Foto: Cato Lein
Svala har ingen kropp
Den stuper i vår erindring
Der er svaler i treet. Der er svaler i skogen
Der er svaler i den gamle låven
Der er svaler i lyset som plutseleg blinkar
i det gamle kyrkjeglaset, mange svale-
hundreår der inne. Svaler. Berre svaler
Og døden reiser sine kyrkjegardar
over alt. Kvite svalekryss i lufta over alt.
Eldrid Lunden

I unge år, då eg sverma for klassisk poesi, var ikkje Eldrid Lunden den diktaren som låg øvst på bokstabelen. Eg har notisbøker frå byrjinga av 2000-talet, og no nyleg gjekk eg igjennom dei. Men eg overraska meg sjølv, for eg fann faktisk dette diktet lima inn på ei side med desse orda under: «eit av dei finaste dikta på nynorsk».
Dette diktet er fyrste teksten i serien «Svaletrekket» i Til stades (tekstar om erindring og gløymsle) frå 2000. Lunden er nok mest kjend for andre ting enn dikt om svaler, men ho kan sine ting her òg. Svaler er fascinerande fuglar og mykje bruka i poesien.
Svala er ein stor akrobat i lufta. Ho kan gjera lange glideflukter, trass i at ho er så lita, og gjera bråe manøvrar. Dei som har sett ein flokk svaler på kryss og tvers i lufta, gløymer aldri det synet. Då er vi òg inne på diktet: «Kvite svalekryss i lufta over alt.» Det er som om fuglen «har ingen kropp» med tanke på dei nærast umogelege krumspringa hennar.
Lunden nemner stader der det finst svaler, som i «gamle låver». Kanskje meiner ho låvesvaler? Men eg tenkte på «Fuglene bygger» av Gunnar Reiss-Andersen, der han skriv at floga til måsar og terner er som arkitekturen i kyrkjebygg, som bogar og søyler. Det er mogeleg same synet ligg til grunn for «Berre svaler/ Og døden reiser sine kyrkjegardar over alt.» Svala har òg kvit underside – kvit både som kyrkjekross og som kyrkjer. Orddelinga i «svale-/ hundreår» kan vera ein grafisk illustrasjon av kasta til svalene. Ordet i verslina blir brote midt i, som den uføresette rørsla til svala.
Svaleflog er som kryss, men eit kryss er òg ein kross. Her ligg òg ein likskap som fører oss til undertittelen. Svala byggjer ikkje berre i lufta, «ho stuper i vår erindring». Svalene kan vera glimt som uventa dukkar opp frå historia, frå det som er daudt – og kroppslaust. Det høver med resten av innhaldet i denne diktsamlinga – og med eigenskapane til diktet generelt: Det fangar ljosglimt frå undermedvitet vårt.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.