– Her varte andre verdskrigen til 1990
VILNIUS: I KGB-museet vert eg kjend med 50 års kommunistisk okkupasjon. Så møter eg litauaren som leidde landet ut av Sovjetsamveldet.
Vytautas Landsbergis, som fyller 90 år i haust, leidde Litauen ut av Sovjetsamveldet i 1990, som den fyrste utbrytarrepublikken.
Foto: Håvard Rem
Les også
Major Stian Stormo, leiar for Noregs motoriserte infanterikompani i Litauen, syner korleis sprengkrafta vil øydeleggja stålbjelkene i brua.
Alle foto: Håvard Rem
Å byggja bruer og sprengja dei
Les også
Den litauiske lyrikaren Indre Valantinaite ved den dominikanske Heilagande-kyrkja i gamlebyen i Vilnius.
Alle foto: Håvard Rem
Nordens Jerusalem
Les også
I Stikliu gatve – som går frå universitetet til rådhuset i gamlebyen i Vilnius – øver eit nyvigt par seg på brurevalsen dei skal dansa om kvelden.
Alle foto: Håvard Rem
Nordisk-baltisk vals i Vilnius
LITAUEN
Del 2. Verdskrig til 1990
I Litauen møter Håvard Rem soldatar og poetar, politiske analytikarar og historiske aktørar.
Folketal: 2,8 mill.
Flatemål: 65.300 km2
Hovudstad: Vilnius
Religion: Romersk-katolsk (74 prosent)
Etnisitet: Litauarar (85 prosent), polakkar (6 prosent), russarar (4 prosent)
Sjølvstende: 1918
Okkupert (Sovjetsamveldet): 1940–1941/1944–1991
Landegrense til: Russland, Kviterussland, Latvia og Polen
Sjøgrense til: Sverige, Latvia og Russland

havard@dagogtid.no
Når eg ein ledig føremiddagstime sit i ein park i Vilnius og les boka Poesi fra Litauen, kjem eg i prat med ein veninnegjeng frå Sunnmøre som nett har landa til ei langhelg i hovudstaden. Ei av dei spør:
– Kva vil du råda oss til å sjå?
– KGB-museet, svarar eg, med kortforma av det offisielle namnet: Okkupasjons- og fridomskampmuseet.
Sovjetiske KGB hadde hovudkvarteret sitt i bygget under den fyrste (1940–41) og andre (1944–90) sovjetiske okkupasjonen. I kjellaren dreiv russarar og torturerte og skaut litauarar som sette heimlandet føre kommunismen. Under tysk okkupasjon (1941–44) var det hovudkvarter for den tyske tryggingstenesta. Museet held til i ei fløy av eit bygg frå 1899, opphavleg ein rettsbygning, som det er i dag òg.
– Kvar ligg det?
– Rakt ved parlamentet, regjeringskontora og nasjonalbiblioteket, i hovudgata.
– Som heiter?
– Gedimino-avenyen.
Storfyrsten Gediminas (1275–1341) grunnla Stor-Litauen, men gatenamnet er frå nyare tid. Under den tyske okkupasjonen heitte hovudgata Adolf-Hitler-Strasse og under sovjetisk okkupasjon fyrst Stalin-avenyen, sidan Lenin-avenyen – namn som Karl Johans gate heime har vore spart for.
Sams soge
Men bur du i Noreg, har du likevel føresetnader for å skjøna litt av Litauen. Båe er me små land, Noreg med 5,6 og Litauen med 2,8 millionar innbyggjarar. Båe hadde me ein gullalder på 1200–1300-talet, då Noregsveldet femnde Vesthavet og Stor-Litauen nådde til Svartehavet.
Båe vart me så underlegen part i ufriviljuge unionar med mektigare granneland, Noreg under Danmark, Litauen under Polen. Båe morsmåla vart då reduserte til munnlege kjøkenbordspråk, av di elitane nytta kolonispråka dansk og polsk. I båe landa vart språkreisinga i siste helvta av 1800-talet avgjerande for å atterreisa nasjonal identitet. Båe landa fekk seint sjølvstende, Noreg i 1905, Litauen i 1918 – med norsk anerkjenning i 1921, og russisk året før, og då «til evig tid».
Båe landa var framleis unge nasjonar då dei vart okkuperte av Hitler-Tyskland i 1940, Noreg i fem år, Litauen i fire. Og i båe landa vart tyskarane jaga ut av Den raude armé i 1944.
Jau, her er mykje sams soge. Men i 1945 tek likskapen slutt. Då andre verdskrigen var over, vart sovjetiske styrkar ståande i Noreg i fem månader, medan dei i Litauen vart ståande i 45 år.
Og desse siste 50 åra gjer at det for oss som nordmenn likevel ikkje er så lett å skjøna Litauen. For då må ein skjøna at det ikkje berre er nazisme litauarane ikkje orkar meir av. Dei orkar ikkje meir kommunisme heller. Dei tenkjer ikkje som vi at kommunismen eigenleg er ein bra idé, berre litt for god for denne verda, og difor stundom slår feil.
Emoseum
– Dit dreg me i morgon, seier sunnmørsjentene og ser på kvarandre.
– Det er ope til klokka 18. Ikkje dra dit om morgonen.
– Kvifor ikkje?
– Resten av dagen orkar ein ikkje stort.
At ei museumsvitjing kan verta emosjonell, har ikkje kome med alderen, for eg var ung då eg vitja inkvisisjonsmuseet i Toledo. Korleis kan ein fiks idé få folk til å pina andre i hel? Tankefull har eg forlate museum i Phnom Penh, Ho Chi Minh-byen, Hiroshima – og no Vilnius.
Kva er så opprørande? Sovjetsamveldets systematiske og langvarige freistnad på å likvidera eit folk. Tvangskollektiviseringa av landbruket og øydelegginga av kulturlandskapet. Medan me feira fridomen 8. mai 1945, heldt væpna kampar fram i Litauen til 1953. I krigsåra vart 25.000 litauarar drepne og 130.000 deporterte til Sibir – av dei var sju av ti kvinner og born.
Manglande merksemd
Me er sjølv eit lite land som har vore okkupert. Kva lærte me på skulen om litauisk sjølvstende? Kva veit me i dag? Eg les i leksikon. At Hitler-Tyskland 22. juni 1941 gjekk til åtak på Litauen, kallar Wikipedia «den tyske invasjonen av Sovjetunionen» og Store norske leksikon «Nazi-Tysklands angrep på Sovjetunionen».
Jau, Litauen var då okkupert av russarane, slik Noreg var okkupert av tyskarane då Sovjetsamveldet gjekk inn i Noreg og Finnmark i 1944, men me kallar det ikkje «den sovjetiske invasjonen av Tyskland».
Då Den raude armé gjekk inn i Finnmark, hadde Noreg vore «tysk» i fire–fem år, men var framleis å rekna som Noreg. Då tyskarane gjekk inn i Litauen, hadde landet vore «sovjetisk» i berre ni månader, og var ikkje lenger å rekna som Litauen, skal ein tru leksikona.
1989
Eg les samlinga Poesi fra Litauen. En antologi 1780–1980 med nye augo. Boka omtalar russisk undertrykking og forfølgde litauiske poetar under tsardømet, men ikkje under Sovjetsamveldet. I eit avsnitt om nasjonalpoeten Vincas Kurdirka (1858–1899), som skreiv den litauiske nasjonalsongen, forboden under kommunismen, vert det så vidt nemnt i ein parentes: «Litauens (nå forbudte) nasjonalsang». Nær 50 års brutal okkupasjon vert kommentert i forbifarten som «de senere decenniers russifisering». Den rike partisandiktinga frå krigen i 1940- og 1950-åra er ikkje nemnt – som om motstandsdikt vart utelatne frå ein norsk antologi.
Når kom eigenleg boka ut? I 1989. Kva var stoda i Litauen på den tida? Landet var i ein lagnadstime. Det som sumaren 1988 var ei reformrørsle, inspirert av Gorbatsjov, kravde i februar 1989 sjølvstende. Sajudis, «Rørsla», vart leidd av Vytautis Landsbergis, ein 58-årig pianist og musikkprofessor som i mars 1990 tala Moskva midt imot og erklærte Litauen som sjølvstendig – som fyrste, men ikkje siste sovjetiske utbrytarrepublikk.
Berlinmuren fall i dette tidsrommet, men kvar var merksemda om Litauen? Kvifor var det så uproporsjonalt, engasjementet for Ungarn, Tsjekkoslovakia og Aust-Tyskland på den eine sida, og for Litauen og resten av Baltikum på den andre? Vende me oss vekk i frykt for destabilisering og kjernefysiske våpen?
Kvar var norsk ålmente? Ja, kvar var eg? I 1989 var eg redaktør for eit litteraturtidsskrift og tinga ein brei gjennomgang av den omsette lyrikken i Noreg, av Poesi fra Litauen òg. I essayet, som i sjølve boka, er 50 års okkupasjon referert til berre i forbifarten, som «den posisjonen tradisjonen, naturen og fedrelandskjærligheten har hatt for litauiske diktere – noe som er ganske naturlig dersom man tar deres historie i betraktning».
Gjort er gjort. Men for litauarane er det ikkje så enkelt å leggja det bak seg når Russland no går til krig mot eit systerland i aust. Vakta i Okkupasjons- og fridomskampmuseet grøsser når eg spør henne om invasjonen.
Kupp i Moskva
– Kva opplevde du som den farlegaste situasjonen i samband med lausrivinga?
Eg spør han som leidde det fyrste landet ut av Sovjetsamveldet, Vytautas Landsbergis. Eg sit i stova hans i eit ambassadestrok i Vilnius. Han svarar:
– Mest kritisk var det 19. august 1991. Då fekk eg ein telefon frå general Fjodor Kuzmin, øvstkommanderande for dei sovjetiske styrkane i Baltikum. Han sa: «Frå i dag er ei ny regjering innsett i Moskva. Presidenten er sjuk.» Men Gorbatsjov var ikkje sjuk, han var i husarrest på feriestaden. Åtte gamalkommunistiske regjeringsmedlemer hadde teke makta i Moskva for å stogga reformene og atterreisa Sovjetsamveldet.
Mellom andre KGB-leiaren, statsministeren og forsvarsministeren tok del i kuppfreistnaden. Landsbergis held fram:
– Generalen sa: «Du er utnemnd som ansvarleg for det baltiske området, og frå i dag lyt Litauen lystra overkommandoen i Riga.»
– Som han leidde?
– Ja.
– Kva svara du?
–?Eg sa: «Du tek feil. Me kjem ikkje til å lystra», seier Landsbergis med ein liten lått.
– Og då svara generalen?
– Som forventa sa han: «Me handlar i samsvar med grunnloven vår.» Eg svara: «Greitt, men grunnloven dykkar er ikkje grunnloven vår.»
Nok ein gong kjem ein stille lått før han held fram:
– Eg sa: «Om de vil handla i samsvar med grunnloven dykkar på vårt territorium, då held de nok ein gong fram med aggresjon, invasjon og okkupasjon. Ynskjer de å verta okkupantar att? Set i gang. Du har ikkje rett til å utferda nokon ordre her.»
– Kva hende så?
–?Me var i limbo eit par dagar, til kuppmakarane vart arresterte. Målet vårt var å lausriva oss utan krig, og det klarte me. Førebiletet var Noreg, som lausreiv seg frå Sverige utan krig. Diverre er mentaliteten i Moskva ein annan. Rett kviler på makt. Slik er det i dag òg. «Ikkje irriter meg, for då vert eg grufull.»
– Men etter at Den raude armé frigjorde Finnmark, trekte dei seg attende.
– Jau, men dei tok ein bit av Finland for å få den grensa til Noreg som dei ynskte seg.
Fredsforlik
I haust fyller Landsbergis 90 år. Han er framleis synleg. På store skilt i Vilnius oppmodar kjende litauarar folk om å støtta Ukraina, og Landsbergis tek del i kampanjen. Familien har prega landet i generasjonar. Farfar hans var ein kjend dramatikar, fengsla for kampen sin for litauisk målreising og sjølvstende kring 1900. Far hans var Litauens mest kjende arkitekt i sjølvstendetida mellom verdskrigane. Son hans er forfattar og filmskapar, medan sonesonen er Litauens utanriksminister. På veggen i stova heng portrettet av morfaren, lingvisten Jonas Jablonski (1860–1930), som utvikla den litauiske skriftnorma, avgjerande for sjølvstendet. Forskarar samanliknar han med Ivar Aasen.
– Kva trur du om krigen no?
– Kven vinn? Vinnaren dikterer alltid fredsforliket. Vinn Russland, lyt Vesten godta eit finlandisert Ukraina.
– Og om Ukraina og Vesten vinn?
–?Då må alle avtalar gjerast på nytt. Då mistar russarane Kaliningrad, eit militært område dei no har mellom Polen og Litauen. Japan vil ta kontroll over Kurilane, der det heller ikkje finst nokon avtale. Og av tryggleiksomsyn kan Noreg sjølvsagt krevja at Russland forlèt Svalbard.
Kveld
Om kvelden diskuterer eg livet og lagnaden med litauiske vener.
– Tenk at her varte andre verdskrigen heilt til 1953, seier eg og deler inntrykka frå museet.
– Det er ikkje rett, kjem det kontant.
– Kor lenge varte han, då, spør eg.
– Til 1990.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.