Musikkommentar
Ei førtiårskrise ein både kan ta og kjenne på
På årsdagen til «Take On Me» er den reelle førtiårskrisa for norsk musikk at me aldri kjem til å oppleve noko slikt igjen.
Torsdag 10. oktober 1985 kunne Dagsrevyen mellom anna fortelje at prisane steig med 1 prosent i september, at Oslo Jern og Metall hadde protestert mot at folk utan industrierfaring fekk så mange posisjonar i Arbeidarpartiet, og at låten «Take On Me» hadde fått det programleiaren kalla ei oppsiktsvekkjande god plassering i USA.
Den oppsiktsvekkjande gode plasseringa var førsteplass på Billboard Hot 100. Sjølv om listedatoen offisielt er 19. oktober, var livet allereie endra for a-ha. Og for idéen om kva norsk musikk kunne vere.
Nils Gunnar Lie i Dagsrevyen kunne fortelje at «Take On Me» var nummer 14 i England, 20 i Vest-Tyskland, 7 i Kanada, 6 i Japan og 48 i Sverige.
Nøyaktig eitt år før dette, 20. oktober 1984, hadde programleiar Rita Westvik i det direktesende «Lørdagssirkus» med seg det ho introduserte som «tre gutar – for det er gutar de er, ikkje sant?» spør ho. «Så vidt me veit» parerer Magne Furuholmen. «Ja, for eg meinte – de er jo ikkje menn», harselerer Westvik, og fortel at dette er popgruppa a-ha, som vanlegvis held til i England, og at det er eit budsjett på 20 millionar for å lansere dei. «Det høyrest veldig mykje ut», seier Morten Harket. «Det høyrest bra ut», seier Magne Furuholmen.
Så spelar dei «Take On Me» i synthpop-pioneren Tony Mansfields produksjon. Den første versjonen, som me har «fortrengt». Pål Waaktaar-Gamst, som han heiter då, viftar med ein gitar (det er ikkje ein snev av gitarlyd på låten). Magne Furuholmen denger hardt på synthen. Kamera elskar allereie Morten Harket, og Morten Harket syng allereie perfekte, høge tonar.
Likevel er dette eit stykke frå det som hamna på toppen av Billboard eitt år seinare.
Låten klatra likevel inn på den norske singellista i veke 44, tre veker seinare, før han vart remiksa av Alan Tarney og gitt ut på nytt den 16. september 1985.
Det er nok difor reporteren i Dagsrevyen spør popeksperten Marius Müller det verkeleg kritiske spørsmålet: «Det er jo fleire slike topplister, er a-ha på topp på den viktigaste lista?» Müller kan bekrefte at dette er det han kallar sjeflista. Reporteren lurer vidare på om bandet kan vere gløymt om nokre veker. Müller tenkjer seg ikkje mykje om: «Det trur eg ikkje, etterdønningane er ganske store. Om dei får fleire slagerar eller ikkje, det vil jo berre tida vise.»
Og her er me inne på det verkeleg imponerande med «Take On Me».
Ja, folk med norsk pass har vore inne på topplistene i USA fleire gonger etter dette. Stargate har skrive og produsert ti førsteplassar, mellom anna seks for Rihanna, i tillegg til 20 andre som ikkje klatra heilt til topps, til dømes den eksistensielle revelydlåten til Ylvis.
Ingen norsk artist har klart å toppe i USA, den største musikkmarknaden i verda, sidan 19. oktober 1985. Sjølv ikkje Nico & Vinz, som var like i nærleiken då dei stoppa som nummer fire i 2014.
Ingen av desse har hatt dei same etterdønningane. Låten «Take On Me» er framleis eit fenomen, førti år etter at han kara seg til toppen. Og han er framleis i aktiv bruk over heile verda. I år har han hatt ei sentral rolle i den siste episoden i Netflix-serien Adolescence og i HBO-serien The Last of Us. Tidlegare har han vore med i spelet The Last of Us og i Marvel-filmen Deadpool 2. Og ein heil episode av The Leftovers nyttar ulike variantar av han.
Låten kunne ikkje feile.
For å nemne noko.
I økonomien har ein omgrepet «too big too fail», for stor til å gå konkurs, om store selskap som er så sentrale i økonomien at ein ikkje tør å la dei gå over ende. Det kan vere at «Take On Me» møtte same risikovurderinga. Både personleg og økonomisk. Låten kunne ikkje feile.
Allereie då Magne Furuholmen var femten, jobba han med det som er synthpopriffet i «Take On Me» saman med Pål Waaktaar. Begge syntest det var skikkeleg teit, og kalla låten opp etter den tyggegummipopen dei meinte det var, med namnet «Jucy Fruit Song». Først då Morten Harket kom inn i bandet og høyrde dei spele han, torde nokon å seie det opplagde høgt: «Dette er jo ein hit».
At trioen våga å satse alt, flytta til London for å jakte popstjernedraumen og til slutt fann dei rette folka i plateselskapet som verkeleg ville få «Take On Me» til topps, er ei historie om både flaks og målretta arbeid. Dei gav seg ikkje før låten sat, og laga nye remiksar heilt til han trefte slik dei ville.
For å bryte gjennom nytta dei Steve Barron, den irske regissøren bak videoane til Michael Jackson-låten «Beat it», Dire Straits' «Money for Nothing» og Totos «Africa». Han vart ein nøkkelperson. Deretter kom meir tradisjonelle salstaktikkar, og i oktober 1985 låg «Take On Me» øvst i USA.
Norske artistar har ein mykje høgare grad av profesjonalitet no enn då, og musikkverda er ein mykje mindre stad enn då.
Bransjen og verda har òg endra seg så mykje at kven som toppar Billboard, ikkje er like viktig. Låtar er viktigare enn nokosinne, men singlar har ikkje same krafta. Denne veka er til dømes alle dei tolv låtane frå Taylor Swifts nye album på plass 1–12 på Billboardlista. Øvst: «The Fate of Ophelia», der teksten er ei omskriving av Hamlet, slik at Ophelia ikkje mistar forstanden og døyr. Låten handlar om å endre historia, heller enn å vere offer for ho.
Den same viljen og drivkrafta gav ei oppsiktsvekkjande god plassering til a-ha og folka rundt dei i 1985.
Og den vil me nok aldri sjå igjen.