JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Bøndene må få meir

13,45 milliardar kroner er det minste jordbruket burde ha rett på. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I rampelyset: Norges Bondelags leiar Bjørn Gimming og landbruks- og matminister Sandra Borch heldt pressekonferanse etter semja i jordbruksoppgjeret. Om dei har jordbruket med seg, er ei anna sak.

Foto: Annika Byrde / NTB

4227
20230602
4227
20230602

Høyr på dette: «Mi klare forventing er at vi har fått ut alt Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde å gje. Då føreset eg at ein framforhandla avtale vert respektert og finn sitt fleirtal.»

Det er leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, som seier dette til Klassekampen. Dette er altså same mann som for nokre veker sidan sa det var synd at Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikkje deltok i tingingane med staten, fordi det svekte forhandlingsposisjonen til landbruket – og same mann som seinare i praksis sa at det ikkje ville spelt noka rolle om Småbrukarlaget var med.

No seier altså denne mannen at Stortinget ikkje må finne på å endre på jordbruksavtalen. Med andre ord: Politikarane må ikkje finne på å gje meir pengar til landbruket enn det Bondelaget har forhandla fram med staten.

Korleis kan ein leiar for den største bondeorganisasjonen i landet seie noko slikt?

Må brukast lurt

Utsegna kom i samband med at Småbrukarlaget måndag 23. mai presenterte primærkravet sitt inn mot jordbruksforhandlingane. Kravet, som altså var så høgt at Småbrukarlaget ikkje fekk vere med inn i forhandlingane med staten, var på 13,45 milliardar kroner. I forhandlingane med Bondelaget skal dei ha vore viljuge til å gå ned til 9,8, medan Bondelaget ville gå opp til 6,9.

Men i kravet ligg det ikkje berre fleire kroner inn – det ligg òg ei flytting av kroner som alt eksisterer. Mellom anna vil Småbrukarlaget gradvis fase ut tilskotet til prisnedskriving av korn og kraftfôr (tilskotet som gjer det meir lønsamt å fôre dyr med korn enn med gras), og å innføre eit teigbasert arealtilskot. Dette er tiltak Bondelaget fryktar – og som ein fryktar vil kome opp att om Stortinget skulle byrje å debattere og gjere endringar i jordbruksavtalen.

Bondelaget er nok ikkje (berre) redd for meir pengar – dei er redde for pengar som fører til endringar i jordbruks­politikken.

Det stemmer nemleg ikkje – som Bondelaget og Senterpartiet stadig vekk hevdar – at Stortinget må belage seg på ein avtale som faglag og stat er samde i. Snarare tvert om: Lovverket som regulerer jordbruksforhandlingar, er Hovedavtalen for jordbruket. Kapittel 3 omhandlar forholdet til Stortinget. To stader blir det slått fast at «Jordbruksavtaler står tilbake for lover og stortingsvedtak».

Skam

I år er det ti år sidan eg var ferdig utdanna agronom, men eg er, diverre, sjeleglad eg aldri vart bonde. Framleis brukar eg mykje tid på å produsere mat – til meg sjølv. Eg kosar meg med matproduksjonen min, og den einaste grunnen til at eg kan det, er at eg ikkje driv gardsbruk. Der eg står i potetåkeren min med sola skinande på ryggtavla, køyrer dei få bøndene som er att i bygda, forbi
meg i traktor. Fram og attende. Attende og fram.

Heile våren, heile sommaren og heile hausten og gjerne heilt til midnatt (for dei er jo på jobb om dagen) sit dei i traktoren og køyrer dyr, gjødsel og fôr mellom dei stadig fleire gardsbruka dei driv, utan å få ei krone meir att for det. Mjølkeprisen er den same i dag som for 15 år sidan, og det finst bønder som ikkje kan leige inn avløysar ved beinbrot fordi dei tener for dårleg til å få dekka utgifta gjennom sjukepengar frå Nav. For å få sjukepengar må ein ha ei inntekt på ein halv G. Det er om lag 56.000 kroner.

I Noreg finst det bønder som jobbar kvar einaste forbanna dag heile det forbaska året og år etter år og ikkje kan drøyme om å tene ein heil gong grunnbeløpet i folketrygda. Tenk på det! Har vi større skam?

Det må i så fall vere at vi held oss med bondelagsleiarar og stortingspolitikarar som kallar 13,45 milliardar for eit luftslott. Til samanlikning: 13,45 milliardar er om lag det Telenor gav i utbytte i 2022.

Eller som generalløytnant Robert Mood skriv i innleiinga til primærkravet til Norges Bonde- og Småbrukarlag: «Vi avskrekker ingen ved å investere 20 milliarder i stridsvogner. Men under jordbruksoppgjøret hvert år avskrekkes de fleste når 20 milliarder investeres i levende lokalsamfunn og bygder som på kort varsel kan levere mat til byene våre når den ikke lenger kommer utenfra.»

No treng den norske bonden Stortinget. SV har varsla at dei stiller opp – andre parti må berre hive seg på.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis