Musikk
Og aldri skal vi skiljast
Ei vond og vittig skildring av korleis kjendislivet og vår tids trong til sjølvutlevering kolliderer.
Popstjerna Lily Allen har hatt mykje rot i privatlivet dei siste åra. Rotet på kjøkenet er meir symbolsk.
Pressefoto
Appen Raya er Tinder for folk som meiner dei høyrer til kreative og profilerte miljø. I praksis ein slags hemmeleg sjekkelosje for kjendisar.
Slik møttest den britiske popstjerna Lily Allen og skodespelaren David Harbour. Ho slo gjennom for tjue år sidan, som ein av dei første frå Myspace, med frekke, smarte og vittige tekster og iøyrefallande melodiar. Han er kjend for å ha spelt den joviale sheriffen Jim Hopper i Netflix-serien Stranger Things dei siste ti åra.
Bryllaupet stod i 2020, og dei skilde lag rett før jula 2024. Slik folk gjer.
No, nesten eit år seinare, kjem ho plutseleg med det fyrste albumet sitt på sju år. Eit skilsmissealbum. Og for eit album. Dei fjorten songane utgjer ei samanhengande forteljing, der ein i første låt får møte eit lukkeleg par som nett har flytta til New York. Så får ho jobb i London og flyttar. I slutten av låten kjem ein telefonsamtale der me berre høyrer røysta til Allen, som nølande aksepterer ein slags avtale. Ein avtale ho seier ho vert skikkelig lei seg for, men ho vil berre at personen i den andre enden skal vere lukkeleg.
Høyrespel og revansje
Derifrå og ut er dette ein leksjon i menneskelege relasjonar og moral, på eit album som er fjorten poplåtar, men like mykje eit høyrespel og iskald revansje på same tid. No skal me som ikkje er på Raya, få høyre alt. Det dukkar opp tekstmeldingar, signal om at noko ikkje er rett. Allen møter ei kvinne som har hatt eit forhold til Harbour. «Madeline» fortel at ho trudde Allen og Harbour hadde eit ope forhold.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.