Ord om språk
Mindre enn minstemålet
Teikning: May Linn Clement
Å vera minst er stundom surt. Ein har i det minste nokon å sjå opp til. Men er det storleik eller alder det dreiar seg om? Det brukar å vera meir eller mindre skjønleg ut frå samanhengen. Ein kan vera eldst og minst i syskenflokken: Eg har flest år bak meg, men færrast centimeter. Me vert visst berre mindre og mindre med alderen, jamfør sjuande far i hornet på veggen.
Mindre og minst er komparativ og superlativ av liten. Til vanleg når me gradbøyer, er det same ordet med oss heile vegen, som i fin, finare, finast og stor, større, størst. So finst det adjektiv og adverb der ord av ei heilt anna rot tener som positiv (grunnform). Desse adjektiva og adverba er i mindretal, men dei er ikkje mindreverdige. Her finn me til dømes god, betre, best og ille, verre, verst.
I norrønt hadde mindre og minst desse formene: minni og minnstr. Kva hende med den søte komparativen minni? Språkbrukarane er vortne påverka av andre (og meir regelrette) former. Med eit fint ord: analogidanning. Born driv mykje med slikt, som når dei seier gådde for gjekk (i tråd med t.d. klådde, nådde, spådde). Etter mønster av komparativar som lengre fekk minni endinga re, og d-en mellom n og r kan vera henta frå former som andre.
Noko liknande hende med det norrøne adverbet minnr, som me finn att i nynorsk i forma minder(s) (‘med mindre, utan at; elles’): «Eg går ikkje minders du vert med.» Ein annan godbit i nynorsk (og nokre målføre) er ordlaget «i minsto» (dativ eintal av minst). Det tyder ‘i det minste’. Smett det inn der folk minst ventar det!
Minka og minska kjem av mindre. Er det noka kopling til lånord som minimum og minus, som kjem frå latin? Med mindre eg har tolka ordbøkene heilt gale, er granskarane usamde på det punktet. Nokre meiner at dei germanske formene (som mindre) heng i hop med dei latinske, andre ikkje. Når semja er i minste laget, får me gå for eit minste sams multiplum: Alle orda viser til noko lite.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.