JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

MARK J. TERRILL

MARK J. TERRILL

2306
20170428
2306
20170428

Perlemorskyer over Munch

Edvard Munch var inspirert av perlemorskyer då han måla «Skrik», meiner norske meteorologar. «Skrik» har fascinert sidan det vart måla for hundre år sidan. No får norske meteorologar internasjonal merksemd etter at dei har lansert teorien om at Munch fekk inspirasjon til å måle himmelen etter at han hadde sett perlemorskyer over Oslofjorden. Funna blei presenterte i Wien denne veka. Meteorolog Svein M. Fikke kika ut glaset ein kveld i førjulstida 2014 då raude og gule bylgjeforma perlemorskyer ovra seg på himmelen. Eureka, ikkje så heilt ulikt den himmelen vi ser i «Skrik», tenkte meteorologen.

«Fargespelet utvikla seg heile tida både i fargar og intensitet. Og då eg la bilda inn på datamaskinen min, samanlikna eg det med himmelen i ’Skrik’. Både fargespelet og bølgjeforma var lik,» seier han til NRK.

«Eg trur ein er på villspor når ein studerer himmelen i ’Skrik’, og forklarar det med eit meteorologisk fenomen. Munch var ikkje ein målar som presist kopierte naturen han såg,» er svaret frå NRKs kunstkritikar, Mona Pahle Bjerke.

UNESCO-støtte i 2017

Den norske UNESCO-kommisjonens tilskotsordning deler ut pengar til gode prosjekt i ulike kategoriar, som ytringsfridom, berekraftig utvikling og immateriell kulturarv. Samla søkjarsum i 2017 var omlag 14 millionar, medan den totale summen til utdeling er litt under 3,2 millionar kroner. 22 prosjekter får støtte, mellom desse er Høgskolen i Oslo og Akershus, Institutt for journalistikk og mediefags «Ytringsfrihet og journalisters sikkerhet» (400 000 kr) og Nobels Fredssenters «Fordomsbar» i utstillingen «Omveier»: Møte- og debattarena» (295 000 kr).

Ingen musikk frå Prince

Førre veke melde Dag og Tid at det skulle koma ein ny EP med tidlegare uutgjevne innspelingar frå popstjerna Prince, Deliverance – ei utgjeving med seks låtar artisten spela inn mellom 2006 og 2008. Plata skulle koma på dødsdagen hans, som var førre fredag. Men no har ein dommar sett strek over utgjevinga, som produsenten i platestudioet til Prince, Ian Boxill, står bak. Dødsbuet etter Prince, som blir administrert av syskena hans, har nemleg sett seg på bakbeina, og bede ein domstol i Minnesota om å ta affære. Boxill prøver å misbruke låtane som han urettmessig sit på, heiter det i sakspapira til søksmålet.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis