Podkast
«Kven trur du at du er?»
Intervjuet med Ingvar Ambjørnsen byrja så dårleg som eit intervju kan byrje. Eg hadde tatt toget frå København til Hamburg, rett nok buss for tog, der Ambjørnsen hadde budd sidan 1980-talet. Det var ikkje fyrste gong eg intervjua han der nede. For Dagbladet hadde Finn Graff og eg floge til Hamburg nokre år tidlegare. Den gong budde han i ei mørk leilegheit i St. Pauli.
No hadde han flytta til ei moderne glasblokk med utsyn over Hamburg. Han var eit B-menneske, Ingvar Ambjørnsen, som arbeidde utover natta og sov til langt på dag. Avtalen var at eg skulle ringe på klokka to, men eg var tidleg ute og gjekk rastlaus utanfor blokka i ein time. Då klokka var eitt, ringde eg på dørklokka.
Det tok tid før han opna, men så var ei gruggen røyst der.
«Ja?»
Eg presenterte meg, han buzza meg inn, og eg tok heisen opp. Mikrofonen heldt eg klar, og øyreklokkene var på. Han opna døra, og var bleik. Eg tura inn, stilte spørsmål, lydopptakaren gjekk, og vi kom inn på kjøkenet. Gjennom øyreklokkene høyrde eg at kjøleskapet dura. Det var ikkje bra for lydkvaliteten. Eg slo av opptakaren, sa: «Kjøleskapet ditt durar.»
Det var då han eksploderte.
«Kven faen trur du at du er? Her inviterer eg deg heim til meg, du kjem ein time for tidleg, du brasar inn i leilegheita mi, og det fyrste du seier, er at kjøleskapet mitt durar!»
«Orsak», sa seg.
Så vart det ikkje sagt noko. Mens han romsterte ved kjøkenbenken, rigga eg til mikrofonar. Eg veit korleis folk som er morgongretne har det, og no gjaldt det å halde stilt.
Han kokte tevatn, steikte eit egg og bar alt til bordet. Han åt og sa brått med mild røyst: «Korleis var togturen?»
Derifrå gjekk alt på skjener.
I 2023 vart Ingvar Ambjørnsen tildelt den høgthengande Aschehoug-prisen. Utdelinga fann stad på hagefesten i Drammensveien, men hovudpersonen var ikkje til stades. Han var for sjuk. Ein tale frå han vart lesen opp. Talen byrja med å takke for prisen, ei stor ære.
«Så er det naturligvis trist at helsa mi ikke lenger tillater reiser av noe slag, bortsett fra slike turer som finner sted i hjernevinningenes tussmørke. Jeg skulle svært gjerne ha vært sammen med dere i dag. Når det er sagt, har jeg faktisk blitt ganske dreven i indre reisevirksomhet etter å ha livnært meg som forfatter og fri fantast i over fire tiår, så regn meg som tilstedeværende.»
Og så kom det: «For noen år siden laget Cappelen Damm en podkastserie der Hallgeir Opedal intervjuet et stort antall norske forfattere. Det ble en god dokumentasjon av en hel generasjon forfatteres litterære hensikter og prestasjoner. Jeg bet meg merke i en ting. Svært mange av oss tok den i grunnen nokså ytterliggående avgjørelsen om å bli forfatter veldig tidlig i livet. Jeg tror Dag Solstad var klar for fight allerede som tolvåring. Selv var jeg fjorten.»
Ikkje eit ord om den dårlege starten i Hamburg.
Alt var historie.
Høyr intervjuet med Ingvar Ambjørnsen her:
Neste veke: Roy Jacobsen