Kommentar I Frankrike

Polarisering flytta ned på lokalplan

Lokalvalet gav inkje valskred, men ei uendeleg mengd små jordskjelv.

A woman walks past campaign posters during the second round of the French mayoral election in Paris, France, March 22, 2026. REUTERS/Benoit Tessier TPX IMAGES OF THE DAY
Publisert Sist oppdatert

Norske medium oppfattar polariseringa mellom ytterpunkta i fransk politikk og les dette som eit varsel om kva som vil hende ved presidentvalet neste år.

Så enkelt er det diverre ikkje, korkje analytisk eller praktisk. Noko av grunnen ligg i den endelege gjennomføringa av det franskmenn sjølve reknar som eit proporsjonalitetssystem. Dei siste storbyane, Paris, Lyon og Marseille, er etter mange år bringa inn i same systemet som kommunane elles.

Valet går føre seg i to omgangar, som alltid. Nytt er det at i dei nemnde byane røystar ein no både om bydelsstyre og om storbystyre. Og det viktigaste: Dei er bringa inn i det generelle systemet, nemleg at dersom ei liste kjem i fleirtal i fyrste eller andre valomgangen, så får denne lista 50 prosent av alle representantane i kommunestyret. Den andre halvdelen vert fordelt proporsjonalt med prosentvis oppslutning dei andre listene får.

Elles er der jo ei mengd småkommunar med færre enn 1000 røysteføre. Desse må no òg følgje alle reglar, til dømes regelen om full jamstilling mellom kjønna på kvar liste. Det er slutt på å stryke namn og overføre mellom lister. Regelen om at vinnaren får 50 prosent, gjeld.

Alle stader kan alle stille felleslister og ulike særlister så lenge dei er godkjende etter reglane. Dette har no alt skapt ein heil del krangel om tolkinga av resultata. Olivier Faure, partisekretær for Parti Socialiste (PS) sidan 2018, kom til å seie utan god klarering frå partileiinga at det måtte då vere greitt om La France Insoumise, LFI, ofte korta til Les Insoumises (Dei ukua), altså Jean-Luc Mélenchons parti, gjekk i allianse med PS lokalt.

No meiner då båe parti at der dette har hendt, har det vore til ulukke for båe. Mélenchon skuldar PS for å ha drege LFI med seg ned. PS-talspersonar lèt like ille over samarbeidet. Dette hindrar ikkje at PS har sikra nokre av sine gamle «baroni» (der dei alltid har hatt styringa) betre enn før, som Rennes, Lille og Nantes, gamle viktige arbeidarbyar.

Det er signifikant at LFI har vunne Roubaix. Ordførar vert David Roubaix, ein ordhag og klår LFI-representant og noko ulik dei meir anarkistiske Paris-representantane. Den gamle industribyen har satsa mykje på kultur, dels med belgisk samarbeid, og er sete for det store nasjonale nasjonalarkivet for arbeidsverda. LFI har elles fått ein god del sjølvstendige, interessante representantar strødde ikring i det politiske landskapet.

For LFI ser vi nok starten på ein post-Mélenchonsk fase der froda mindre står ut or munnvikane på partileiaren når det er tale om samarbeid. I alle høve lyt partiet bryte med drifta mot meir valdeleg oppvigling. Ikkje berre har ein oppmoda til vald og skapt ei stemning som nyss førte til drapet på ein ytre-høgre-demonstrant – truleg viktigaste grunnen til bråstopp for ei auka LFI-oppslutning.

Dermed kan det moglegvis verte sant at PS og LFI eingong kan forme reelle alliansar, ikkje berre kortvarig tole kvarandre. Det klassiske høgrepartiet, Les Républicains (LR) har sikra seg ein del viktige byar, til dømes «baroniet» Le Havre, der tidlegare statsminister Édouard Philippe har vore ordførar sidan 2010. Han har meld seg ut or nasjonale kranglar og konsentrert seg heilt og fullt om lokalvalet. Og for Le Havre ligg føre der store planar om å verte del av Stor-Paris ein gong – dersom berre Frankrike maktar å takle statsgjelda. Men denne posisjonen og arbeidet utført i valkampen har gjort Philippe til den opplagde LR-kandidaten til presidentvalet neste år.

Men LR er ikkje ferdige med å krangle med utbrytarane, som kritiserte dei for altfor liberal politikk på dei fleste område. Såleis har dei ikkje berre hatt lekkasje til fleire sider, men fekk utspalta eit nytt parti. Éric Ciotti leia Høgreunionen for Republikken, som i Nasjonalforsamlinga samarbeider med RN. No tok han «baroniet» Nice frå republikanarane; endå eit vitnemål om at veljarane sørpå vil ha strengare høgrepolitikk.

RN hevdar no med styrke at dei aldri har hatt slikt gjennomslag før. I det ytre er dette sant; dei mange felleslistene lokalt, med alt frå opne fascistiske grupper til meir fredelege éisaks- og fåsaksparti, har gjeve mengdevis av representantar. Det vil ikkje seie at valet no representerer dei troppane RN kan føre i marka neste år, men det viser kva for ein kontroll RN har vunne for politikken sin gjennom seigt, målretta arbeid lokalt over meir enn to tiår. LFI har lært litt av dette, ser det ut til.

Nei, vi kan ikkje gå ut frå at vi har teikninga klår for presidentvalet 2027. Vi ser at dei ordinære høgrepolitikarane har gjenvunne fatninga, PS er komne meir på beina etter ein serie katastrofale val, Macron-rørsla Renaissance har få lokale leiarar att.

Viktigast: Polariseringa har flytta ned i dei minste lokalsamfunna. Dette kan ta to vegar frametter. Symbolsk er det kan hende at det gamle liberale partiet så å seie er utrydda. Men lokalt løyser ein likevel problem på dagleg basis – ein kan ikkje kvar dag slå kvarandre ned.

Anten vert politikken heretter hardare og hatskare, eller så tek dei nasjonale partigrupperingane endeleg på alvor det som går føre seg lokalt. Då må dei slutte å ta veljarane sine for gjevne storleikar, og dei må engasjere seg for å skape meir politikk lokalt. Skjer det, er det mogleg at fransk politisk liv fornyar seg. Heilt kan vi ikkje avskrive mirakel.