JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

2048
20181019
2048
20181019

Gløymde å fortelje om steinaldermåleri

I 2009 oppdaga Tore Thallaug fleire tusen år gamle hellemåleri på ein bergvegg i Oppland. Han var på kanotur på Espedalsvatnet og fekk auge på raude strekar på ein bergvegg. Thallaug tok bilete av hellemåleria.

– Det gjekk i gløymeboka etterpå, seier Thallaug til NRK.

Ni år seinare sende han bileta til arkeologane i Oppland fylkeskommune og fekk stadfesta at dei raude strekane var ekte hellemåleri. Dei er måla i oker og førestiller eit menneske, fem elgar og ein bjørn. Truleg er dei mellom 4000 og 6000 år gamle.

– Dette er unikt, seier forskar Jan Magne Gjerde ved Universitetet i Tromsø.

Fleire kvinnelege filmskaparar

I 2017 var berre 3 av 28 norske spelefilmar regisserte av kvinner, melder Norsk filminstitutt (NFI) i ein rapport.

Regissør Ingvild Søderlind seier til Aftenposten at kvinnelege regissørar ofte vert møtte med mistillit og fordommar når dei skal lage spelefilm og treng større budsjett. Ingvild Søderlind, Yenni Lee, Elisabeth Kvithyll og Maria Barbosa Blad er fire av tolv filmskaparar som får finansiell støtte og tett oppfølging dei neste tre åra. NFI har nemleg sett saman eit utviklingsprogram for kvinner i lag med Talent Norge. Målet er at minst ni av desse tolv skal ha produsert film eller TV i lengre format på dei tre åra.

På kortlista til National Book Award

Hanne Ørstavik er ein av fem finalistar som kan vinne den prestisjetunge prisen National Book Award for Translated Literature i USA. Ho er nominert for romanen Kjærlighet, som kom ut i 1998 i Noreg, men vart omsett og gjeven ut i USA i år. The New York Times omtala boka som «trollbindande», og Süddeutsche Zeitung meinte boka er «eit minimalistisk vedunder av eit prosaverk».

National Book Foundation gjev ut fem høgthengande litteraturprisar kvart år. Samla vert desse prisane kalla National Book Award. Dei fire andre nominerte er Négar Djavadi (Disoriental), Domenico Starnone (Trick), Yoko Tawada (The Emissary) og Olga Tokarczuk (Flights). Vinnaren vert offentleggjord 14. november.

mone@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis