Helse

Den nye folkesjukdomen

Nye studiar og rapporteringar indikerer at eteforstyrringar breier om seg, og ikkje berre blant unge jenter.

Publisert Sist oppdatert

I 1987 gjekk tre kvinner saman for å bruke eigne erfaringar med eteforstyrringar til å hjelpe andre med same problem. Då Dag og Tid intervjua dagleg leiar i Interessegruppa for kvinner med eteforstyrringar 20 år seinare, var det lite å feire. Organisasjonen hadde hatt ein jamn auke av førespurnader, hadde utvida til fire faste tilsette og tok imot kring 2500 telefonførespurnader årleg.

I dag har den ideelle organisasjonen endå større pågang, har utvida til tolv faste tilsette med kontor fleire stader i landet og hjelper i underkant av 5000 brukarar og personar i året via telefon, chat, individuelle samtalar og gruppesamtalar. Ifølgje styremedlem og seniorrådgjevar Silje Sønsterud Olsen har talet på førespurnader hatt ein monaleg auke og stabilisert seg på eit høgare nivå etter koronapandemien enn før. Organisasjonen har også skifta namn til Spiseforstyrrelsesforeningen, for å inkludere alle med behov for hjelp.

Aukande behov for hjelp vert det også rapportert om frå organisasjonen Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS), som vart starta av eit foreldrepar i 1983 for å gje råd, støtte og hjelp til både pårørande og dei som sjølv er råka av eteforstyrringar. Denne organisasjonen vart landsdekkjande i 1986.

Fagansvarleg for kommunikasjon i ROS Marianne Clementine Håheim fortel at talet på førespurnader dei siste åra har auka med eit par tusen i året, og det gjorde eit stort hopp under pandemien. Medan organisasjonen svarte på 2749 rådgjevingsførespurnader i 2014, var talet oppe i 17.736 i 2024.

– Sidan pandemien har det vore ein særleg stor auke i førespurnader frå barn og unge, seier ho, og syner til at talet på førespurnader frå personar til og med 18 år auka med 123 prosent frå 2019 til 2022.

På høgare nivå

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement