Kulturkommentar
Mysteriet Zimmermann
Historia om Jarle Zimmermann er historia om ein artist som forsvann, og om ei plate som aldri gav heilt slepp. No løftar ein ny dokumentar han fram frå gløymsla.
I NRK-musikkprogrammet Zikk-Zakk ein junidag i 1982 intervjuar programleiar Ivar Dyrhaug ein smilande bergensar med raud skinnjakke og tannpirkar. Bergensaren er Jarle Fjellanger Zimmermann (med to n-ar). Han har med seg bandet Zimmerman (med ein n).
Dyrhaug presiserer at mannen heiter Jarle med skarre-R: «Det er faktisk det ekte namnet hans, det er ikkje ei Bob Dylan-etterlikning, dette», seier Dyrhaug, og tenkjer på Robert Zimmerman – døypenamnet til Dylan.
Så gjev Zimmerman, altså bandet, ei forrykande oppvising av det ein må kunne kalle ein slags punk, spelt på synth. «Russerne kommer», roper han manisk.
«Russarane kjem, og la oss no inderleg håpe at dei ikkje gjer det. Jarle Zimmermann skal gjerne få kome igjen seinare ein gong», seier Dyrhaug etterpå.
Det vart med den gongen.
Eg har sett opptaket mange gonger. Zimmermann er ein av artistane me som flytta til Bergen for å studere, gjerne fekk høyre om, men ikkje fekk høyre så mykje av. Musikken var vanskeleg, for ikkje å seie umogleg å finne, sjølv om alle kunne refrenget på «Russerne kommer».
Difor har eg alltid vore nysgjerrig på kven akkurat denne artisten er.
Tidlegare denne månaden hadde ein kortdokumentar (Kem é Zimmermann?) om denne no relativt ukjende artisten førpremiere på bransjefestivalen Vill Vill Vest i Bergen. Filmen freistar å svare på kven Zimmermann er, og kvar han er no. Han viser korleis musikarar og kreative menneske i Bergen i fleire generasjonar, folk som er fødde lenge etter at plata kom ut, har funne inspirasjon i Zimmerman. Til dømes har Razika-albumet Ut til de andre namnet sitt frå Zimmerman-låten «Ut til de andre».
Jarle Zimmermann starta musikkarrieren i countryrockbandet Flying Norwegians, eit band med Crosby, Stills & Nash-harmoniar og engelske tekstar. På sistealbumet Du står i veien! gjekk dei over til alternativ pop med norske tekstar. Eit fascinerande album, vanskeleg å få tak i og tak på, og på mange måtar å rekne som det fyrste soloalbumet til Jarle Zimmermann.
Det faktiske fyrste soloalbumet, LP4 (oppkalla etter prissystemet musikk hadde på den tida), vart aldri nokon stor suksess. Ifølgje ein notis i avisa Strandabuen i 1983 selde plata rundt 6000 eksemplar.
Ifølgje dokumentaren meinte ein meldar i Oslo at musikken var «unorsk», og det var ikkje meint som ein kompliment.
Dette var ei tid då det ikkje var så lett å vere artist frå Bergen. I alle fall ikkje om ein valde bergensk som språk. Ein måtte helst ha postadresse på Austlandet for å få positiv merksemd i musikkpressa. Trønderske DumDum Boys slo fyrst gjennom då dei skifta til austlandsk.
Zimmermann vart ein av artistane som er mest kjend innanfor kommunegrensa til Bergen, eller kanskje berre innanfor dei gule bussane, som ein kalla sentrumsbussane i det gamle kollektivregimet i byen. Men han er òg eit mysterium der.
Den nye dokumentaren grip tak i noko djupare enn berre kvar Zimmermann vart av, og kva arven etter han er.
Forteljar og hovudperson i filmen er skodespelar Dagny Backer Johnsen. Ho lurer på korleis ein veit om ein har «klart det» som kunstnar. Og kvifor Jarle Zimmermann fann ut at artistlivet ikkje var ein farbar yrkesveg.
Svaret finst i NRK-intervjuet. Zimmermann seier at han ikkje kan leve av musikken, at han lever av «min mor og min far». I 1982 er Jarle Zimmermann allereie 32 år. Han måtte «ut til de andre». Han måtte ha ein «vanleg» jobb.
43 år etter at han gjekk ut av NRK-studioet, kjennest framleis ikkje musikken hans «vanleg». Tungrockbandet Black Debbath gav ut ei tolking av «Russerne kommer», men russisk invasjon høyrest langt frå like skummelt ut på austlandsk. Prosjektet Norske Albumklassikere har fått ut albumet på CD og bidratt til at ein nyleg kunne gjere det tilgjengeleg på strøymetenester. Zimmermann gav òg ut albumet Frækk i oktober i år under det fulle namnet Jarle Zimmermann (ein annan artist har tatt namnet Zimmermann). Albumet, trass i coveret, inneheld fleire gode låtar som ikkje står tilbake for LP4.
For min eigen del har det verka umogleg å få tak i albumet fysisk. Ikkje minst den endå meir mytiske kassetten, «MC4». For ei stund sidan fekk eg eit tips og eit mobilnummer. Kort tid etter fekk eg ein polstra konvolutt i posten, med to kassettar og eit maskinskrive brev:
Hei Tor Martin.
Her har du to MCer. Disse er uspiltе men de har lagt 40 år i en kartong så jeg vet ikke hvordan tilstanden er. Jeg har ikke kassettspiller for tiden så jeg har ikke kunnet teste dem. Du får teste dem selv og se.
Lykke til
Zimmermann