JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ein litterær bror

Året etter at debutromanen hennar kom ut, døydde broren. Då byrja Maria Navarro Skaranger å skrive for å hugse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg skriv ikkje mi eiga sorg, men sorga er utgangspunktet for boka, seier Maria Navarro Skaranger.

Foto: Mone Celin Skrede

7291
20181116

Bakgrunn

Maria Navarro Skaranger

Fødd i 1994, oppvaksen på Romsås i Oslo.

Ho er utdanna ved Nansenskolen på Lillehammer og ved Skrivekunstakademiet i Bergen.

Vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutromanen Alle utlendinger har lukka gardiner.

Litteratur

mone@dagogtid.no

– Sorga gjorde at eg forstod kor naudsynt skrivinga er for livet mitt, seier forfattar Maria Navarro Skaranger.

Ho er aktuell med Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen), ein liten roman sett saman av mange små, nummererte tekstbitar. Boka handlar om kva som skjer med ein familie etter at eit familiemedlem dett, eller hoppar, over balkonggelenderet i det kommunale husværet sitt og døyr.

Overlevingsmodus

Skaranger gav ut den første boka si, Alle utlendinger har lukka gardiner, ein oppvekstroman på kebab-norsk, då ho var 20 år. Året etter tok bror hennar livet av seg.

– Då bror min døydde, skreiv eg for å hugse: kva eg åt i gravferda, kva eg hadde på meg og kva vi song. Eg skriv ikkje om bror min i boka, men eg fekk behov for å lage ein litterær bror som var nærare meg i alder. Eg trong ein stad å stille alle spørsmåla som kjem når nokon døyr så dramatisk. Og eg visste ikkje då eg gav ut den første boka, at skrivinga var avgjerande for at eg skulle halde meg ståande på føtene, seier Skaranger.

– Kan du fortelje kva som hende med bror din?

– Nei. Han er ikkje her, og kan ikkje svare for seg. Eg kan seie at han var 20 år eldre enn meg, og at han tok livet av seg. Men skulle eg fortalt om bror min, ville eg fortalt kven han var, og ikkje berre kva som gjorde at han tok sitt eige liv. Og det vert for nært.

– Korleis handterte du sorga?

– Eg trur eg gjekk i overlevingsmodus. Eg var på vakt heile tida, måtte vite at alle rundt meg hadde det bra. Den gamle familiehunden vår var tett i nasen ein gong eg skulle ut av byen. Eg var så redd han skulle døy at eg nesten ikkje greidde å reise.

Forfattaren smiler og strekkjer fingrane ut framfor seg på bordet.

– Ein mister kontrollen, men så går ein likevel ikkje til grunne. Ein må opp kvar dag, gjere det vanlege og fungere saman med dei vanlege menneska, som kanskje ikkje veit kva sorg er. Eg hugsar NRK hadde temaveke; i populærkulturen er sjølvmord noko ein berre slengjer ut. Det er viktig å snakke om det, men ein vert sett ut. Veka etter at bror min døydde, var det sjølvmord, sjølvmord, sjølvmord på NRK. Ein vert sitjande og leite etter teikn og samanhengar som ikkje finst. Sorg er meiningslaust.

Forfattaren slo gjennom i 2015. Ho voks opp med mor si på Romsås i Groruddalen, spelte fiolin som barn, leste Gro Dahle og starta på Nansenskulen på Lillehammer etter vidaregåande, fordi veninna hadde søkt seg inn.

– Eg visste ikkje kva ein roman var, eg var berre 20 år, og fekk så mykje merksemd. Eg kunne vorte like høg på meg sjølv som Justin Bieber. Eg hadde ein idé om at eg måtte gje ut bok annakvart år slik at eg ikkje vart gløymt. Eg visste ikkje kva eg skulle seie, eller kven nokon i litteraturbransjen var. Det var skummelt, og no er det nesten verre, sjølv om eg er vaksnare. No veit eg jo kven dei er, seier ho og ler.

Skuldkjensle

I førebuinga til boka nytta Maria Navarro Skaranger tid til å lese om psykisk sjukdom.

– Eg vert så frustrert på helsenettsidene. Dei spør om du kjenner nokon som slit med vonde tankar, og korleis du kan få dei til å ta mot hjelp. Men ein må tenkje på at dei som slit, dei som ein må nå inn til, kan vere vaksne menneske. Og sjølv om depresjon og angst vert godt og mykje omsnakka, får ikkje tyngre sjukdommar same handsaming. Nettsidene seier at ein skal ta det alvorleg når nokon ikkje verkar stabil, og det gjer ein, men det er ikkje nok.

– Kan ein ikkje gjere noko?

– Jo! Ein kan jobbe for ein sterkare psykiatri der folk ikkje berre vert lagde inn og sende heim. Få fleire lågterskeltilbod for dei som har det vanskeleg, og gje dei som ikkje kan gå på jobb, eit betre tilbod. Vi treng meir openheit i det offentlege, òg om dei tyngste sjukdommane. Vi har mange «Slik vart ho frisk av depresjonen»-saker, og svært få om å vere skikkeleg sjuk, når ein er sjuk.

– Meiner du at psykiatrien og helsemedia legg for mykje på dei etterlatne?

– Nei. Men informasjonen ein finn på internett, liknar skulebøker med fine faktasetningar og råd til etterlatne. Du får punktrekkjer, nesten som krysskjema med etterreaksjonar, men kva om reaksjonen din ikkje passar på lista? Kva om du hadde vorte så sint at du øydela tinga dine, slo nokon, og dokteren sa til deg at dette er ein vanleg sorgreaksjon? På nettet står det òg at 70 prosent av dei som tek livet av seg, har synt risikoteikn på førehand. Men kva gjer det med dei etterlatne? Det kan verke som at skuldkjensla vert servert eksplisitt frå slike helsenettsider.

Meiningsløyse

– Sorga er meiningslaus, seier du. Kva er sorg for deg?

– Sorg er einsemd. Eg har familie eg kan snakke med, eg har hund, eg har kjærast, eg har psykolog og eg har gått i sorggruppe. Likevel vaknar eg om natta og kjenner meg einsam at...

Ho trekkjer pusten og gestikulerer med handflatene opp.

– Ein kjenner seg heilt åleine. Ein hadde ein eigen relasjon til mennesket ein mista, og sorg er individuelt. Det er forferdeleg at nokon har kjent seg så åleine at den einaste utvegen er å gjere slutt på livet. Av og til tenkjer eg at eg kan kjenne på den same sorga som bror min kjende på, og då greier eg ikkje snakke med nokon. Det stoppar opp.

– Kvifor stoppar det opp?

– Ein skammar seg. Slike kjensler er ikkje konsistente, men sporadiske, og det er vanskeleg å ta dei på alvor.

– For ung

I dag er sorga annleis for Skaranger.

– Eg har det bra, har ein hundekvalp og tykkjer det er godt å fokusere på noko anna enn meg sjølv. Men når sorga av og til kjem, er det som ei bølgje. Det kan gå ein dag, andre gonger ein månad. Då går eg ikkje ut, eg græt og er sint. Eg hadde eit år der eg var opphengd i klasse. Sint på dei som har pengar, fordi dei har pengar. Det hadde eg aldri teke personleg elles. Ein fell sjølv utanfor i sorg, litt på same måte som Nils som psykisk sjuk fell utanfor. Ein møter forventingane til storsamfunnet om korleis ein skal vere og klare seg, og måler sitt eige verd etter det.

Nils, broren i boka, var sjuk med schizofreni. Lesaren vert kjend med han gjennom sorga til dei etterlatne. Og med ei mor som i utmattinga sovnar med kleda på, legg frå seg brukt posesnus på dyna og ikkje legg merke til at katten et mold frå potteplantene.

– Det er ei tung-lett-bok. Eg er så ung at eg tenkjer at eg er for ung til å skrive om sorg. Eg har lese sorglitteratur, og noko av det hjelpte meg, som A Sorrow beyond Dreams av Peter Handke. Noko forstod eg ikkje, for språket går i oppløysing. Eg måtte ta utgangspunkt i mi eiga sorg og tillate meg å le av det banale. Som at ein får ei svær blekke frå gravferdsbyrået når nokon døyr, der ein må velje om ein vil ha ei pute av kvite roser på kista, eller om ein vil ha eit hjarte. Og ei kiste kan koste så mykje som femti tusen kroner.

Ho legg hengene i fanget og ler.

– Ei pute av blomar. Det er det dummaste eg har høyrt. Kan ein ikkje berre ha ein bukett?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Sorg er einsemd.

Maria Navarro Skaranger, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis