elska’. Frå den same rota kjem substantivet ven (truleg eig. ‘elskar, make’), adjektivet ven (eig. ‘som har von, vonfull’) og verba venja (eig. ‘få til å lika’) og venta (eig. ‘vona, håpa (på) noko’).
Håp er eit lånord. Det kjem av det lågtyske verbet hope og dukkar opp seint i norrønt (hop). Opphavet er omstridt. Nokre har gissa at hope/håpa heng saman med hoppa og har grunntydinga ‘hoppa av forventing’. Ein kan håpa og tru at det stemmer, men det er von og inga visse.
Framtidsvonene til håp-orda er gode. Folk håpar på sol, hjelp, betre tider og det beste. Forhåpentleg(vis) går det bra med dei unge håpefulle. Idrettsutøvarar me har store forhåpningar til, vert ofte kalla medaljehåp eller gullhåp. Det er leitt å få høyra at ein er (heilt) håplaus.
Eg gjer meg ikkje falske voner om at von skal vinna attende tapt terreng, men vonleg greier eg å overtyda nokon om at von har skjenkt oss flest godbitar. Me har ei rad velklingande ordtak med framljodsrim: «Vona er god når vissa vantar.» «God von gjer lange vegar lette.» Å våga vona er å lata det stå til.
Ikkje minst har me gilde samansetjingar som vonbroten og vonsviken. Er det von om berging? Då er det bergingsvon. Er det von om betring og reparasjon? Då er det botevon eller bøtingsvon. Fiskevon viser til ‘von om godt fiske’, ‘stad der ein kan venta å få fisk’ og ‘ørsmå fiskeungar’. Og som me veit: Det er von (el. håp) i hengande snøre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.