JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Raudsjuke

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Raudsjukebakterien er vanleg i jord og vatn, og utegris bør vaksinerast.

Foto: Svein Gjerdåker

5127
20220708
5127
20220708

Det er sommar, og nokre få, heldige grisar får sleppe ut frå fjøset og leve eit liv som «utegris». Grisar har stor glede av å grave i mold og springe rundt saman med venene sine. Stadig fleire forbrukarar vil ha prov på at dyra dei et til middag, har hatt eit godt liv.

Det er lett å sjå for seg at gris som får vere utandørs, har eit betre og meir innhaldsrikt liv enn dei som heile livet står stua saman i ein binge med hardt golv av betong. Men utelivet har òg sine ulemper – ei av dei kjenner vi som sjukdomen raudsjuke.

Knuterosen

Raudsjuke er ein velkjend bakterieinfeksjon for alle som held på med gris. Sjukdomen kan opptre i akutt form med døyeleg blodforgifting, ein litt mildare form med feber og raudt utslett på huda eller som ein kronisk betennelse i ledd og på hjarteklaffane. Utslettet på huda, som også er grunnen til namnet raudsjuke, viser seg som raude hevelsar med eit litt merkeleg, diamantforma omriss, og frå gamalt blei raudsjuke også kalla «knuterosen». Akutt raudsjuke med høg feber er ofte døyeleg. Rask behandling med penicillin bergar som regel livet, men drektige dyr kan lett abortere og det kan også bli kroniske seinskadar i ledd eller hjarte.

Bakterien, med det flotte namnet Erysipelothrix rhusiopatiae, er vanleg i jord og vatn, og friske grisar er ofte smitteberarar. Dei skil ut bakteriar med spytt og avføring, og smitten kan overleve i mange veker i gjødsel og i jord. Raudsjukebakterien er ein tilpassingsdyktig organisme som kan gje sjukdom hos fleire dyreartar, hos sau og lam kan det til dømes utvikle seg til ein alvorleg leddbetennelse. Smitten finst òg hos andre husdyr, som hest og kalkun, og i vatn, der både fisk og skaldyr kan vere smitteberarar.

Vaksinering

Raudsjukebakterien vart, som så mange andre mikroorganismar, først oppdaga på slutten av 1800-talet, men sjukdomen er truleg langt eldre enn det. Og den energiske franske mikrobiologen Louis Pasteur (han med rabiesvaksinen) var først ute med å teste ein vaksine til gris. Årsaka til hans interesse for raudsjuka var ein stor epidemi med mange daude grisar på gardane i Sør-Frankrike.

Trass i meir enn 100 år med forsking på raudsjuke veit vi enno ikkje heilt kva som er dei sjukdomsframkallande eigenskapane til denne bakterien. Det spelar truleg ei viktig rolle at Erysipelothrix er ein type bakteriar med evne til å infisere dei kvite blodcellen, og på det viset overleve immunforsvaret til verten. Hos kroniske smitteberarar finn vi som regel bakteriane inne i det lymfatiske vevet attarst i svelget (mandlane).

Men vaksine verkar heldigvis godt, og det er ganske vanleg å vaksinere avlspurker mot raudsjuke for å unngå sjukdom medan dei er drektige. Slaktegris som går inne i vanlege bingar, får sjeldan kontakt med raudsjukebakterien, men dyr som går på talle eller djupstrø, er litt meir eksponerte for smitte.

I Noreg slaktar vi om lag 1,7 millionar grisar i året. Mindre enn 1 prosent av desse slepp ut i det fri – der dei kan bli utsette for ein mykje større risiko for raudsjuke. Helsetenesta for svin oppmodar difor til vaksinering av alle utegrisar.

Daud moskus

Også menneske kan bli smitta. Dei som er mest utsette, er naturlegvis gardbrukarar, slaktarar, fiskarar eller andre som har tett kontakt med dyr eller fisk. Det blir som regel lokal hevelse i ein av fingrane, det kan også vise seg som ein meir generell infeksjon i huda, og i nokre få tilfelle utviklar det seg ein meir alvorleg infeksjon med spreiing til lymfekanalane og i verste fall blodforgifting.

I Alaska og Canada har det dei siste åra vore fleire tilfelle med massedaude hos moskus, reinsdyr og elg, og i 2016 fann ei gruppe forskarar ut at Erysipelothrix rhusiopatiae kunne vere årsaka til fleire av desse sjukdomsutbrota. Liknande epidemiar er òg påviste hos fugl og mus. Forskarane som står bak undersøkinga, meiner den raske oppvarminga av polområda fører til endra mikrobiell balanse i miljøet. Dei reknar den allsidige og seigliva raudsjukebakterien som eit mogleg trugsmål mot mange av dei ville fugle- og dyreartane i Arktis.

Nye driftsformer

Men la oss vende tilbake til dei norske utegrisane. Svinenæringa ser ut til å stå i ein smertefull spagat mellom auka krav til dyrevelferd og eit stadig press for å få ned kostnadene. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har rekna seg fram til at utedrift er litt mindre økonomisk effektivt enn å ha grisane inne, men lægre kapitalkostnad på grunn av mindre behov for store, oppvarma fjøs kan gjere opp for litt av skilnaden.

Nye driftsformer må bli utvikla, for i Noreg kan kaldt og vått vêr gjere det utriveleg å ha grisane ute i delar av året. I tillegg må dyra ha eit sikkert vern ikkje berre mot raudsjuke, men mot andre plager, som svinepest, trikinar og andre parasittar. Og, ikkje minst, for å tene like mykje på å ha grisane ute måtte gardbrukarane få 5 til 10 kroner meir for kiloen når dei sender grisane til slakt.

Og det er vel her velferda møter veggen. Vil forbrukarane tole ein slik prisauke, når vi er vande med å ete 20 kilo billeg norsk svinekjøt i året?

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Raudsjuke er ein velkjent bakterie-
infeksjon for alle som held på med gris.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis