Baltikum

Rapport frå ein russisk by i Nato

NARVA/SETUMAA: I Estland er meir enn kvar femte innbyggar russisk. Grensa til Russland er framleis ikkje ferdig formalisert.

Ein kan ikkje sjå grensa under vatn, er det blitt hevda. På overflata er ho tydeleg nok: I Narva ligg det gamle festningsverk på kvar side, og brua mellom (som ironisk nok har namnet Venskapsbrua) er full av sperringar og piggtråd.
Publisert Sist oppdatert

Eg veit ikkje lenger om eg er i vest eller aust, eller midt imellom. Føre meg ligg Ivangorod, ein russisk by. Bak meg ligg Narva, den tredje største byen i Estland. Ytre sett er byane nokså like: På kvar si side av elva ligg det ein festning frå mellomalderen, så følger det rekker med grå bustadblokker i ei endelaus, tietasjes trøystesløyse.

Språket og mykje av historia og kulturen har dei to byane til felles. Likevel er det som om det går ein avgrunn gjennom det 150 meter breie elveleiet: Ute i den strie straumen går skiljet mellom to verdsmakter, EU i vest og Russland i aust. «Her byrjar Europa», står det sjølvsikkert på eit skilt på estisk side. Det er det ikkje sikkert at dei på den andre sida, eller lokalbefolkninga for den saks skuld, er samde i.

Narva blir nemleg rekna som den mest russiskdominerte byen i Europa. Nesten kvar fjerde innbyggar i Estland har russisk opphav, og aller flest bur her, lengst aust langs grensa til gamlelandet. Over 80 prosent av innbyggarane i Narva er etniske russarar, 92 prosent av byborgarane har russisk som morsmål. Gateskilta er rett nok på nasjonalspråket estisk, men det er mest for syns skuld. På kafeane står menyen like gjerne på russisk, og det er knapt mogleg å høyre estisk kor enn eg går.

Masseinnvandringa

Slik har det ikkje alltid vore. Narva ligg rett nok langs grensa mot dagens Russland, men opphavleg var det danskane som bygde ein festning her, langs den strie grenseelva. Deretter gjekk det slag i slag: I ein periode var byen under tysk herredøme, deretter svensk, russisk, og til slutt estisk. Men det var først i etterkrigstida at byen òg blei eit sentrum for etniske russarar.

Etter andre verdskrigen var opp mot 97 prosent av innbyggarane i Estland estiske. Deretter endra ting seg raskt: I Moskva ville kommunistpartiet bygge ut gruvedrift og industri i den austlege delen av Estland. Regionen rundt Narva blei òg viktig i det sovjetiske atomprogrammet. Like viktig var det å sørge for at dei baltiske landa heldt fram med å vere under russisk kontroll.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement