Utanriks

Ein konflikt fødd av eit folkemord

30 år etter folkemordet i Rwanda held krigen mellom hutuar og tutsiar fram i Kongo. No er tutsigeriljaen M23 på frammarsj.

M23-geriljaen, som består av tutsiar, har teke over den austlege delen av Kongo. Her patruljerer dei i Goma.
Publisert Sist oppdatert

Det har gått under radaren for mange, men denne våren har M23-geriljaen teke kontroll over store område i det austlege Kongo. På nokre hektiske månader, frå januar til april, tok geriljaen over tusenvis av kvadratkilometer og store byar som Goma og Bukavu, med millionar av innbyggjarar.

– Det er ikkje første gong M23 har teke Goma. Men no er dei tilbake sterkare og meir organiserte enn før, og dei har teke større område, seier førsteamanuensis Lidewyde Berckmoes ved universitetet i Leiden til Dag og Tid. Ho har studert dei sykliske konfliktane som har gått føre seg i grenseområda mellom Kongo, Burundi og Rwanda i ei årrekkje. No trur ho me kan sjå ei permanent endring.

– Verda forandrar seg. Måten Israel og Trump-administrasjonen opptrer på, det som skjer i Ukraina... Alt speler inn. Landegrenser, som før vart rekna som heilage, blir ikkje lenger respekterte, seier ho.

– At Rwanda er involvert i Kongo, er det ingen tvil om, seier afrikaekspert Morten Bøås ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

30 år med krig

Krigen i det austlege Kongo har pulsert i snart 30 år. Det starta som ein regional krig, der Rwanda, Burundi og Uganda involverte seg for å få bukt med dåverande president Laurent-Désiré Kabila i Kongo. Krigen varte i ti år og kosta millionar av menneske livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement