Musikk
Berre fortsett slik
Endeleg eit ungt menneske som skjønar korleis ein kan gjere gamal rock ny.
Ea Othilde gjer sitt beste for å gå i eitt med murveggen, men mislykkast ganske grovt.
Foto: Victor Bastos
Her er noko å imponere med for dei som går tom for ting å snakke om i selskapslivet eller samlivet: «This Mess We’re In» er den einaste låten PJ Harvey har med ein duettpartnar på. Før nokon entusiastar arresterer meg: Ja, Dorset-artisten har hjelp av fleire på andre songar, til dømes på «Let England Shake».
Og ja, ho syng saman med Nick Cave på «Henry Lee» på Cave-albumet Murder Ballads, men samarbeidet med Thom Yorke midtvegs på Stories from the City, Stories from the Sea er einaste staden ho har gitt ein annan vokalist såkalla samkreditering. Ein låt som kom ut fire år før Ea Othilde vart fødd. Likevel er kjensla av nett denne låten det eg fyrst tenkjer på når eg høyrer opnings- og tittellåta på debutalbumet I Will Not Be Like That.
Før nokon arresterer meg nok ein gong: Ja, det er ei så openberr kopling at Ea Othilde sjølv trekkjer det fram i intervju og presseskriv. Faktisk er både PJ Harvey og Thom Yorke på lista over favorittane hennar.
Ei gamal sjel
Ea Othilde Heimdal Baklund frå Bekkelaget i Oslo er ei av desse gamle sjelene som nærast naturleg skjønar kva lett bråkete gitar kan gjere. Eller det er i alle fall det 20-åringen gjer no. Ho er ung, men har likevel fleire EP-ar bak seg, inkludert ein frå 2023 som vart nominert til Spellemann. Den hadde merkbart meir preg av fløyel enn det ein har søkt mot her.
Alt for tre år sidan valde NRK P3 ho som «Månedens Urørt», ei utmerking som blir gitt til ein spennande, lovande og uetablert artist i Noreg. Dei som jobba med ho i studio då, har jobba med ho sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.