JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Dei ukjende kvinnepionerane

I likestillingskampen i 1880-åra hang Noreg etter andre land. Det har lækjar, psykiater og forfattar Cecilie Arentz-Hansen skrive si første historiebok om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marie Holst, ein av Noregs første kvinnelege lækjarar på møte i Trondhjems Lægeforening i 1909.

Foto: Alf Schrøder / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

7102
20181102

Bakgrunn

Cecilie Arentz-Hansen

Fødd i Kristiansund i 1963

Gift med musikar Jan Wiese, har tre born

Studerte medisin i Tyskland og litteraturvitskap i Noreg. Fekk graden cand.med. i 1989

Var med på å grunnleggje lommelegen.no i 1998, og er einingsleiar og overlækjar ved Oslo universitetssjukehus

«Kvinder med begavelse for lægevirksomhed» er den femte boka hennar

Medisin

mone@dagogtid.no

Lækjar, psykiater og forfattar Cecilie Arentz-Hansen har nytta dei siste seks åra på å grave seg ned i den andre sida av norsk medisinhistorie.

– Dei første kvinnelege lækjarane er ikkje synlege i historieskrivinga, sjølv om dei var svært synlege i eiga samtid. Dei var viktige både kvinnesakspolitisk og for medisinen. Men no veit vi ikkje lenger kven dei var. Vi må verte kjende med dei, seier ho.

Embetskvinner

– Kvifor kjenner vi ikkje til dei lenger?

– Det heng saman med kven som har skrive historia. I den medisinske profesjonshistoria har det vore lagt vekt på professorat, overlækjarar og avdelingsleiarar. Slike yrkestitlar fekk aldri desse kvinnene, seier Arentz-Hansen.

– Meiner du kvinner vart valde bort fordi historia er skriven av menn?

– Eg trur det.

I boka «Kvinder med begavelse for lægevirksomhed» skriv psykiater, lækjar og forfattar Cecilie Arentz-Hansen historia om ein frigjeringskamp. Ho har grave seg ned i 25 arkiv, og alle årgangane frå 1887 til 1915 av kvinnemagasina URD og Nylænde.

– Lova sa at norske borgarar kunne få embetsstillingar. Det juridiske fakultetet meinte at kvinner ikkje kunne reknast som norske borgarar, sjølv om kjønn ikkje var nemnt i lovgjevinga. Då måtte det ny lov og grunnlovsendring til, seier Arentz-Hansen.

Først i 1884 fekk kvinner lov til å studere og ta eksamen. Dei fekk ikkje tilgang til embetsstillingar og kunne ikkje verte distriktslækjarar. Dei kunne ha privat praksis, og det tok fleire år frå dei første kvinnene fekk ta embetseksamen, til dei kunne nytte utdanninga i offentleg yrkesliv.

I 1887 starta Marie Spångberg som første kvinnelege student på det medisinske fakultet i Noreg. Alle dei første kvinnelege lækjarstudentane gjekk ut med svært gode karakterar. Dei hadde noko å prove.

– Diskusjonen om kvinner skulle få delta i yrkeslivet i Noreg, starta med lækjaryrket, seier Arentz-Hansen.

Ho fortel at saka vart teken opp i Stortinget i 1881. Den kvinnelege delen av folket skulle ha tilbod om å gå til ein lækjar av same kjønn. Medan kvinner hadde hatt høve til å utdanne seg til lækjar i Danmark og Sverige sidan 1885 og 1888, kjempa norske kvinner framleis for å få lov til å studere.

Då det medisinske fakultet skulle svare på stortingssaka, nytta professorane den kvinnelege biologien som grunnlag: Det kvinnelege nervesystemet og dei kognitive evnene deira var ueigna for yrket. Og kvinnene, meinte dei, kunne til og med miste det som gjorde dei til kvinner:

«Kvinder, der komme ind paa disse Aandslivets Felter, der ligesom af Naturen ikke ere anviste dem, tabe deres Kvindelighed, at deres Intelligents udvikles paa Bekostning af deres Gemytsliv (...) at der ved Kvinder af denne Art er noget Abnormt», skreiv professor Ferdinand Lochmann.

– I Noreg var det medisinske universitetsmiljøet lite og dominert av det personlege synet til dei få leiarane. Medisinprofessorane såg opp til Tyskland som òg var seint ute, seier Arentz-Hansen.

Difor var Noreg eit av dei vestlege landa som låg lengst bak i likestillingskampen den gong.

– Er du feminist?

– Ja. Det er ikkje vanskeleg å stille seg bak like rettar og likt ansvar for kvinner og menn.

Skallevekta avgjorde

Arentz-Hansen viser til ei avhandling av den tyske professoren Theodor von Bischoff: «Vekten av hodeskallen delt på hele skjelettets vekt vil hos menn være i forholdet 1:8, mens det hos kvinner er 1:6, mer slik det er hos barn», skriv han.

Professoren nytta eigne forsøk som prov, og meinte at ettersom mannshjernen vog 134 gram meir enn kvinnehjernen, måtte det innebere at kvinna hadde lågare intelligens. Ho var såleis ueigna til å studere og praktisere medisin.

– Kva påstandar reagerer du sterkast på?

– Desse utsegnene er maktmisbruk, og dei treffer. Påstandane er ikkje forankra i røyndom eller fagkunnskap. Langt inn på 1900-talet får ein høyre at kvinner som les, risikerer å miste evna til å få barn. Ein av mine favorittar kjem frå professor Kristian Brandt. I 1914 gjekk kvinnelege lækjarar og kvinnerørsla saman til opprør mot Brandt. Han nekta å tilsetje Louise Isachsen som reservelækjar på gynekologisk avdeling på den nye kvinneklinikken i Kristiania. Isachsen var så mykje betre kvalifisert enn dei mannlege kandidatane at Brandt berre førte opp delar av kvalifikasjonane hennar i innstillinga til medisinaldirektøren. Då Isachsen klaga til Sosialdepartementet, svara Brandt at ho ikkje kunne verte gynekolog fordi ei ugift kvinne umogleg kunne ha nok seksuell erfaring.

– Kvifor vart ikkje Brandt motsagd?

– Saka vart klaga inn til regjeringa, men fekk ingen konsekvens. Det fanst ikkje tradisjonar eller lovverk som regulerte slike statlege avgjerder. Og ein skal ikkje sjå bort frå at mange var samde med Brandt.

100 år

Cecilie Arentz-Hansen starta lækjarkarrieren på slutten av 1980-åra som allmennpraktiserande lækjar. Ho har forfatta fire faktabøker om medisin. I dag arbeider Arentz-Hansen som psykiater. Ho er einingsleiar og overlækjar ved «Raskere tilbake» på Nydalen DPS ved Oslo universitetssjukehus.

– Korleis var det å vere kvinne og nyutdanna dokter 100 år etter at frigjeringskampen starta?

– Då eg byrja på sjukehuset i Kristiansund som student med lækjarlisens, var det mange fleire mannlege lækjarar enn kvinnelege. Eg hugsar det var noko særskilt når det kom ei kvinne. «Sjå, der kjem ein kvinneleg lækjar», sa mange.

Cecilie Arentz-Hansen er fødd og oppvaksen i Kristiansund på Nordmøre. Dei første kvinnelege lækjarane i Noreg har vore med henne mykje lenger enn dei seks åra ho har nytta på å grave fram historiene deira.

– Mor mi fortalde meg om Marie Holst, ein av dei første norskutdanna kvinnelege lækjarane i Noreg. Då morfaren min kom til Trondheim for å arbeide som lækjar, stod ho på perrongen og venta på han. Dei vart venner, og besteforeldra mine sette Holst høgt.

Då Arentz-Hansen var ferdig med vidaregåande i 1982, før ho reiste til Tyskland for å studere medisin, var det akkurat 100 år sidan Cecilie Thoresen maste seg til å få ta examen artium som første kvinne i Noreg.

– Eg tenkte at det var på tide med ei markering. Då vart det sådd eit frø, seier ho.

– Kva medisinsk felt er særskilt vanskeleg for kvinner i dag?

– Det må vere kirurgien. Berre 16 prosent av norske generelle kirurgar er kvinner. Dessutan skreiv 3600 norske kvinnelege lækjarar under på #metoo-oppropet då debatten nådde lækjaryrket. Det seier noko viktig, meiner Cecilie Arentz-Hansen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein får høyre at kvinner som les, risikerer å miste evna til å få barn.

Cecilie Arentz-Hansen,
lækjar, psykiater og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis