Podkast

«Er du klar over hvor lat Henrik Ibsen var?»

 

Publisert Sist oppdatert

Fyrste gong eg intervjua Dag Solstad, var for Dagbladet i 1996. Saman med Herbjørg Wassmo, Kjartan Fløgstad og Jan Kjærstad hadde han vorte kåra som «De fire store», ein PR-jippo av Bokklubben Nye Bøker. Morgonen etter festivitasen ringde eg, og han var då i ein fnisete og euforisk bakrus. Han hadde akkurat levert frå seg manuset til Professor Andersens natt, og takka ja til å la seg portrettintervjue.

Finn Graff skulle teikne, og avtala var at vi skulle møtest heime hos Dag Solstad i leilegheita hans i Drammensveien 68, nede på Skillebekk. Av ein eller annan grunn hadde eg forveksla Drammensveien med Bygdøy Allé, slik at eg kom pesande til avtala tjue minutt for seint. Der sat Finn Graff og Dag Solstad tause i kvar sin stol, og slik hadde dei sete lenge. To sjenerte menn ute av stand til å småsnakke med kvarandre. Det var ein dårleg start, og betre vart det ikkje:

«– Jeg er alltid nervøs foran slike intervjuer. Og spesielt nervøs er jeg når jeg er edru, begynte Dag Solstad.

– Og nå er du?

— Edru. Og akkurat nå er det sånn at jeg ikke har lyst til å bli intervjuet. Jeg har rett og slett ikke lyst.

– Men for to dager siden sa du at ville bli intervjuet!

– Ja. Ja! Men jeg var i tvil. Og nå føler jeg en veldig motstand. Etter å ha levert en bok føler jeg meg... øh..., sa han, stanset, lette etter ordene. 

– Tom?  

– Tom, ja. Akkurat nå føler jeg meg sånn, ja, sånn vanskelig for å uttrykke meg. Jeg føler meg... øh.... 

– Språkløs? 

– Ja, nettopp, språkløs. Jeg har ikke noe jeg vil ha sagt.» 

Det var eit dårleg utgangspunkt, intervjuet gjekk trått, og det hjelpte ikkje at eg ville inn på slike ting som han ikkje ville snakke om, mellom anna oppveksten i Sandefjord. Det vart mange spørsmål, korte svar, men vi kom no gjennom, og på trykk vart han no solstadsk fornøyeleg.

I åra etter trefte eg Dag Solstad i ulike samanhengar, og då eg skulle intervjue han igjen for BokPod i mars 2015, var han langt meir medgjerleg. Igjen var vi i leilegheita hans i Drammensveien, men denne gong sette vi oss rundt spisebordet. Ein bør vere rett i ryggen når ein skal intervjuast. 

Denne gongen var han i eit humrande humør, han var underfundig og snål, snøvlete og morosam, skarp og velformulert. Han snakka då gjerne om Sandefjord, og om kor lat Henrik Ibsen eigentleg var.

Høyr intervjuet med Dag Solstad her:

Neste veke: Ingvar Ambjørnsen