JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Bygg

Vi kan alle ete meir norsk gras.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette graset er kanskje ikkje så grønt, men det er desto meir næringsrikt og kan endåtil brukast som menneskemat. 

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4185
20220708
4185
20220708

Lat oss slå det fast: Menneske er grasetarar. Kvar gong vi tek oss ei skive, er vi grasetarar, kvar gong vi unner oss ein iskrem i sommarvarmen, kvar gong vi får eit brett sushi levert på døra, og kvar gong vi tek oss eit glas øl, er vi grasetarar og grasdrikkarar.

For gras er jo mykje meir enn berre timotei, plen og ugras. Blant dei økonomisk viktigaste grasplantene i verda er havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, hirse, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og rapp, melder Wikipedia. Både vi og husdyra våre har nytta oss av gras sidan lenge før vi vart jordbrukarar.

Vi menneske vel oss jo litt andre delar av graset enn dyra gjer, då. Vi får ikkje så mykje næringsverdi ut av stengel og bladverk, men treng å få tørka og foredla frøa for å klare å nyttiggjere oss av grasfamilien til mat. Og resten, det som ikkje vi menneske klarar å ete, det gir vi til husdyra.

Eller var det ikkje heilt slik lenger?

Menneskemat

Noreg dyrkar gras. Det veit vi. Det graset som veks på bøen, går til drøvtyggarane, enten direkte på beite eller foredla i rundballar, siloar eller høystål. Så har vi altså gras som veks i åker òg. Dei åkrane kallar vi gjerne kornåkrar. Og det som veks her, det går vel til menneskemat?

I altfor stor grad er nok svaret på det spørsmålet nei. Til dømes synte ei pressemelding frå Opplysningskontoret for brød og korn førre veke at berre 0,5 prosent av bygget som vert dyrka i Noreg, vert brukt til menneskemat.

Men då vert det kanskje ikkje dyrka så mykje bygg i Noreg, om vi ikkje vil ete det? Feil. Om lag halvparten av kornarealet vi har i Noreg, vert nytta til å dyrke bygg. Og det er heilt naturleg, for bygg er det kornet det er enklast å dyrke i Noreg – av dei største grasartane har vi ingen føresetnad for å dyrke verken ris eller sukkerrøyr. Mais går så vidt an å dyrke i Sør-Noreg, med nokre få klimaendringar, men det har vore kveite, rug, havre og bygg vi har lena oss på i tusenvis av år – og bygg aller lengst: Vi har dyrka bygg i Noreg i over 6000 år fordi bygget er den av dei fire kornartane som treng kortast modningstid og lågast veksttemperatur.

Opp gjennom tidene har vi brukt bygg til det meste: graut og flatbrød, og mest kjent er sjølvsagt øl. Ja, ein gong var det faktisk eit krav å brygge øl til jul, og du kunne få bot om du ikkje gjorde det. Så var det mange moderne år der vi importerte alt byggmalt frå utlandet. Men no har vi endeleg tatt til vit og byrja å malte norsk bygg igjen. Mellom anna er alt ølet frå Borg brygga på norsk bygg.

Men om øl er kultur, er det jo ikkje mat, og det vert difor ikkje rekna med i den halve prosenten bygg vi klarar å fortære i Noreg på eit år.

Kvifor, når vi produserer 600.000 tonn bygg kvart år, og stadig snakkar om å ete norsk og lokalt og vegetabilsk og grønt, klarar vi ikkje fortære meir enn 3000 tonn bygg?

Bygg til lunsj

Ei av årsakene er nok ei sterk og godt fundert dyrefôrnæring. Dei 596.000 tonna bygg som er att etter at menneskemat og ølbrygging har fått sitt, går til særs godt organisert landbruksverksemd. Grisar, høner, kyr og jamvel sauer og geiter får norsk bygg i kosten sin kvar einaste dag, og det gjer dei jo sunne og friske.

Men altså: Vi skal jo ete meir grønt og mindre kjøt, det er vi alle samde om, sjølv om vi ikkje skal verte vegetarianarar. Vi vil også gjerne betre lønsemda til bønder, som også omfattar kornbønder. Vi vil ete meir lokalt og vere mindre avhengige av import frå andre land. Og vi vil ete sunt og godt.

Dersom vi kunne få alt dette i eitt, alt dette i eit lite grasstrå, faktisk, burde vi ikkje då berre kaste oss over det?

Eg har kanskje spela litt opp til at vi kan det: Vi kan bruke meir bygg til menneskemat. Heilt konkret kan vi byrje med å byte ut ris, som har kjempestort klimafotavtrykk på grunn av store metanutslepp i produksjonen, som forresten skjer på andre sida av jorda, med bygg. Endå meir konkret kan vi byrje med å byte ut Rislunsj frå Tine med Bygglunsj frå Fjordland (som Tine forresten er deleigar i) – minst like godt og eit godt stykke sunnare og meir miljøvenleg. Enklare vert det ikkje.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Berre 0,5 prosent av bygget som vert dyrka i Noreg, vert brukt til menneskemat.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis