Ord om språk

På trappene

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Folk som vil koma i betre form, får stundom høyra at dei må trappa opp trappegåinga. Dersom renning opp og ned trapper er for heftig eller plent umogleg, er trappeheis og andre heisar gode å ha. I rulletrappa kan ein velja om ein vil stå eller gå.

Islendingane seier rúllustigi. Dei har trapp der òg (trappa ‘trappetrinn; gardintrapp; trapp’), men hovudordet for ‘trapp’ er stigi (t.d. stigagangur ‘trappehus; trappegang’, stigapallur ‘trappeavsats, repos’). Stigi svarar til vårt stige og er eit arveord. Trapp er eit lågtysk lånord.

I klassisk nynorsk og nokre målføre har ordet forma tropp. Ho heldt seg inne i rettskrivinga fram til 2012: Då vart trapp den einaste offisielt godtekne skrivemåten. Fleirtalsforma trepper er òg ute or rettskrivinga, og det ser ikkje ut til at ein retur er på trappene.

Substantivet trapp kjem av det lågtyske verbet trappen (‘stiga tungt, stampa’). Ordet er i ætt med trampa og trippa og engelsk trap (‘felle’). Trapp og trap viser til ulike saker, men dei og resten av flokken kjem av ei rot som tyder ‘det ein trør på (eller i)’. Truleg er det ei kopling her til franske former som attraper (‘fanga, få tak i; lura’) og attrape (‘felle; knep’), jamfør lånordet attrapp (‘felle’).

I fransk finn me dessutan ordlaget esprit d’escalier, som gjerne vert omsett til trappevidd (tysk Treppenwitz). Mange av oss har røynt at artige kommentarar og gode poeng dett ned i oss når me nettopp har forlate ei samkome, med andre ord når me er komne ut på trappa.

Trapper kan vera slake eller bratte, smale eller breie, gå rett fram eller svinga (jf. svingtrapp, vindeltrapp). I mange tusen år har folk hatt trappeformlar (for tilhøvet mellom opptrinn og inntrinn) som gjev god gangrytme. Likevel: Trappa er ein slags bakke med skarpe kantar. Det kan vera livsfarleg å snubla og skli der – eller verta dytta ned. Folk med små born har ofte trappegrind.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement