Humor
Eit liv i bonusboble
Det einaste som er dumt med eurobonus, er at eg ikkje begynte å samla poeng tidlegare.
Teikning: May Linn Clement
Nei!!!
Eg har nett bestilt eit hotellrom til 977 kroner, ikkje refunderbart, på heimesida til kjeda Strawberry, når eg finn ut at eg kunne ha bestilt det same rommet til same pris via Trumfnetthandel.no og tent 5,4 prosent trumfbonus på kjøpet.
Men no er det for seint. Kjøpet er gjennomført, pengane er trekte frå kortet, og alt eg kan trøysta meg med, er at eg iallfall får nokre medlemspoeng hos Strawberry (293 spenn) og 15 prosent eurobonus på heile kjøpet sidan eg brukte SAS Premium Mastercard. Altså 147 eurobonuspoeng.
Det kunne vore verre, men det kunne òg vore betre, 52,79 trumfpoeng betre. Kva får ein for 52,79 trumfpoeng i dag? Jo, ein får ein god slump eurobonuspoeng.
Ved automatisk konvertering frå trumf til eurobonus vert kvart trumfpoeng multiplisert med 13,5.
Så no har eg nett gått glipp av 712 eurobonuspoeng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.