JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2153
20170421
2153
20170421

«Pavane» var den opphavlege tittelen til Hemmelig liv (1954), ei samling som markerte ei taktskifte for Rolf Jacobsen som lyrikar. Jacobsen presenterte tittelen for forleggjaren sin, Gyldendals Harald Grieg, men han meinte ordet var ukjent, så det vart Hemmelig liv. Episoden provar kor viktig diktet var for Jacobsen, det er eit av dei mest særmerkte dikt i norsk lyrikk.

Pavane viser til ein langsam prosesjonsdans som var populær i renessansen. Det er dronninga Isabella I av Castilla og Ferdinand II av Aragón som dansar. Dei innleidde ei ny tid for riket: Maurarane i Spania vart overvunne, samtidig som Columbus oppdaga Amerika. Jacobsen skal ha nytta tjue år på å skrive diktet. Det byrja med ei førestelling Jacobsen såg på Centralteatret i Oslo i 1934, ei jente i spansk hoffkjole dansa, nedlest i smykke og brokade. Den vesle jenta dansa den stive, nåbleike dansen sin vidare i hugen hans, gjennom nazisme, krig og soning i etterkrigstida, heilt til pennen til Jacobsen herma stega hennar på papiret i 1954.

Ein stiv rytme kjenneteiknar òg diktet; dei fem jambane i kvar versline skrid sakte framover, nesten i stakkato, mykje på grunn av tette ordkombinasjonar som «tung brokade, pomp og etikette». Rytmen ter seg som ein prosesjon – ein høgtideleg gravferdsprosesjon. Rytmen høver òg skyene og havet som Jacobsen jamfører påfugldansen med.

Kva død var det som gjesta slottet? Døden over ein tidsepoke – det mauriske Spania? Ein kan òg lesa diktet som ei avslutning på ein periode i Jacobsens lyrikk. Litteraturvitarar kallar boka ein «ny debut», diktet formar prologen til denne debuten. I Hemmelig liv står kjende dikt som «Landskap med gravemaskiner» – samfunnsengasjerte dikt. Men det nye tyder òg ei ferd attende i tid; epilogen til samlinga er eit anna kjent, høgtideleg dikt, «Stavkirker». Jacobsen var sjølv interessert i tidsperioden seinmellomalderen–renessansen. Her fann han eit menneskeverd som står i kontrast til menneskesynet i maskinalderen. Det forklårar òg pavane-rytmen – han bryt med det effektive og konforme i vår teknologiske tid: Rytmen minner oss om døden og eksistensen som maskinalderen glattar over.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis