Musikkommentar
Klodens mest ordinære artist lagar ikkje uordinær konsertfilm
Ed Sheeran er ein av verdas største artistar. På stream, i konsertar, men kanskje ikkje i merksemd. Du ville knapt kjent han att om du gjekk forbi han på gata. Raudt, rotete hår, tatoveringar under ei vanleg T-skjorte, romslege bukser og gode joggesko med neonlysande lisser. Ein heilt ordinær fyr.
No har han laga ein langt frå særleg ordinær konsertfilm. Eller kva ein no skal kalle den nye Netflix-filmen One Shot with Ed Sheeran. Det er ei film- og musikkoppleving der den verdskjende superstjerna reiser gjennom nokre kvartal i New York og framfører nokre av dei største hitane sine i eitt einaste, uavbrote opptak. Ei langtaking, regissert av Philip Barantini, regissøren bak Adolescence, dramaserien frå tidlegare i år som nyttar det same grepet.
Skilnaden er sjølvsagt at Adolescence er drama, medan One Shot er ein dokumentar.
I alle fall ein slags dokumentar. Å gjere ein time samanhengande opptak på manusbasert film med skodespelarar er vanskeleg nok. Å gjere det i New York, ein by der kaos og det uføreseielege er eit heidersteikn, er ein prestasjon. Difor er det òg ein film ein kan sjå, sjølv om ein synest Sheeran lagar musikk som går i eitt med både seg sjølv og tapetet.
Me får ei reise frå lydprøvar i konsertsalen Hammerstein Ballroom, via ein taxitur, eit frieri, ein turistbuss, ein bursdagskonsert, ein pubkonsert, ein biltur med Camila Cabello bak rattet, eit par stopp på undergrunnen og tilbake til full konsert i Hammerstein. Det interessante er korleis Sheeran heile tida framstår som roleg, kontrollert og ekstremt hyggjeleg. «Vil du høyre ein song?» spør han venleg, og spelar songane strippa ned til seg sjølv og gitaren. Enkelte stadar får me òg sjå korleis han nyttar pedalar for å spele inn loopar til å akkompagnere seg sjølv. Teknikken ser enkel ut, fordi Sheeran kan det.
På same vis som at filmen kan sjå enkel ut, nærast magisk til tider, i skifta mellom høgt og lågt, fordi Barantini kan det. Kamera går frå å vere handhalde til å fly høgt i ei kran, og ein gong til og med i ein drone. Det er teknisk imponerande, nærast utruleg.
Sjølvsagt er det ikkje noko som er tilfeldig i historia, alt er planlagt i detalj, frå taxien som stoppar, til Camila Cabello som tilfeldigvis står på rett stad til rett tid, nett då Sheeran treng litt ekstra fart på turen sin. Det er sjølvsagt heller ikkje tilfeldig at eit band som står nede i undergrunnen i New York, plutseleg tar med seg Ed Sheeran på ein av hans eigne songar.
Men frieriet i starten er visstnok heilt ekte, og det kjennest ekte. «Eg skal overraske Tia og Steven», fortel Sheeran. «Steven skal fri, og eg skal syngje 'Perfect', og så skal dei overraske familiane sine. Dei tok kontakt gjennom dei vanlege kanalane.» «Eg ringde ein ven for den største augeblinken i livet mitt», seier Steven, mannen som skal fri, når Sheeran kjem rundt hjørnet. Og – plottavsløring – Tia seier ja. Det er direkte rørande.
Folk på gata stoppar opp og filmar. Lyset er gult og varmt. Sheeran spelar songar medan han traskar gjennom gatene. Han har ein varm og jovial tone med alle han møter, og er til og med god når han må forlengje eit opptak på ein turistbuss, fordi ein ikkje kan planleggje for trafikken i New York.
Den naturlege tonen kjem av at han spelte mykje på pubar i London i tenåra. Det har gitt han ei naturleg, nærast overnaturleg evne til å snakke med og vere tett på folk han aldri har møtt før.
Og det er her fleire kan lære noko av Sheeran. Alle kan ikkje engasjere eit stort filmcrew og få ein time med film til å sjå ut som ein er heilt åleine. Men fleire kan prøve å vise kor vanleg ein eigentleg er. 12 milliardar delte TikTok-videoar frå ein eller annan konsert får ikkje fram det som Sheeran og Barantini gjer i One Shot. Taylor Swift gjorde noko av det same med dei visenære albuma Folklore og Evermore i 2020. Men ser ein på dokumentaren frå innspelinga eller opptaket av «Eras Tour» på Disney+, ser ein ho framleis berre på avstand, i eit kontrollert og strengt regissert opplegg.
Samstundes er det nettopp dette fleire artistar burde freiste å få til i dag, både å vere superstjerne, men også ei stjerne som ikkje skin kraftigare enn at ein kan gå gatelangs i ein av verdas største byar, stille opp på selfiar og knokehelse på dei som sit i trappene langs vegen.
Eg er heilt klart ein av dei som høyrer for mykje på musikk, og som aldri heilt har skjønt kvifor Ed Sheeran lagar så like songar. Eller kvifor folk omfamnar alle desse like songane. Svaret er fordi han er så lett å like. Han er ein heilt vanleg fyr.
Neste sommar skal han ta med norske Sigrid på stadionturné i USA når fotball-VM er over. Musikken deira er ulik, men dei deler noko anna: eit omdøme som kviler på å vere vanleg. Dongeribukse, gode sko, lite støy. To stjerner som vinn publikum ved å vere akkurat slik dei fleste er.
Slik blir den mest ordinære artisten òg den som viser kor ekstraordinært det vanlege eigentleg kan vere.