Bok
Oppgjeret som aldri kom
11. juli for 50 år sidan havarerte ein militær Twin Otter i fjellet Litjetussen på Grytøya, og 17 menneske omkom. Piloten, ein major og skvadronsjef, hadde høg promille. Enno har ikkje dei etterlatne fått oppreising og ei reell orsaking frå Forsvaret eller staten.
17 menneske omkom då ein militær Twin Otter frå 719-skvadronen i Bodø flaug inn i ein fjellvegg 11. juli 1972.
Foto: Sørvoll / Nordlys / NTB
Slik det går fram av Trine Hamrans bok Grytøya-tragedien, som blei lansert denne veka, er dette ei historie om hemmeleghald, svik og departementalt juristeri nesten utan sidestykke. Då det synte seg at major Sverre Knutsen hadde hatt ein promille på 2,5–2,8, blei havarirapporten hemmelegstempla. Høgre offiserar som hadde kjent til majorens alkoholproblem, utan å stoppe han, vaska hendene sine og meinte at han berre hadde vore litt vel «selskapelig anlagt».
Den einaste som reagerte, var generaladvokaten i Forsvaret. Han slo fast at fem av dei åtte medlemane av havarikommisjonen, som hadde prøvd å bagatellisere alkoholbruken, var inhabile. Og at hovudårsaka til ulykka var «svær alkoholpåvirkning og tretthet».
Generaladvokaten, som har påtalemakt i saker som gjeld brot på militær straffelov, ville ha nytta disiplinærreaksjon mot fleire av offiserane som burde ha stoppa majoren. Men innan han fekk sjå havarirapporten, etter halvtanna år, var han forelda. Den svært kritiske kommentaren hans blei stempla «Fortrolig».
Etterspelet
Boka til Hamran skildrar ulykka og etterspelet og inneheld moment som peikar fram mot situasjonen i det norske forsvaret i dag.
– Historia er så sterk i seg sjølv at eg såg ingen grunn til å kolorere henne, seier Hamran, som er journalist og antropolog.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.