JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Brev frå ein sjalu Proust er mellom skattane som kjem for sal på ein auksjon i Paris.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Gustave Flaubert (1821-1880).

Forfattar Gustave Flaubert (1821-1880).

Målarstykke av Eugène Giraud

Forfattar Gustave Flaubert (1821-1880).

Forfattar Gustave Flaubert (1821-1880).

Målarstykke av Eugène Giraud

1516
20170421
1516
20170421

Litteratur

ronny@dagogtid.no

Ein av dei mest oppsiktsvekkjande auksjonane når det gjeld store namn i litteratursoga, går av stabelen i Paris 26. april. Pierre Bergé & Associés, i samarbeid med Sotheby’s, står for salet av rundt 100 eldre manuskript. Mellom dyrgripane finn vi brev og dagboksutkast som røper detaljar om Frankrikes mest kjende forfattarar.

Eitt brev er frå romanforfattaren Gustave Flaubert; det inneheld eit forsvarsskrift han skreiv for romanen sin, Madame Bovary, retta mot kritikarar som meiner boka var obskøn. Han skriv mellom anna: «Eg skriv ikkje for unge jenter, men for menn, for litteraturen.» Forsvarsskriftet kom aldri på trykk. Eit anna brev er frå Marcel Proust, skrive til sonen til husverten han bur hjå. Proust klagar over støyen frå eit elskande par i siderommet – støyen gjer han sjalu, heiter det i brevet. Objektet som ein ventar størst sum for, er fyrsteutgåva av den italienske astronomen Galileo Galileis Discorsi frå 1638. Prisvurderinga er 700.000 euro – om lag sju millionar kroner.

Samlinga er venta å bringe inn kring tre milliardar kroner. På spørsmål om kva seljaren, Jean Bonna, ein av dei mest kjende samlarane av fransk litteratur, vil bruke pengane på, svarar han at han har augo retta mot fleire manuskript: Øvst på lista er ei sjeldan fyrsteutgåve av Louise Labés dikt frå 1555, som han vonar skal dukke opp på ein auksjon ein vakker dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis