JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sonja Wigert:

Kva ville ho med livet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portrettfoto av Sonja Wigert, teke av ein ukjend fotograf i 1920.

Foto: Ukjend / NTB scanpix

3984
20180817

I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største:

Filmstjerna og spionen

Sonja Wigert (1913–1980) var ei av Noregs første filmstjerner, før ho i 1939 gifta seg til svensk statsborgarskap. Under krigen hadde ho ei lysande karriere som skodespelar i Sverige, samstundes som ho blei vikla inn i eit særs komplisert spel som dobbeltagent på oppdrag frå svensk etterretning.

Kva var det viktigaste verket hennar?

Sonja starta karrieren som teaterskodespelar, men blei best kjend for innsatsen sin i film. Det er ikkje så lett å velje ut eitt verk frå dei tretti filmane ho spelte i. I Noreg blir ho helst hugsa for samspelet med Alfred Maurstad i Fant frå 1937, medan ein i Sverige gjerne trekkjer fram dei tragiske rollene i filmar som Fallet Ingegerd Bremssen (1942) og Ombyte av tåg (1943).

Kva meinte ho om samtida?

Som for dei fleste andre ville svaret på det spørsmålet kome heilt an på kva tid det blei stilt: Sonja var ikkje eit politisk menneske, og ho oppfatta nok samtida som full av håp for ei moderne ung kvinne og kunstnar fram til slutten av 1930-åra. Dei store spørsmåla om kva ho meinte om samtida, pressa seg først på under krigen, da blei ho – som så mange andre – tvinga til å ta stilling, og ho valde å gå mot nazistane.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

Som skodespelar var Sonja med på å profesjonalisere den skandinaviske filmen. Til skilnad frå mange samtidige såg ho ikkje på filmen som ei bleik erstatning for teaterscena, men som ei kunstform der personlegdomen vert fotografert frå innsida av, som ho sa. Til det kjem verksemda hennar som spion under krigen, som hadde større innverknad på motstandskampen enn ho har fått heider for.

Var ho lukkeleg?

Fleire av avis- og vekebladsartiklane om Sonja trekte fram at ho veksla så brått i humør; ho kunne verke strålande glad for så å skye over. Jamvel i starten av karrieren, då ho spelte mange lette ungjenteroller, sa ho at det var tragedienne ho var. Tida etter krigen var ikkje så lukkeleg for ho, og ho døydde einsam under triste tilhøve.

Var ho eit godt menneske?

Sonja var ein samansett person. Av dei fire kardinaldygdene mangla ho nok noko når det gjeld måtehald, medan ho hadde rikeleg av mot. Ho var oppsett på å forfølgje sin eigen karriere som kunstnar, og braut med mange av normene i tida for korleis ei kvinne skulle oppføre seg for å vere eit godt menneske, samstundes som ho viste stor omsorg for familie og vener.

Kven var ho i strid med?

Sonja stod ikkje fram som noko menneske som søkte strid, og ho var ingen intrigemakar. Under krigen vart ho verva som spion i Sverige, og gjennom det blei ho ein aktør i striden mot Nazi-Tyskland. Men oppdraget innebar at ho først mot slutten av krigen kunne kaste den diplomatiske maska og vise fram eit meir krigersk andlet.

Trudde ho på Gud?

Frå farssida bar Sonja med seg ein pietistisk kristendom. Sjølv om ho i levesett på mange måtar frigjorde seg frå denne arven, trur eg aldri ho heilt forlét gudstrua. Då bror hennar, Knut (Wigert), under krigen drog til England for å slutte seg til Kompani Linge, gav ho han ein gullmedaljong med inskripsjonen: «Gud hjelpe deg. Sonja.»

Kva ville ho med livet?

Den unge Sonja ville bli moteteiknar, før ho i 1934 melde seg på ein konkurranse om å bli Noregs nye filmstjerne. Begge delar var kunstnardraumar av moderne merke, og dei vitna om ei ung kvinne som søkte fridom til å gå sine eigne vegar for å uttrykke den store vitaliteten ho bar i seg.

Typisk sitat?

Sonja gjekk gjerne rundt med ein spegel i veska. Nokre gonger tok ho han opp, såg seg i han og sa: «Å, eg ser så skrekkeleg ut i dag.» Så vende ho spegelen mot den ho snakka med, og sa: «Berre sjå sjølv.» Eg trur det finst ein kjerne av symbolikk i denne vesle spøken, for Sonja syntest nok at det å vere berømt – og med det å skulle vere eit spegelbilete for andre sine draumar – ikkje berre var lett å bere.

Iselin Theien

Iselin Theien er historikar
og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis