JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Nordisk-baltisk vals i Vilnius

VILNIUS: Då Norden vart splitta mellom stormaktsblokkane, tvinga det fram eit nordisk samarbeid. Det omfattar sjølvsagt Baltikum òg ­– i år med Vilnius som vertsby.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Stikliu gatve – som går frå universitetet til rådhuset i gamlebyen i Vilnius – øver eit nyvigt par seg på brurevalsen dei skal dansa om kvelden.

Alle foto: Håvard Rem

11455
20220513

LITAUEN

Del 1. Nordisk-baltisk samarbeid

I Litauen møter Håvard Rem soldatar og poetar, politiske analytikarar og historiske aktørar.

Folketal: 2,8 mill.
Flatemål: 65.300 km2
Hovudstad: Vilnius
Religion: Romersk-katolsk (74 prosent)
Etnisitet: Litauarar (85 prosent), polakkar (6 prosent), russarar (4 prosent)

Sjølvstende: 1918

Okkupert (Sovjetsamveldet): 1940/1944–1991

Landegrense til: Russland, Kviterussland, Latvia og Polen
Sjøgrense til: Sverige, Latvia og Russland

havard@dagogtid.no

Kvar i verda er ein når ein er i Vilnius? I Baltikum, ja, men der bur det samla ikkje fleire enn i den femtande største byen i Kina. Så i kva del av verda ligg han, hovudstaden i Litauen? I Aust-Europa? I Visegrad-regionen? I det tidlegare Sovjetsamveldet? Eller i Austersjø-området, i ein ende av hesteskoen som Sverige og Finland er del av? Med andre ord: Er eg nærast i Norden?

Tja. Området kring parlamentet og hovudgata i nybyen har eit kjølig, lett stalinistisk preg. Breie og snorrette avenyar er kringsette av brutalisme frå sovjettida. Hjå meg vekkjer det gamle, men ikkje så gode minne frå Minsk, hovudstaden i grannelandet Kviterussland.

Atmosfæren er ein annan i gamlebyen. Her vaknar ikkje minne frå Minsk, men frå Kraków og kan henda Stockholm. I eit portrom finn eg døra til Litauen-kontoret til Nordisk ministerråd, leidd av svenske Helén Nilsson, eit steinkast frå den svenske ambassaden, i Didzioji gatve ­– gatve er litauisk for gate. Venare gamleby skal ein leita lenge etter, seier eg, gamlebyfetisjisten. Slik somme finn fred i skogen, finn eg fred i gamlebyar.

Bilane er få. Turistane òg. Gamlebyen, eigenleg fleire bydelar, er uvanleg heilskapleg. Moderne bygg er ikkje å sjå. Vantande velstand i etterkrigstida berga dei gamle kvartala. I dag er det ikkje fattigdom, men medvit som tek vare på fortida. Augo og øyre vert skjerma mot forureining. Lidl-butikken får syna logoen sin over inngangen, men blank, utan dei skrikande varemerkefargane.

NB8

Kva gjer eg i Vilnius denne vonde våren? Er det noko her å skriva heim om? Nordisk ministerråd-direktør Helén Nilsson møter eg på veg til det årlege NB8-møtet, lagt til Vilnius av di Litauen i lagnadsåret 2022 har formannskapen i NB8.

NB8? Nei, eg hadde ikkje høyrt om samarbeidsforumet, eg heller. N-en står for nordisk, B-en for baltisk og talet for dei åtte landa: Noreg, Sverige, Finland, Danmark, Island, Estland, Latvia og Litauen.

­– Me skal få Litauen til å velja nordisk, fortel Nilsson.

­– På kva felt?

– Økonomi og handel. Eksport og investeringar.

­– Andre felt?

– Demokratisk utvikling. Verdiar. Mangfald og integrering. Sosial berekraft. Og ikkje minst: det grøne skiftet.

Dei siste stikkorda er stikkord for det årlege NB8-møtet i dag òg. Men dei skal syna seg å koma i bakgrunnen. Ikkje av di litauarane er vel så interesserte i nordiske pengar som i nordiske verdiar – kulturelt ligg Litauen vel så nær dei fire landa i Visegrad-gruppa: Polen, Slovakia, Tsjekkia og Ungarn. Nei, av di okkupasjonsmakta deira gjennom 50 år, Russland, har sett ein ny dagsorden ved å invadera Ukraina.

For seint

Eit nordisk-baltisk samarbeid er ikkje sjølvsagt, like lite som eit reint nordisk samarbeid var det. Me har ikkje alltid vore eit fredeleg hjørne av verda. Krig og ufriviljuge unionar har prega Norden òg. Finland var kasteball mellom Sverige og Russland, Noreg mellom Sverige og Danmark. Då Noreg for berre drygt hundre år sidan ville ut av unionen med Sverige, fanst ikkje noko Nordisk råd å leggja saka fram i.

Ikkje før Danmark og Sverige fekk smadra stormaktsambisjonane, kunne ein tenkja på jambyrdig samarbeid. Men då tida var mogen, var det for seint. Etter andre verdskrigen vart den nordiske blokken delt mellom stormaktsblokkane, aust- og vestblokken, Sovjet og USA, Nato og Warszawapakta.

1949: Nato

Og Baltikum? Lagnaden til Litauen synte at freden i 1945 ikkje var fred. I 1949 var Noreg, Danmark og Island med på å skipa ein militær vestblokk. Av omsyn til austblokken vart Sverige og Finland ståande utanfor. For å hindra at den nordiske blokken fall heilt frå kvarandre, skipa ein i 1952 Nordisk råd, der nordiske parlamentarikarar ikkje berre prata i lag, men gjorde vedtak òg, om passfridom og sams arbeidsmarknad og borgarrettar.

Forsvars- og tryggingspolitikk prata ein ikkje om. At alle dei nordiske forsvarsministrane ein dag skulle møtast, av alle stader i Kirkenes, ei mil frå den russiske grensa, var utenkjeleg. Men som lesarar har fått med seg: I går hende det.

Når historia rører på seg, vert det utenkjelege sjølvsagt før ein rekk å senda ut møteinnkalling.

1972: EU

For å venda attende til den kalde krigen: Vel tjue år etter Nato-skipinga vart Norden stykka opp av ein ny stormaktsblokk, EU. Delinga såg ut til å fylgja dei same linene som sist: Nato-landa i Norden gjekk inn i EU, og dei andre vart ståande utanfor både Nato og EU.

Men nei. Medan Danmark gjekk inn i 1972, valde to Nato-land – Island og Noreg ­–?å stå utanfor. No var Norden så delt på kryss og tvers at dei fem landa fann det naudsynt å samarbeida på regjeringsnivå òg. Nordisk ministerråd vart skipa under EU-striden i 1971.

Nok ein gong fekk ein sjå at rørslene til stormaktsblokkane legg føringar for samarbeidet i den nordiske blokken.

1991: Sovjetsamveldet

Etter nye tjue år vart vilkåra for nordisk samarbeid endra igjen, men denne gongen var det ikkje Nato eller EU som la føringane, men den tredje stormaktsblokken, Sovjetsamveldet. Og no nærmar me oss NB8. Slik Nato og EU hadde fått nasjonalstatar, byrja Sovjetsamveldet å mista nasjonalstatar. Den fyrste dei mista, var Litauen. Halvtanna år seinare forlét dei andre baltiske landa Sovjetsamveldet, dei òg.

Kva hadde det å seia for skiljelinene i Norden? Var det tilfeldig at Sverige og Finland i same år, i 1991, kjende seg frie til å søkja om medlemskap i EU? Ja, Noreg søkte òg, men søknaden vart avvist i folkerøystinga i 1994, året dei to grannelanda våre vart medlemer.

Nordiske skiljeliner gjekk meir på kryss og tvers enn nokon gong. Norden romma no land som var medlemer av både Nato og EU (Danmark), av Nato, men ikkje EU (Island og Noreg), og av EU, men ikkje Nato (Finland og Sverige).

Baltikum og Norden

Alt i desember 1990 – etter sjølvstendeerklæringa til Litauen, men før Latvia og Estland erklærte seg som sjølvstendige –?møttest for fyrste gong utanriksministrane i dei åtte landa for å drøfta eit samarbeid. Og Nordisk ministerråd, som i si tid var kome til som ein respons på EU-delinga av Norden, opna året etter kontor i alle dei baltiske landa. Og så vart det ikkje-institusjonelle samarbeidsorganet formalisert.

Det opphavlege namnet, NB 5+3, vart i 2000 endra til det noverande, og i 2004 var eit førebels mål nådd. Eit samarbeid som i 1990-åra bar preg av bistand, hadde i 2004 vorte partnarskap – av di Litauen og dei baltiske systerlanda same året vart tekne opp som medlemer i både Nato og EU.

NB8 + Visegrad

NB8-møtet i Vilnius går føre seg i den finske ambassaden, i eit nytt næringsbygg vest for gamlebyen. Dagsordenen vert overstyrt av det utenkjelege: dei komande finske og svenske søknadene om medlemskap i Nato. Av di vilkåra for nordisk og nordisk-baltisk samarbeid speglar tilhøvet dei einskilde landa har til stormaktsblokkane, er det som om heile salen veit at 2022 kan verta eit år som 1949, 1972 og 1994.

Den litauiske utanrikspolitikaren Tomas Irnius gjer greie for prioriteringane til Litauen som NB8-vertskap i 2022. Han legg ikkje skjul på at Litauen ser det som ei styrking av det internasjonale omdømet sitt å verta assosiert med Norden.

­–?Difor vil me prioritera å gjera NB8 meir kjent som varemerke, fortel han.

Når han konkretiserer områda som no er viktige å samarbeide om, handlar det ikkje primært om nordiske verdiar, moralske eller monetære, men om tryggingspolitikk: utanrikspolitikk, diplomatisk samordning, sivil og digital tryggleik, og ikkje minst militært samarbeid.

Som litauar, med både Russland og Kviterussland som granneland, ynskjer han òg å prioritera ei utviding av NB8-formatet. Slik NB 5+3 i si tid hadde vorte NB8, ser han føre seg eit nytt plussteikn no: NB8 + Visegrad.

Å få land som Ungarn om bord i båten gjer det neppe enklare å manøvrera Nordaust-Europa mot nordiske verdiar som demokratisering, mangfald og grønt skifte, men i lagnadsår vert prioriteringar annleis enn i vanlege år.

Den norske ambassaden

Etter møtet gjeng deltakarane i samla flokk den korte vegen til ei mottaking i den norske ambassaden. Om den finske har moderne konferansefasilitetar, har den norske stor hage og sosiale fasilitetar. Vert og ambassadør Ole T. Horpestad byr på forfriskingar og djup innsikt i regionen. Fram til for halvtanna år sidan var han ambassadør i Ukraina, og då han tok over i Litauen, hadde han Kviterussland med seg i porteføljen sin frå Kyiv. Dei siste månadene har han med gru freista å fylgja lagnaden til dei mange venene frå dei fire åra i Ukraina. Når eg får han på tomannshand, fortel han:

­­­– Ukrainarane og russarane har vore så samanvovne. No er tilhøvet mellom dei øydelagt for fleire generasjonar.

– Og litauarane?

–?Det er ei sterk uro i folket her. Litauarane har vent seg til mykje, men dei siste hendingane har vore vonde.

–?For mange skandinavar har invasjonen kome som ei oppvakning. Er det slik her òg?

– Litauarane har nok vore vakne ei god stund.

Ei uvanleg veke

Norden endrar seg kvar gong det vert rørsle i stormaktsblokkane – i 2022 på eit vis som liknar kontinentaldrift.

Tysdag synte ei meiningsmåling at tre av fire finnar ynskjer Nato-medlemskap. Onsdag synte ei måling at seks av ti svenskar ynskjer det, dei òg, og same dag møttest som nemnt dei nordiske forsvarsministrane i Kirkenes. Før dei braut opp derfrå, tvitra i går Finlands president og statsminister at landet lyt søkja medlemskap så snøgt som råd er. Skal ein tru kjeldene, kjem ein finsk søknad sundag og ein svensk måndag.

I Noreg, der Nato-spørsmålet i 75 år har skapt bitter splid på venstresida, og framleis gjer det, kan me merka oss at det både i Sverige og i Finland er parti på venstresida, med kvinnelege leiarar, som no fører landa inn i Nato.

Har du born og barneborn, lyt du fortelja dei at 2022 ikkje var eit vanleg år.

Brusteinsvals

Attende i gamlebyen slår eg meg ned ved eit kafébord i stemningsfylte Stikliu gatve. Her er det ikkje reklameskilt, men smijarnslykter og blømande klatreplantar som heng høgt over brusteinen. Eit ungt par kjem mot meg i langsam vals. Dei har nett vorte vigde i kyrkja kring hjørnet, og legg no siste hand på valsen dei skal dansa i kveld. Når eg ikkje kan dy meg for å fortelja brura kor ven ho er, takkar dei og vil vita kvar eg kjem frå. Svaret får dei til å stråla.

Stemninga mellom folk er motsetnadsfylt. På den eine sida uroar dei seg over krigen. På den andre sida gler dei seg dagleg over å høyra til ein veksande vestblokk. Gleda vert på eit vis styrkt av uroa.

Når stormaktsblokkar veks, veks dei indre motsetnadene òg. Det veit litauarane alt om, okkupert inn i Sovjetsamveldet som dei var i nær femti år.

No er det nye stormaktsblokkar som veks, og i hjarta av dei nye motsetnadene står litauarane – med Russland og Kviterussland i aust, med Visegrad-landa i sør og med Norden i nord.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slik somme finn fred i skogen, finn eg fred i gamlebyar.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis