JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Oppgjeret som aldri kom

11. juli for 50 år sidan havarerte ein militær Twin Otter i fjellet Litjetussen på Grytøya, og 17 menneske omkom. Piloten, ein major og skvadronsjef, hadde høg promille. Enno har ikkje dei etterlatne fått oppreising og ei reell orsaking frå Forsvaret eller staten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
17 menneske omkom då ein militær Twin Otter frå 719-skvadronen i Bodø flaug inn i ein fjellvegg 11. juli 1972.

Foto: Sørvoll / Nordlys / NTB

8206
20220715
8206
20220715

Historie

jan.h.landro@gmail.com

Slik det går fram av Trine Hamrans bok Grytøya-tragedien, som blei lansert denne veka, er dette ei historie om hemmeleghald, svik og departementalt juristeri nesten utan sidestykke. Då det synte seg at major Sverre Knutsen hadde hatt ein promille på 2,5–2,8, blei havarirapporten hemmelegstempla. Høgre offiserar som hadde kjent til majorens alkoholproblem, utan å stoppe han, vaska hendene sine og meinte at han berre hadde vore litt vel «selskapelig anlagt».

Den einaste som reagerte, var generaladvokaten i Forsvaret. Han slo fast at fem av dei åtte medlemane av havarikommisjonen, som hadde prøvd å bagatellisere alkoholbruken, var inhabile. Og at hovudårsaka til ulykka var «svær alkoholpåvirkning og tretthet».

Generaladvokaten, som har påtalemakt i saker som gjeld brot på militær straffelov, ville ha nytta disiplinærreaksjon mot fleire av offiserane som burde ha stoppa majoren. Men innan han fekk sjå havarirapporten, etter halvtanna år, var han forelda. Den svært kritiske kommentaren hans blei stempla «Fortrolig».

Etterspelet

Boka til Hamran skildrar ulykka og etterspelet og inneheld moment som peikar fram mot situasjonen i det norske forsvaret i dag.

– Historia er så sterk i seg sjølv at eg såg ingen grunn til å kolorere henne, seier Hamran, som er journalist og antropolog.

Ho har tidlegare skrive bok om spiondømte Frode Berg og ei fotodokumentarisk bok om mannen sin, som døydde av kreft i 2016.

– Mange i Forsvaret kjende openbert til den drikkfeldige majoren. Men ingen greip inn, og ingen tok ansvar i ettertid. Kva tykkjer du om det?

– At så mange visste om problemet fleire år før ulykka utan å gripe inn, er både tragisk og uansvarleg. Underordna torde ikkje varsle av frykt for negative følger for eigen karriere, dei høgre oppe i systemet var vel styrte av misforstått lojalitet. Dei ville ikkje varsle mot ein godt likt kollega som dei hadde jobba saman med i fleire år. Ein overordna prøvde å varsle, men han blei stoppa av kameraderi. Dette syner det dysfunksjonelle, når vennskap trumfar eit sunt system.

Skjule spora

– Dei som kunne ha hindra ulykka, har både før og etter tragedien nytta uttrykk som «selskapelighet» og at majoren var «selskapelig anlagt», trass i at dei visste at han hadde eit alkoholproblem.

– Desse eufemismane fortel oss at dei har kjent til problemet, men nektar å kalle det ved sitt rette namn. Det er komfortabelt å tvihalde på formuleringane, for då kan ein gjere problemet mindre enn det er, og altså gjere seg sjølv fri frå ansvaret. Eg er overraska over at desse orda ser ut til å ha gått gjennom så seint som i 2010, då saka blei behandla i rettsapparatet. Eg hadde ønskt at offiserane som vitna i rettssaka, hadde snakka tydelegare og ærlegare.

Hamran meiner dette var ei varsla ulykke.

– Tragedien heldt fram i og med at styresmaktene nekta å ta ansvar etter at havarirapporten i 2005 blei nedgradert. Dei vel å ikkje komme sorga og smerta til dei etterlatne i møte, dei vel å ikkje stå for svika sine. Når dei ikkje vil vedgå feil og freiste å rette dei opp att, forvitrar tilliten til systemet. Vi treng tillit til styresmaktene, men då må dei ikkje skjule spora sine og leggje lokk på feila.

– Kva er forklaringa på at rapporten nådde generaladvokaten så seint at han ikkje kunne straffe dei han meinte burde straffast?

– Det går ikkje klart fram, men dei etterlatne og advokaten deira meiner toppane har trenert det med vilje for å skjerme seg sjølve. Det finst så mange teikn på at dei har prøvd å dysse ned og skjule spora sine, at heile biletet blir svært tydeleg. Slik òg med den vage formuleringa i pressemeldinga, om lite søvn og «andre forhold», medan dei veit at det dreier seg om høg promille.

– Korleis vil du karakterisere oppførselen til forsvarsleiinga i denne saka?

– For dårleg. Dei burde gitt dei etterlatne oppreising og ei orsaking for at Luftforsvaret ikkje fekk hindra ulykka, og for det lange hemmeleghaldet. På eit tidspunkt prøvde luftforsvarssjef Stein Erik Nodeland å komme dei etterlatne i møte, men det førte ikkje til noko. Hadde han vore tydeleg overfor forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, og hadde statsråden blitt godt nok orientert frå embetsverket, kunne konflikten vore løyst for lengst. Dette er eit interessant døme på korleis politikarar kan bli bondefanga og lamma av systemet.

Som det går fram av Grytøya-tragedien, var det juristane i Forsvarsdepartementet som styrte heile prosessen då kravet om erstatning og oppreising kom opp etter at havarirapporten blei nedgradert og dei etterlatne omsider fekk innsyn i kva som hadde skjedd den fatale ettermiddagen. For juristane handla dette berre om paragrafar, i deira reknestykke hadde ikkje det å vere anstendig nokon plass, seier Hamran.

Forstemmande

– Det er påfallande kor stort behov juristane har hatt for å beskytte systemet, og kor liten empati dei har for dei menneskelege historiene. Til sjuande og sist handlar det også om eit overordna ansvar nettopp på vegner av systemet. Forvaltninga skal ikkje kunne styre slike store, overordna val. Over 30 års hemmeleghald var i seg sjølv grunn god nok til å gi oppreising. Vi treng sterke politikarar som set seg inn i saker, og sterke leiarar som torer ta ansvar og snakke ope om det som er vanskeleg og til belastning for systemet.

Etter lang tids trenering gir Forsvarsdepartementet avslag på søknaden om erstatning. Dette blir grunngitt med at «det ble gjennomført et erstatningsoppgjør allerede i 1972». Det som ikkje blir nemnt, er at dette i all hovudsak dreier seg om private forsikringar og ikkje pengar som kom frå staten, fortel Hamran.

– Det er så forstemmande og vitnar berre om uvilje til å rekkje ut ei hand. Eit ikkje-svar, som gjer dei etterlatne fortvilte og rasande. Fleire av dei har levd med vesentleg dårlegare økonomi og sosiale tilhøve etter ulykka. Enorme menneskelege tap har prega livet deira. Så koker det bort i ei småleg, spissfindig «løysing».

– Saka går vidare til retten, og du meir enn antyder at især tingretten, men eit stykke på veg også lagmannsretten, nokså einsidig ser saka frå statens perspektiv.

– I tingretten går dommen 100 prosent inn på premissane til staten, sjølv om det inneber at fakta ikkje blir lesne eller blir lesne feil. Lagmannsretten går meir balansert inn i sakskomplekset, men dei endar opp med å gjere nokre ubegripelege val. Retten vel å leggje vekt på dei tidsnære vitna, dei som hadde ytra seg like etter ulykka i 1972, men overser heilt at desse vitna var dei ansvarlege i Luftforsvaret, folk som hadde gode grunnar for å uttale seg som dei gjorde – for å berge sitt eige skinn.

Ukultur

– Vi har den siste tida fått vite om korleis Forsvaret gjennom år har behandla varslingssaker og varslarar. Ser du parallellar mellom dette og den saka du har skrive om?

– Visst gjer eg det. Særleg den manglande openheitskulturen og kva som skjer når nokon freistar å seie ifrå. Det er tydeleg at Forsvaret framleis slit med ukulturar. Då eg i ei av dei nye varslarsakene høyrde ein offiser seie at leiing er å vere lojal oppover, aldri bortover eller nedover, tenkte eg at det kunne vore ei oppsummering av Grytøya-saka. Det er nettopp slik systemfeil kan oppstå. Framleis opplever vi at offiserar som det blir varsla om, stig i gradene, medan varslarane forsvinn ut på sidelinja. Systemet er stadig i stand til å verne seg sjølv, det ser vi mange døme på.

Trine Hamran har ikkje gitt opp håpet om rettferd.

– Det er ikkje for seint for styresmaktene å gjere opp for seg, etter 50 år. Det rette vil vere å syne at dei ønskjer å ta ansvar og lære av feila sine, kanskje ved å gi ei vederlagserstatning. Eg vil gi boka til dei eg meiner treng lese henne i dag, frå forsvarsminister til stortingspolitikarar, med eit håp om at dei gir denne vonde historia ei verdig avslutning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Systemet er stadig i stand til å verne seg sjølv, det ser vi mange døme på.

Trine Hamran, forfattar og journalist

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis