JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å skrive livet

Unnveig Aas nytta diktsamlinga Vi var enige om noe
til å arbeide seg gjennom sorg, sjalusi og sjukdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Kjenslene eit menneske har, er nokså like sjølv om tida endrar seg. Sjølv over hundre år seinare, seier Unnveig Aas.

Foto: Julia Naglestad

5986
20181109

Bakgrunn

Unnveig Aas

Er fødd Unnveig Aaserud Stokke i Holmestrand i Vestfold, 23. november 1990.

No bur ho saman med kjærasten på Kongsvinger.

Ho er utdanna ved Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Bergen og Universitetet i Oslo.

Ho har gjeve ut to diktsamlingar, tre EP-ar og albumet Old sound.

Vi var enige om noe er den første boka ho har skrive åleine.

Lyrikk

mone@dagogtid.no

Når Unnveig Aas tek telefonen, ligg ho febersjuk heime hjå seg sjølv på Kongsvinger. Kvelden før var ho på sleppfest for den nyaste diktsamlinga hennar, Vi var enige om noe. Då ho debuterte som musikar i 2013, vart ho skildra av NRK P3 som «Den vesle, lågmælte kvinna med den store, sorgfulle stemma». I dag er ho mest lågmælt.

– Eg er van med å jobbe gjennom sjukdom, fortel ho og ler.

– Eg har spelt fleire konsertar med feber.

Diktsamlinga som vart utgjeven denne veka, handlar òg på eit vis om sjukdom. Samstundes er ho ein tenkt dialog med ein av Noregs fremste romanforfattarar, naturalisten Amalie Skram. Dikta er små tekstsnuttar som saman utgjer ei større forteljing. Eg-personen har ein far som er alvorleg sjuk, ein ekskjærast ho ikkje klarer å sleppe taket i, og eit litterært førebilete som har vore død i mange generasjonar, men som ho framleis snakkar med.

– Boka er inspirert av det eg har lese av Amalie Skram, men ho er òg ein måte å takle sorg og eigne røynsler på, seier Aas.

Frå barn til forelder

Då forfattaren og musikaren var 23 år gammal, fekk faren kreft. Brått var det Unnveig som skulle vere omsorgsperson:

Skjønte at det var noe der

(...)

At han ikke bare var pappa

som tok seg av edderkopper på soverommet mitt

henta meg hjem om jeg fikk hjemlengsel

på overnattingsbursdager

– Har du nytta diktinga til å arbeide deg gjennom det som hende med far din?

– Ja. Ein far er ein sterk figur i eit liv. Å sjå foreldre verte sjuke er tøft. Det er dei som skal ta vare på deg, men så vert det plutseleg omvendt. Det er uvant å sjå eigne foreldre i ein slik sårbar situasjon. Eg budde i Bergen på den tida, men reiste ofte til Oslo for å vitje han, fortel Aas.

– Det var avgjerande å halde motet oppe og redsla unna. Ved å skrive om sjukdommen i etterkant fekk eg utforske frykta eg hadde halde att.

– Det såre er eit stikkord for deg og arbeidet ditt. Du skriv om sorg på ulike måtar. Er det eit bevisst val?

Ho må tenkje seg om.

– Eg er ein svært kjenslevar person, og eg trur det er mykje av grunnen til at eg lagar musikk og skriv. Samstundes tykkjer eg at sorg er spanande. Alle opplever ho i laupet av livet. Sorgprosessen er sterk, og ein endrar seg når ein går gjennom han. Ein vert strippa ned som menneske og er heilt ute av det. Til slutt er det berre deg og sorga, seier Aas.

I dag går det bra med faren. Unnveig Aas har flytta frå Bergen til Oslo, og frå Oslo til Kongsvinger. Attåt musikar- og forfattarkarrieren jobbar ho deltid på ein fritidsklubb for ungdom i Kongsvinger.

– Korleis endra sorga deg?

– Det er vanskeleg å svare på. Ein lærer noko om seg sjølv og kor mykje ein toler.

– Du er ikkje redd for å verte for personleg?

– Nei. Eg tenkjer at språket endrar røynda. Det vert ikkje ei direkte avskriving av livet, og dermed kjennest det ikkje så personleg for meg. Men eg håpar at det eg skriv, kan vere ei trøyst for andre, seier ho.

Førebilete

Aas fortel at Amalie Skram ikkje vart ein avgjerande del av diktsamlinga før ho hadde sendt det første utkastet til forlaget.

– Eg hadde berre eitt dikt der eg nemnde Amalie Skram.

Men redaktøren hennar ville at ho skulle skrive meir om forfattaren, som skreiv samfunnskritiske romanar om moderne kvinneliv og psykisk helse på 1800-talet.

Såleis søkjer eg-personen i diktsamlinga trøyst hjå Skram. Ho oppsøkjer stader der Skram har gått, og får av og til trøyste forfattaren attende:

de har forresten funnet ut av det nå, Amalie

hvorfor noen er mer trist enn andre

(..)

men du klarte deg bra

jeg syns du klarte deg bra, Amalie

– Kvifor Amalie Skram?

– Ho er eit førebilete for kvinner som vil skrive. Samstundes er ho ein av forfattarane ein vart tvinga til å lese på skulen. Eg leste Sjur Gabriel, ei av bøkene i serien Hellemyrsfolket på vidaregåande, og likte henne godt. Og bokserien av Janet Garton, med brevvekslingar mellom Amalie og Erik Skram, er ein direkte inspirasjon til denne boka. Det er interessant å sjå Amalie Skram i moderne kontekst fordi ho sjølv var før si tid. Ho skildrar sterke kjensler eksplosivt, og det var uvanleg for ei kvinne på den tida. Ho skildrar sjalusi og seksualitet, og ho stod utanfor samfunnet. Ho var tøff. Eg har prøvd å setje min røyndom og mine røynsler saman med Amalie Skrams røyndom.

Unnveig Aaserud Stokke, som ho eigentleg heiter, er fødd og oppvaksen i Holmestrand i Vestfold, med far som var lærar og mor som var journalist. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og Forfattarstudiet i Bø i Telemark, og ho har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Men ho er òg musikar.

– Eg vaks opp med svært kreative foreldre. Holmestrand er ein liten by, ein slik «alle» har køyrt forbi, men ikkje vitja. Eg var ein av dei rare som dreiv med kreative fritidssyslar, vi var ein liten gjeng slike. Eg var 14 då eg starta i band, men eg har alltid skrive historier. Eigentleg hadde eg tenkt å utdanne meg til journalist, men det siste året på vidaregåande fann eg ut at eg heller ville skrive kreativt. Då må ein jobbe hardt, men det var noko eg hadde svært lyst til. Eg tippar at den første gongen eg skreiv kreativt som eg kan hugse, hende då eg var åtte.

– Ditt første møte med lyrikken då, korleis var det?

– Det var med Det er noen mennesker her, av Oddmund Vaagsholm. Det var debutboka hans, med moderne lyrikk og kortprosa. Eg fekk lyst til å skrive litt på same måte, seier Aas.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det var avgjerande å halde motet oppe og redsla unna.

Unnveig Aas, musikar og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis