Litteratur
Når tre fell
Tre malmfuruer i den litterære skogen fall dette året. Høyr intervjua med Dag Solstad, Ingvar Ambjørnsen og Roy Jacobsen.
Det byrja fredag 14. mars.
Denne kvelden døydde Dag Solstad (1941–2025)
av hjartestans. NRK skreiv: «Noreg har mista ein av sine fremste forfattarar.»
Dag Solstad vart 83 år.
Laurdag 5. august var tida runnen for Ingvar Ambjørnsen (1956–2025). Kona hans Gabriele Haefs skreiv om dødsfallet på Facebook: «Kjære venner, Ingvar døde i kveld etter denne lange sykdommen.»
Ingvar Ambjørnsen vart 69 år
Og laurdag 18. oktober døydde Roy Jacobsen (1954–2025) på Rikshospitalet. «Han satte ord på det norske livet og landskapet med ærlighet, innsikt og et modig blikk», skreiv statsminister Jonas Gahr Støre. Dei to var vener.
Roy Jacobsen vart 70 år.
For ti år sidan intervjua eg dei alle i podkasten BokPod. Etter velvilje frå Cappelen Damm er desse tre intervjua no gjorde tilgjengelege for Dag og Tid-lesarane.
Samtalane følgjer same mal. Fyrste del handlar om kor dei skriv, kva tid dei skriv, om metode, research og arbeidsrutinar. Andre del er biografi: barndom, oppvekst, debut og sidan ein gjennomgang av forfattarskapen.