Aziz Ur Rehman er årets førebilete
Rehman vart prisa for arbeidet han gjer for barn og unge med minoritetsbakgrunn.
Aziz Ur Rehman fekk prisen som årets førebilete av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.
Foto: Johannes Granseth / NTB scanpix
Minoritet
mone@dagogtid.no
Aziz Ur Rehman er leiar i Rådet for innvandrarorganisasjonar og brenn for at barn og unge med minoritetsbakgrunn skal verte meir aktive samfunnsdeltakarar.
– Barn og unge med minoritetsbakgrunn treng rollemodellar på fritidsarenaer, på skulen, i arbeidslivet og elles i samfunnet. Slik kan dei sjå at mange med deira bakgrunn har klara seg bra, og at dei har mange gode moglegheiter i samfunnet dei er ein del av, sa Rehman på prisutdelinga.
Han vil nytte prispengane på tiltak for barn og unge i lokalmiljøet i Søndre Nordstrand.
– Å vere eit førebilete er å vere noko for andre, å vere til stades og tore å gå fremst, sa barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland då ho delte ut prisen på Nobels fredssenter i Oslo måndag.
– Gjennom den mangfaldige innsatsen han har gjort for likestilling og integrering, er han eit førebilete for oss alle, uttala ho.
Rehman arbeider frivillig som leiar på Mangfoldshuset i Søndre Nordstrand i Oslo og er leiar for radiokanalen Voice of Oslo, som rettar seg mot framandspråklege med samfunnsengasjement. Sendingane føregår på arabisk, urdu og somalisk. På Mangfoldshuset arrangerer han norskkurs, datakurs, spanskkurs, temakveldar, jentekveldar og trening for kvinner. Han arrangerer òg ferieaktivitetar for barn og unge.
Prisen for Årets førebilete vert delt ut kvart andre år av Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). Vinnarane vert føreslegne av kommunar og organisasjonar i Noreg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Minoritet
mone@dagogtid.no
Aziz Ur Rehman er leiar i Rådet for innvandrarorganisasjonar og brenn for at barn og unge med minoritetsbakgrunn skal verte meir aktive samfunnsdeltakarar.
– Barn og unge med minoritetsbakgrunn treng rollemodellar på fritidsarenaer, på skulen, i arbeidslivet og elles i samfunnet. Slik kan dei sjå at mange med deira bakgrunn har klara seg bra, og at dei har mange gode moglegheiter i samfunnet dei er ein del av, sa Rehman på prisutdelinga.
Han vil nytte prispengane på tiltak for barn og unge i lokalmiljøet i Søndre Nordstrand.
– Å vere eit førebilete er å vere noko for andre, å vere til stades og tore å gå fremst, sa barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland då ho delte ut prisen på Nobels fredssenter i Oslo måndag.
– Gjennom den mangfaldige innsatsen han har gjort for likestilling og integrering, er han eit førebilete for oss alle, uttala ho.
Rehman arbeider frivillig som leiar på Mangfoldshuset i Søndre Nordstrand i Oslo og er leiar for radiokanalen Voice of Oslo, som rettar seg mot framandspråklege med samfunnsengasjement. Sendingane føregår på arabisk, urdu og somalisk. På Mangfoldshuset arrangerer han norskkurs, datakurs, spanskkurs, temakveldar, jentekveldar og trening for kvinner. Han arrangerer òg ferieaktivitetar for barn og unge.
Prisen for Årets førebilete vert delt ut kvart andre år av Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). Vinnarane vert føreslegne av kommunar og organisasjonar i Noreg.
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.