Leiar

Ein krig med mange taparar

Debris and damaged buildings in the aftermath of Israeli strikes, amid escalating hostilities between Israel and Hezbollah, as the U.S.-Israeli conflict with Iran continues, in Beirut's southern suburbs, Lebanon, March 25, 2026. REUTERS/Amr Abdallah Dalsh
Øydeleggingar sør i Beirut i Libanon etter åtak frå Israel, 25. mars.
Publisert

Som så mange alt har sagt: «President Donald Trump og USA tapar om han ikkje vinn krigen. Iran vinn om dei ikkje tapar.» Så langt ser det ut til at Trump og USA vert taparen, same kor mykje dei bombar og herjar i Iran. Så lenge Hormuzsundet ikkje er ope for fri ferdsel, har Trump og USA tapt.

I skuggen av Iran-krigen bombar no Israel stadig fleire mål i Libanon. Hizbollah svarar med rakettar. Over 1000 er drepne av israelske bomber, av dei fleire born. Mellom 800.000 og 1 million menneske er på flukt frå Sør-Libanon. Dette er sjølvsagt ein stor katastrofe i Libanon.

Mange fryktar no at Israel vil okkupera delar av Sør-Libanon. Frykta er ikkje utan grunn, sidan fleire sentrale israelske politikarar ope seier at Israel må ta over sørlege delar av landet.

Israels forsvarsminister har tala om ei tryggingssone opp til Litani-elva. Kanskje mest tydeleg er den ustoppelege finansministeren Bezalel Smotrich: «Visjonen min er at Litani-elva skal verta grensa mellom Libanon og Israel.»

Ukraina tapar òg på krigen i Iran. Særleg fordi det vert vanskelegare for Ukraina få tak i våpen og ammunisjon, ikkje minst luftvern. Landet får dessutan mindre politisk merksemd. Og, ikkje uventa, Russland har vorte endå meir aggressivt i krigføringa. Berre onsdag denne veka sende Russland 950 dronar innover landet og spreidde død og redsle blant sivilbefolkninga.

USA burde ha brukt all tid og alle krefter på å støtta Ukraina i krigen mot Russland. I staden har dei starta ein krig mot Iran som dei no ikkje har kontroll på lenger, og som kan få uante følgjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement