JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Burgarost

Ost på burgar treng ikkje smelte meir enn éin gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Drukna i ost: slik ein god osteburgar skal vere før hatten kjem på.

Foto: pxhere.com

4359
20230519
4359
20230519

Lagar du hamburgar heime? Eg må innrømme at burgaren er ein av rettane eg gjerne lar andre lage for meg – talet på gongar eg kjøper ein hamburgar i farten langs vegen er nok høgare enn talet på burgarar eg lagar heime. Men eg er nok ikkje representativ: Kampen om hylleplassane er hard i norsk daglegvare, og utvalet av burgarprodukt i hyllene kan ikkje bety anna enn at hamburgar temmeleg ofte er å finne på norske middagsbord.

Eit søk på «hamburgar» i produktutvalet til Meny gjev treff på 138 varer. Det same hjå nettbutikken Oda gjev 108 treff. Her er burgarar av storfe og svin og kylling og laks og bønner og erter, og burgarbrød med og utan gluten, og brioche, og så er det alt det andre: dressingar med klumpar og sausar utan klumpar som gjer meg usikker på skilnaden, og vi må ha bacon og salatar og sjølvsagt produkta vi skal sjå nærare på her: ost.

ikkje ein ost?

Er burgarost eigentleg eit ord? Eg finn det ikkje i ordlista, men det gjer eg for så vidt heller ikkje med osteburgar. I det minste er det eit produkt: Både Eldorado, Rema 1000, den opphavlege franske osteforedlaren La vache qui rit og heime­ystaren vår Tine lagar produkt som enten heiter eller er merka som nettopp burgarost.

Det er likevel skilnadar mellom dei fire produsentane. For der osten frå Tine er rett fram cheddarost skoren i skiver, er ostane frå Eldorado, La vache qui rit og Rema monaleg meir kompliserte.

Rema er nokså ærleg allereie i tittelen: namnet «burgarost med cheddar» antyder at her er det meir enn berre éin type ost i blandinga. Ein kikk på ingredienslista stadfestar dette – der 30 prosent av osten er cheddar, er 20 prosent av han kvitost og resten heilt andre ting. Måten dei får det til å henge saman på, er ved å lage ein smelteost.

Ein brukar smeltesalt for å kunne smelte ferdig ysta ost og deretter halde han i den konsistensen ein ynskjer – der Kavli ynskjer seg ein ost som kan trykkast ut av ei tube, ynskjer burgarostprodusentane seg eit produkt som ser ut som ein fast­ost, men smeltar lettare på ein varm burgar.

Burgarosten frå Eldorado, til dømes, burgarost med cheddarsmak, inneheld ikkje meir enn 8 prosent cheddarost. Hovudingrediensen er rekonstruert skummamjølk, som eg ikkje eingong veit kva er. Andre ingrediensar er smør, mjølk, smeltesalter og tjukningsmiddel, og eg kan ikkje anna enn lure på kvifor det løner seg å fyrst fjerne feitt frå mjølk for å få skummamjølk for så å sette til feittet igjen som smør.

Amerikansk ost

Kvifor vil dei eigentleg late som det er cheddar? Denne opphavleg engelske osten har fått ein særleg plass i den opphavleg USA-amerikanske burgarhistoria. Kvifor er nok litt tilfeldig – men cheddaren er smaksrik og feit, og så smelter han relativt lett. Og sist men ikkje minst er han ein ingrediens i den for meg ukjende, men like fullt kanskje aller største burgarosten: American cheese.

Dette er ikkje berre ostevarianten som både McDonalds og burgar King brukar på sine burgarar, det er ein ostetype som er heilt vanleg i USA. At han ikkje har vorte nokon eksportsuksess, heng kanskje saman med at han her i Europa ville hamne i kategorien osteprodukt som ikkje kan kalle seg ost: For å lage amerikansk ost tek ein ulike ferdigysta ostar, smeltar dei saman med emulgeringsmiddel som gjer ein fast ost att når han vert avkjølt.

Ikkje utan tradisjonar

Med andre ord er ikkje den oppattsmelta burgarosten heilt utan røter i tradisjonar. Det må likevel vere lov å spørje seg om trongen for nett denne tradisjonen. Kvifor skal ein smelte om ein god ost for å lage ein litt mindre god ost? Og – ikkje minst – kvifor skal vi hente desse liksomostane frå så mange ulike land når vi kan lage dei sjølve? Eldorados burgarost er frå Frankrike, La Vache que Ri får laga osten sin i Tyskland, og Rema hentar sin frå Austerrike.

Samstundes produserer altså Tine cheddarost på trøndersk mjølk og utan eit einaste smeltesalt på meieriet sitt i Verdal. Av ei eller anna årsak vert denne måten å produsere ost på så mykje som ein hundrelapp dyrare enn dei importerte, utvatna variantane på kilo. Dette seier mykje om kor skakkøyrt matsystemet vårt er.

Kjøper eg burgarost frå Eldorado eller Rema? Nei takk, eg tek den strakaste vegen frå jur til burgar saman med Tine.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor skal ein smelte om ein god ost og lage ein litt mindre god ost?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis