Kommentar
UD kan ikkje svare
For over fire veker sidan bad Dag og Tid Utanriksdepartementet svare på og forklare kvifor departementet endra standpunkt i saka om journalføring av dokument frå Oslo-prosessen. Det viser seg at UD ikkje er i stand til eller ikkje vil svare.
I Dag og Tid sin nettartikkel 19. februar 2026 påpeika vi at det er klar motstrid mellom journalføringsplikta slik ho kom til uttrykk i brev departementet sende ut i mars 2006, og eit brev som vart sendt ut i juni 2006. Dette handla om manglande dokument i Utanriksdepartementet frå Oslo-prosessen i 1993.
I det første brevet slår UD fast fylgjande:
«Aktører uavhengig av formell status eller rolle som opptrer på vegne av en offentlig institusjon er pliktig til å levere dokumenter som skapes til etatens arkiv for journalføring og oppbevaring.»
I det andre brevet heiter det derimot:
«Vi er også klar over at flere involverte personer som deltok i Oslo prosessen ikke var ansatt i Utenriksdepartementet i det gitte tidsrommet, og at disse dokumentene ikke er/vil bli en del av vårt arkiv.»
Frå rett til feil
Resultatet var at korrekt arkivfagleg standpunkt vart endra til feil arkivfagleg standpunkt. Og ifylgje UD sine eigne opplysningar skjedde det utan at det vart utarbeidd noka som helst juridisk eller arkivfagleg vurdering. Så kvifor skjedde denne endringa? Etter fleire purringar viser det seg at UD ikkje vil eller kan svare på det.
UD, med Jonas Gahr Støre som sjef, stod fast på standpunktet også etter at forvaltningsrettseksperten, professor Jan Fridthjof Bernt, i intervju med Dag og Tid i august 2012 slo fast at standpunktet var uhaldbart. Terje Rød-Larsen var i oppdraget han utførte for norsk UD, å rekne som offentleg tenestemann. Han var såleis pliktig til å levere frå seg dokument han måtte ha frå Oslo-prosessen, til UD.
Først etter at Økokrim i februar i år ransaka og gjorde beslag hjå Mona Juul og Terje Rød-Larsen, har UD snudd. UD seier nå at ein støttar seg på ei fersk arkivfagleg vurdering som Nasjonalarkivet har gjort etter Økokrim sitt beslag. Denne vurderinga og det nye standpunktet til UD er i tråd med UD sitt standpunkt i mars 2006 og det dåverande riksarkivar John Herstad har meint heile tida.
Kontrollkomiteen borar
Etter at Dag og Tid-artikkelen om snuoperasjonen i UD i 1993 vart publisert 19. februar, har nå også kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget freista å bore i dette temaet gjennom nye spørsmål til utanriksminister Espen Barth Eide.
«Hvordan kan Utenriksdepartementet ha en arkivfaglig forståelse i brevene til Egeland og Juul og en annen i omtalen av Rød-Larsens arkiv? Skyldes forskjellsbehandlingen at Rød-Larsen allerede i korrespondanse med Riksarkivet hadde nektet å utlevere offentlige dokumenter?» skreiv kontrollkomiteen i brev til til utanriksministeren 12. mars.
Utanriksministeren svarar i brev 19. mars, men utan at han kan gje eit klart svar. I svaret skriv han mellom anna:
«Som redegjort for i mitt svarbrev 10. mars, tyder dokumentasjonen på at departementets arkivfaglige forståelse den gang var at Rød-Larsen ikke var omfattet av departementets arkivplikt, fordi han ikke var ansatt i Utenriksdepartementet frem til undertegningen av Oslo-avtalen.»
Inga forklaring
Kvifor departementet endra standpunkt i juni 2006, gjev Espen Barth Eide ingen opplysningar om.
Eide opplyser samstundes at UD ikkje har nokon dokumentasjon som kan vise eller sannsynleggjere at UD på noko tidspunkt tok kontakt med Terje Rød-Larsen for å få han til å levere arkivmateriale til UD.
Det betyr at Utanriksdepartementet aldri gjorde noko for å fylgje opp den avtalen som departementet inngjekk med riksarkivar John Herstad 1. mars 2006. Der påtok UD seg oppgåva å spore opp og hanke inn alle dokument som mangla i UD sitt arkiv frå Oslo-prosessen.
Takk til Epstein og Økokrim
«I den utstrekning det kan finnes dokumenter som hører til eller opprinnelig burde ha vært lagt til Utenriksdepartementets arkiver, vil Departementet selv følge opp dette», heiter det i brevet som riksarkivaren sende til Terje Rød-Larsen i mars 2006 etter møtet med UD.
UD har likevel gjennom fleire år hevda at ein har gjort fleire framstøytar for å hanke inn dokument som ein etter kvart innsåg at ein mangla. Men heller ikkje her har UD nokon dokumentasjon å vise til. Ein måtte ha hjelp frå ein straffedømd amerikansk seksualforbrytar og norsk Økokrim før manglande dokument kom «heim», funne i kjellarbua til ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen, berre nokre steinkast unna Utanriksdepartementet sin staselege bygning i Oslo.