JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Frå Nobel-­forlaget

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2272
20231013
2272
20231013

Eit skriftspråk treng ei ordbok, ein litteratur og ei litteraturhistorie. Slik svara Jon Fosse meg då eg spurde han til råds nokre år før Samlaget sitt 150-årsjubileum i 2018. Fosse hadde då lenge vore pådrivar for å få Samlaget til å lage den nynorske litteraturhistoria. Boka, som er skriven av Jan Inge Sørbø, kom til jubileet. Mykje takka vere Fosse.

Om ein ikkje er kulturelt nynorsk, er det ikkje sjølvsagt korfor den nynorske litteraturen treng si eiga litteraturhistorie. Men for ein skriftkultur som har dokumentert seg sjølv heilt frå Ivar Aasen starta sitt innsamlings- og systematiseringsarbeid, og opp til den nynorske litteraturhistoria, ligg dokumentasjonsbehovet djupt i kulturen. Om me ikkje dokumenterer oss sjølv, gjer ingen det. Og utan dokumentasjon finst me ikkje. Det er slik motstraumskulturar har tenkt. Slik dei held seg i live, også vår. Til me blir store og sterke nok til å bli dokumenterte av hegemoniet.

I 1868 blei det ifølge Samlags-historia sagt frå den danskskrivande delen av borgarskapet at dette bondske språket aldri kan styre landet, finne opp nye ting eller drive forretning. Når Jon Fosse vinn den fremste litteraturprisen verda byd på, er nynorsken blitt stor. Då er litteratur skriven på nynorsk blitt verdslitteratur. Det betyr uendeleg mykje for nynorskskrivande og -brukande. Kanskje såg sjølv ikkje Ivar Aasen for seg akkurat dette.

Det er eit privilegium å jobbe i Samlaget samtidig som Jon Fosse når høgdepunktet i karrieren. Samlaget vart trass alt skipa i 1868. Jon Fosse debuterte i 1983. Fleire generasjonar samlagstilsette har bidrege på ferda. Det betyr også at vegen fram til prisen har vore lang. Lengda illustrerer godt arbeidet med litteratur. Dei lange tankane treng tid og tolmod og gode arbeidsvilkår.

Jon Fosse har sjølv sagt at Kulturrådets innkjøpsordning har vore avgjerande for hans utvikling. På mange måtar er prisen derfor også eit vink til det norske litterære systemet og heile det norske litterære etablissementet. Sjølv om Mats Malm neppe hadde det i tankane då han opna den vidgjetne døra på til Svenska Akademien og sa at årets Nobelpris i litteratur går til den norske forfattaren Jon Fosse.

Edmund Austigard

Edmund Austigard er forfattar og forlagsredaktør i Samlaget.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis