JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Når himmelen blir stille

Mistru alle som har ei enkel forklaring på at sjøfuglane blir borte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lundefugl med fangst av sildelarvar i 2019. Når sildelarvene er så lite utvikla, mettar dei ikkje nok til at fugleungane kan vekse seg sterke.

Foto: Tycho Anker-Nilssen

24090
20220715
24090
20220715

peranders@dagogtid.no

Det er ei vakker verd eg reiser gjennom – natur kan knapt kjennast friskare og reinare enn farvatna sørvest for Røstlandet. Om eg ikkje visste betre, ville eg ikkje ant at noko var gale. Men noko er alvorleg gale.

Steve Baines sakkar på farten i det båten passerer den kneisande, grøne Vedøya.

– Det er så stille her no. Du skulle høyrt korleis det var før, seier han.

Eg har lese skildringane av korleis det skulle ha vore no i slutten av juni. Øyane sørvest for Røstlandet var lenge det største sjøfuglsamfunnet i Noreg. I dei beste åra hekka eit milliontal fuglar i desse fjella i havet. Lundebestanden åleine var på kring 2,8 millionar. Og lufta kring Vedøya, den største krykkjekolonien, skulle ha dirra av det øyredøyvande skvalderet frå tusenar av kvite fuglar i skytteltrafikk mellom reira i bergveggene inne på øya og matforsyninga i det rike havet rundt oss.

«Det er som et blendende sommersyn når krykjesvermene reiser opp, det er som luft, som ånd, som ingenting, er skrik som flagerer forbi», skreiv Carl Schøyen i Fuglefjell frå 1929, den klassiske boka om fuglelivet på Røst. Så seint som i 1980-åra hekka det kring 5000 krykkjer på Vedøya.

– No er det ingen att, seier Baines. Ingen.

Forsvinninga til krykkjene på Vedøya er ein del av den store soga om fallet i dei norske sjøfuglbestandane. Baines har sett utviklinga på nært hald gjennom mange år. Lagnaden hans vart forma av fuglane i Røst-arkipelet. Som biologistudent frå Leeds kom han 22 år gammal til den vesle øygruppa sørvest for Lofoten i 1977. Baines var hyra inn som assistent for den sveitsiske forskaren Beat Tschanz, som studerte hekkinga til lomvien. Men dei to hadde misforstått kvarandre.

– Eg trudde Tschanz skulle betale heimreisa mi da hekkesesongen var over, men han meinte avtalen var at eg berre fekk dekt kost og losji. Så eg måtte ta arbeid på fiskemottak for å tene opp pengar til billetten.

I løpet av sommaren skifta Baines meining. Heime i England var det høg arbeidsløyse og dårlege utsikter. Jobben på Røst var greitt betalt, og ikkje minst hadde han blitt bergteken av det rike fuglelivet her ute. Så han vart verande. Etter kvart fekk han jobb på flyplassen på Røst, og han vart ein dedikert fuglekikar med kunnskapar om sjøfugl som få profesjonelle ornitologar kan matche.

Baines styrer båten stødig gjennom dei straumharde sunda mellom øyane. Eg kjenner meg heldig. I går var det kuling, og i morgon blir det kuling. Men i dag er det berre frisk bris, og gammalsjøen frå i går er fullt handterleg for ein båt på skarve 18 fot.

Ferda vår går sørvestover langs eit smaragdkjede av øyar, glødande grøne av gras, grundig gjødsla som dei er gjennom mange tusen år med fugleskit, og rike på usynleg historie.

Oppe på det ruvande Storfjellet låg det underleg nok ein storgard i mellomalderen, der fuglefangst og eggsanking truleg var ein viktig del av livsgrunnlaget. Vi passerer den låga Sandøya, som mange meiner var staden der overlevarane frå det forliste venetianske skipet «La Querina» berga seg i land i 1432.

Så kjem Trenyken med sine tre karakteristiske toppar. Eg har aldri vore i land der, men eg veit at oppe i fjellsida ligg ei djup berghole kalla Helvete, med holemåleri som kan vere kring 3500 år gamle. Det overdådige fuglelivet i fjella her har vore ein del av livsgrunnlaget for menneske heilt sidan steinalderen.

Og i moderne tid fekk eggsanking og lundefangsten til tider verkeleg stort omfang. På eitt år under andre verdskrigen skal det ha blitt selt 200.000 tønnesalta lundefuglar frå desse øyane. Denne matauken var solid rotfesta i kulturen her ute, og nokre få røstværingar heldt fram med tjuvfangst også etter fredinga av lunden i 1989. Men når det stilnar i fuglefjella i dag, er det slett ikkje lokalbefolkninga si skuld.

Ei av delforklaringane på fugle­døden kan eg sjå med eigne auge. Over Trenyken svevar fire havørnar, fire av dei mange som heng rundt fjella her på konstant matjakt no i hekkesesongen. Sidan fredinga i 1968 har den største rovfuglen gjort comeback langs heile norskekysten, frå Østfold til Finnmark. Men denne suksessen har hatt ein kostnad for andre artar. Havørnen kjem eg attende til. Men no er vi framme ved målet: Hernyken, den siste øya før Skomvær fyr.

Baines styrer båten inn i eit smalt sund som skjermar for bårene frå sør. Hernyken har inga hamn og inga kai, så Baines kastar ut dreggen. Ein rank og slank eldre mann står på svaberget og tek imot oss. Tycho Anker-Nilssen er den store autoriteten i norsk sjøfuglforsking. Han er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking og har følgt opp- og nedturane til bestandane ved Røst gjennom 42 somrar. Vi går opp til den smålåtne feltstasjonen. Bygget glir diskre inn i terrenget, det er grått som steinane i ura kring huset. Her har forskarar teke pulsen på sjøfuglbestandane på Røst sidan 1960-åra. Og for tida er pulsen svært svak.

– Eg ville nok ikkje sett pengane mine i lundeaksjar i år heller, seier Anker-Nilssen og skjenkar kokekaffi i krusa.

No kring sankthans er dei fleste lundeegga klekte, og observasjonane til det vesle forskarteamet på Hernyken tyder på at mattilgangen er for dårleg også i år. Snart kjem lundeungane til å svelte i hel, slik nesten alle lundeungar på desse øyane har gjort kvar sommar sidan 2006 – den siste vellukka hekkinga. Berre den lange levealderen til lunden – han kan bli over 40 år gammal – gjer at bestanden ikkje har kollapsa.

– Vi har vore bekymra for alderdoms­svekking av fuglane. Lundane som hekkar her, har ein snittalder oppe i 20-åra, seier Anker-Nilssen.

– Dei fleste artar produserer dårlegare ved høgare alder. Men vi ser at lundane her eldast saktare enn i koloniar andre stader. Det er truleg fordi foreldra gjev opp tidleg: Dei brenner ikkje opp krutet på å skaffe mat til ungen når dei ser at det er fåfengt.

Øya Trenyken er eit landemerke i havet sørvest for Røstlandet og fødestove for hundretusenvis av for sjøfuglar. Men noko er gale i dette fugleparadiset.

Foto: Per Anders Todal

Lundefuglpara får berre éin unge i året, og dei er samvitsfulle foreldre berre opp til eit visst punkt: Til slutt gjev dei opp og reiser til havs for å gjere seg feite sjølv om ungen ikkje er i stand til å klare seg. Foreldra bergar seg sjølve på det viset, men berekraftig er det ikkje. Og medan lundebestanden på Røst-øyane er redusert frå nær halvannan million hekkande par kring 1980 til noko over 200.000 i dag, står det enda verre til med andre fugleartar her. Krykkjene er alt nemnde, heile Røst-bestanden er nesten utradert. Det same gjeld lomvien, som i velmaktsdagane hadde ein hekkebestand på kring 12.000 par berre på Vedøya. Også det større biletet er dystert: Dei aller fleste av dei 54 sjøfuglartane som hekkar i fastlands-Noreg, går attende, og to tredelar står på den norske raudlista.

– Når du har sett alle desse mislukka hekkesesongane, med alle dei døde fugleungane, går det nokon gong inn på deg?

– Det er lett å bli mismodig på vegner av lundane her, men eg er vel litt for mykje realist til å late det gå verkeleg innpå meg, seier Anker-Nilssen.

– Eg er oppteken av å finne årsakene. Så lenge det handlar om naturleg dynamikk, er det ikkje trist. Ein nyleg utklekt fugleunge har alltid dårlege odds for å overleve. Og i det store og heile er fuglebestandane på våre breiddegradar ustabile. Det er alltid store naturlege svingingar. Men når eg ser at vi menneske påverkar bestandane, uroar det meg meir.

Denne sommaren er han til dømes uroa over teikn på at fugleinfluensa har kome til Røst. Forskarane har funne sjuke kråker med mystiske symptom og døde storjoar og svartbakar.

– I Skottland har fleire tusen kvitkinngjæser døydd av fugleinfluensa. Den arten vandrar til Svalbard om sommaren og kan mellomlande her på Røst. Om ei sjuk gås blir eten av svartbak eller havørn, kan smitten vere laus i fuglefjella, seier Anker-Nilssen.

– Og fugleinfluensaen er menneskeskapt. Han kjem frå store fuglefarmar som er slik dei er, fordi vi vil ha kylling som ikkje kostar noko.

Fugleinfluensa er eit dramatisk og uhyggeleg fenomen, men det er ikkje det som ligg bak den store tilbakegangen til norske sjøfuglar gjennom fleire tiår. Så kva er eigentleg årsakene? Forklaringane på sjøfugldøden florerer og er gjerne prega av ståstaden til den som synsar. Somme skuldar på trålarane, somme på plast i havet, somme på oppdrettsnæring og lusegift, somme på fiskegarn som druknar fuglane. Somme skuldar på makrellen som et opp maten til sjøfuglane, somme på havørnen som et opp fuglane, og mange skuldar på global oppvarming.

I blant går det politikk i uvissa. «Vi vet ikke hvorfor en tredjedel av alle sjøfuglene som hekker på fastlandet i Norge, er borte. Vi vet ikke om det skyldes vindturbiner eller kraftlinjer på fuglenes trekkrute», skreiv stortingrepresentant Irene Ojala frå Pasientfokus i eit innlegg i Altaposten 30. juni. Ojala kan kome på vippen i ei stor sak om den norske havvindsatsinga.

For Tycho Anker-Nilssen, som truleg veit meir enn nokon annan om utviklinga til dei norske sjøfuglbestandane, er det ikkje enkelt å få formidla i media at spørsmålet om sjøfugldøden har eit komplekst svar.

– Det er ikkje slik at sjøfuglane døyr fordi vestlendingane har støvsuga havet for fisk, det er for enkelt. Og det er òg for enkelt å berre skulde på global oppvarming. Klimaendringane får ulike utslag på ulike stader, seier Anker-Nilssen.

Det er til dømes ikkje slik at vatnet kring Røst har blitt for varmt for verken sjø­fuglane eller fisken dei et. Både fuglar som lunde og krykkje og fiskeslag som sild og tobis kan klare seg godt ved høgare temperaturar enn her. Lundekoloniane i Skottland har til dømes hatt langt større suksess med hekkinga enn lundane på Røst-øyane dei siste åra. Men oppvarminga av vatnet langs norskekysten dei siste tiåra kan ha andre effektar. Varmen kan til dømes ha fått silda i Norskehavet til å gyte lenger nord enn dei tradisjonelle gytebankane utanfor Vestlandet og Møre. Sildeyngelen reiser nordover med kyststraumen på sin veg til Barentshavet. Og om gytinga skjer for langt nord, rekk ikkje yngelen å bli stor nok til å verkeleg mette fugleungane når han rek forbi Røst. Dessutan har ikkje silda hatt ein god årgang sidan 2004.

Også makrellen kan forklare noko, meiner Anker-Nilssen: Den svære makrellbestanden som har invadert sjøen utanfor Nord-Noreg dei siste 15 åra, kan sluke mykje av sildeyngelen og annan mat for sjøfuglane. Og yngelen til makrellen er ikkje tilgjengeleg for dei hekkande fuglane, for makrellen gyter langt ute i havet. Berre nokre få sjøfuglar, til dømes havsula, nyt godt av makrellekspansjonen. Havsula er da òg ein av dei få artane som har gjort det godt langs norskekysten dei siste åra.

Men så er det den verkeleg store og komplekse forklaringa, den som Tycho Anker-Nilssen legg størst vekt på: Det er store syklusar ute i Norskehavet som styrer mattilgangen for sjøfuglane.

– Veldig mykje av dette blir styrt av dynamikken i havstraumane ute i Nord-Atlanteren. Vi ser mellom anna i data frå 130 år med fuglefangst på Island at det er lange syklusar i ungeproduksjonen til lunden, med kanskje 70 eller 80 år mellom toppane. No er vi truleg nær botnen i ein syklus, med lite plankton ute i Norskehavet. Det får ringverknader oppgjennom heile næringskjeda.

Om det til dømes er lite av det vesle krepsdyret raudåte, det viktigaste dyreplanktonet i Norskehavet, blir det mindre mat for både sildeyngel og tobis. Tobisen er ein åleliknande liten fisk med høgt feittinnhald, som kan berge lundeungane når silda sviktar. Og medan sjøfugl i mange koloniar nærare fastlandet kan finne føde også inne i fjordane, er fuglane ved Røst heilt prisgjevne dei store rørslene ute i det opne havet.

– Når det er mykje plankton i Norskehavet, er næringstilgangen her kolossal. Men om ikkje maten kjem frå havet og inn på kontinentalsokkelen utanfor Nordland, slit fuglane.

Det er først og fremst kring Norskehavet at dei norske sjøfuglane er i krise, understrekar Anker-Nilssen.

– Kvart hav har sin eigen dynamikk. Vi ser at sjøfuglane generelt gjer det langt betre i Barentshavet enn i Norskehavet. Det gjeld også artar som lunde og lomvi. Men desse store samanhengane er det vanskeleg å få fram i media.

Med slike store naturlege svingingar og med så mange variablar i sving er det ikkje enkelt for oss menneske å vite korleis vi skal forvalte sjøfuglane. Og ofte påverkar vi naturen på måtar som vi slett ikkje overskodar.

Nokre former for menneskeleg utnytting av naturen har til dømes tent somme fugleartar svært godt. Gjennom lang tid har fiskeslo og utkast frå fiskeflåten skapt eit konstant kaldtbord for sloslukarar som havhest og måse. Kanskje var moderniseringa og veksten i fiskeria ei årsak til at havhesten etablerte seg med hekking i Noreg for første gong i 1920-åra.

Men no er utkast av undermåls fisk forbode, og mest mogleg av restråstoffet skal førast til lands og foredlast. Det er prisverdig ressursforvalting, men matfatet til mange fuglar har krympa, og det same har bestandane av måse og havhest langs norskekysten. «Du kan aldri gjere berre éin ting», heiter det i Hardins lov om komplekse system.

– Fiskeria har utan tvil hjelpt mange sjøfuglar, seier Anker-Nilssen.

– Somme effektar av det mennesket gjer, er svært tydelege. Da overfiske og dårleg rekruttering førte til at sildestammen nesten gjekk til grunne kring 1970, var det dramatisk også for sjøfuglane. Andre effektar er ikkje så lette å sjå. Men at nokre sjøfuglar går attende når det blir slutt på utkast, er ikkje noko eg uroar meg over. Slike endringar fører til at vi får eit anna sjøfuglsamfunn, men det vil alltid vere stor dynamikk i havmiljøet. Den einaste tenkjelege stabiliteten i desse bestandane må vere at dei er stabile på null.

Og så er det denne havørnen. I meir enn hundre år prøvde den norske staten å ta knekken på ørnane. Predatorane i naturen var rekna som konkurrentar og skadedyr, og i 1845 vart det innført skotpremie på både rovfuglar og rovdyr. Krigen mot ørnane vart ført med skytevåpen, forgifta åte og reirplyndring, og på Værøy låg dristige folk på lur og fanga ørn med berre nevane.

«Vi kan regne oss til at om få år vil de være helt utryddet, disse stolte, praktfulle fuglene», skreiv Carl Schøyen i Fuglefjell. «Mot de ødeleggelsesmidler menneskene nå har til rådighet, kan selv ikke ørnene stå seg. Bare noen få par hekket sist sommar i tindene hist og her.»

Det var nære på at Schøyen fekk rett. Da arten vart freda i 1968, var det kanskje berre 350 hekkande par att i Noreg. I dag er det truleg meir enn 4000 par i Noreg. Og dette har hatt ein kostnad for andre sjøfuglar – ikkje minst her på Røst.

– Det vi kallar ørneeksplosjonen her, kom på slutten av 1990-talet. Det har alltid vore ein god del ørn her ute om vinteren under Lofotfisket. Men brått vart det langt fleire ørnar her også i hekkesesongen om sommaren. På det meste har eg sett 49 ørnar samstundes over Trenyken, seier Anker-Nilssen.

– Rekorden min på ein dag er 70 ørnar, skyt Steve Baines inn.

Det er noko færre ørnar ved Røst no enn kring 2000, men framleis er dei svært mange. Dagen før eg kom, talde Anker-Nilssen 14. Og ørneinvasjonen har fått store følgjer for dei sjøfuglane som hekkar på opne berghyller. Verst har det gått ut over krykkje og lomvi. Ungane er dei enklaste bytta, men havørnen kan òg sveipe att og fram langs bergveggen til han får tak i ei vaksen krykkje. I tillegg har ørneåtaka biverknader som kan vere enda meir øydeleggande enn hans eige fuglekonsum: Når sjøfuglane flyktar i panikk, ligg egg og ungar att forsvarslause mot glupsk svartbak, ramn og kråke.

– Nedgangen til krykkjene på Vedøya hadde byrja før dette, men ørnane vart dødsstøyten for kolonien. Og av lomviane der er det berre 20–30 par att. Alle som har overlevd, hekkar no inne i sprekker i fjellet. Ingen hekkar ute på dei opne hyllene lenger, seier Anker-Nilssen.

– Menneska heldt havørnbestanden nede svært lenge. Kan det vere at den rikdomen vi har rekna som normaltilstanden i fuglefjella, dels var eit resultat av dette?

– Det er sjølvsagt ikkje umogleg, men vi har ikkje kjelder til kunnskap om det. Kanskje karakteren til dei store sjøfuglkoloniane, med store mengder av fugl som hekka på opne berghyller, dels hang saman med vår forvalting av ørnen. Men det blir spekulasjon.

Dei siste overlevande krykkjene frå Vedøya vart flyktningar. Eg såg asylmottaket deira før eg reiste ut på sjøen med Steve Baines om morgonen: nokre tital fuglar som har bygd reir på ei nedlagd rorbu like ved hotellet der eg bur. På same vis har sjøfuglar mange andre stader langs kysten trekt inn mot sivilisasjonen for å kunne hekke utan trugsmål frå ørn og andre predatorar. Men slike effektar av den sterke veksten i ørnebestanden har vore nokså lite omtala.

I boka Havørna av Gunnar Myklebust (2020) er påverknaden på andre sjøfuglar knapt nemnd. Og overfor NRK avviste den norske havørneksperten Alv Ottar Folkestad i 2020 at havørnen hadde særleg effekt på andre sjøfuglbestandar. «Hvis du ser totalt hva ørnen beskatter, er det minimalt», sa han.

– Berginga av havørnen er ei av dei store suksesshistoriene for naturvernet i Noreg. Er kostnaden for andre artar noko mange fuglevener helst ikkje vil snakke om?

– Det kan godt vere. Vi har sett at auken i havørnbestanden har hatt liknande innverknad i fuglefjell etter fuglefjell langs norskekysten. Eg trur alle som har følgt med på utviklinga i fuglekoloniane, er klare over denne samanhengen. Men folk vektlegg ting ulikt, seier Anker-Nilssen.

– Samstundes er det viktig å understreke at havørnen ikkje er hovudårsaka til at så mange sjøfuglar går attende. Den store nedgangen i talet på lomvi her på Røst skjedde lenge før talet på ørnar skaut i vêret. Også krykkjene hadde gått sterkt attende før ørneeksplosjonen. Men ørnane fekk nedgangen til å gå mykje raskare.

Både Anker-Nilssen og Baines er klare på at det er matmangelen som er hovudproblemet for fuglane, og dei har solid dokumentasjon. Heller ikkje dei krykkjene som har søkt asyl inne i sivilisasjonen på Røst, klarer å fø opp nok ungar til at bestanden kan klare seg, påpeikar Anker-Nilssen.

Vi kler på oss og går ut – Anker-Nilssen skal vise meg eit lite døme på problema sjøfuglane strevar med her. Eit lite stykke oppover i grasbakken over stasjonen har forskarane spent ut eit finmaska nett i kring to og ein halv meters høgd. Medan vi står og ser på, flyg ein lunde i nettet som på bestilling.

Anker-Nilssen går bort og lirkar fuglen varsamt ut av nettet. Han puttar lunden i ei tom plastflaske utan topp – ei tvangs­trøye for den arme fuglen, som verken kan bakse med vengjene eller bite med nebbet. Så byrjar han å leite i graset etter mat som lunden kan ha mista da han gjekk i nettet.

Eg ser ingenting, eg har det ikkje rette blikket. Men Anker-Nilssen tek fram pinsetten og plukkar kjapt opp ti sildelarver – glasaktige, åletynne vesen, ikkje sølvblanke som den silda vi kjenner. Mager kost. Ikkje nok til å feite opp ein svolten lundeunge som ventar inne i jordhola si, dette.

Lunden i flaska blir teken med til forskingsstasjonen. Denne fuglen ber på ekstra verdifull informasjon: Det vesle metallmerket kring foten hans fortel at han har vore fanga før, nærare bestemt sommaren 2017. Kanskje var det Anker-Nilssen sjølv som merkte han. Datachipen i merket fortel mykje om kor lunden har vandra i desse fem åra.

– Desse merka registrerer om det er lyst eller mørkt, og fungerer på same vis som ein sekstant. Når vi hentar ut data frå merket, kan vi rekne ut kor fuglen har vore kvar dag fra august til mai, forklarer Anker-Nilssen.

– Desse brikkene gjer at vi kan følgje fuglane gjennom heile vinteren, om dei så har vore på andre sida av Atlanteren. Sporingsteknologien er som eit eventyr. Det gjev høve til å avsløre mykje meir av mekanismane som påverkar sjøfuglane utanfor hekketida.

Lunden får ein grundig helsesjekk. Han blir målt og vegen, Anker-Nilssen tek fjørprøver som kan fortelje om dietten ute i havet og miljøgifter i kosten, og set til slutt eit nytt merke på beinet til fuglen. Så får fangen sleppe fri, for å dra ut på fåfengd fangst for å fø ein unge som snart skal lide sveltedauden. Betre lukke neste år.

Tycho Anker-Nilssen hentar ein lunde forsiktig ut av garnet. Han har følgt hekkesesongen på Røst-øyane kvar sommar i 42 år.

Eg og Steve Baines seier adjø til Anker-Nilssen og set kursen attende til Røstlandet. Når eg ser på alle lundane, lomviane og dei andre fuglane i lufta og vatnet kring øyane, verkar dette overdådig på meg som kjem frå ein heller fiske- og fuglefattig fjord på Nordmøre. Det er fordi eg ikkje er lokalkjend og ikkje har opplevd den langt rikare nære fortida.

Men det er framleis ikkje feil å sjå på Røst som eit fugleparadis. Og årleg trekkjer mange fugleelskarar ut hit for å få oppleve det særmerkte artsmangfaldet på desse øyane. Til saman er det sett meir enn 300 ulike fugleartar her ute.

Det handlar ikkje berre om sjø­fuglar. Røst er òg ein mellomstasjon for svært mange trekkfuglar. I tillegg trivst ei rekkje vadefuglar her ute; 48 ulike artar er sett her, noko berre Lista og Jæren kan overgå i Noreg. Dessutan kan ei rekkje uvanlege artar frå sørlegare farvatn bli blåste opp hit av stormane frå sørvest.

Dagen etter syklar eg til nordsida av Røstlandet for å møte Steve Baines igjen. Han har fått reist ei fuglekikarbu i nærleiken av den gamle kyrkjeruinen. Bua er eit delikat lite bygg: ein grå, skråstilt funkiskloss med utsikt mot ei svært langgrunn bukt i nord gjennom ei brei spalte i veggen.

Baines sit trufast og speidar gjennom ein lang kikkert saman med ein annan ihuga fugleven. John Stenersen er til dagleg lærar ved fotolina på Lofoten folkehøgskole. Båe karane er medlemmer i Norsk sjeldenhetskomite for fugl. Før eg kjem, har dei alt sett eit par hundre lundefuglar, 20 raudnebbterner, alker, lomviar, nokre få krykkjer, to havsuler og ein havhest. Livet lever.

– Eg hadde håpa å få sjå ei havlire, ein stormfugl, ein fjern slektning av albatrossen, seier Baines.

Havlira er heller sjeldan på desse breiddegradane, ho hekkar ikkje i Noreg. Håpet er at den sørlege kulingen kan ha blåst nokre av dei opp til Røst. Baines har sett rarare ting. Han har fleire førsteobservasjonar av fugleartar i Noreg her, og nokre observasjonar er han åleine om her i landet. Svartvingespove, balearlire, steppelo, mørk myrhauk, stylteløpar, han har sett dei alle. Og ein svartbrynalbatross som hadde vore så uheldig å rote seg over på feil side av ekvator, og som svevde dønn åleine rundt i Norskehavet.

– Det har blitt nokre timar her, ja, seier Baines, med eit solid understatement.

– Eg har aldri skjønt korleis folk klarer seg utan fuglekiking, seier John Stenersen.

– Kva skulle eg brukt fritida mi på om ikkje dette?

Bua her på Røst er særleg populær på hausten når trekkfuglane kjem sørover, fortel dei to. Da hender det at folk som gjer sjeldne observasjonar her ute, ikkje ønskjer å få namnet sitt registrert hos Birdlife Norge: Dei har skaffa seg ei sjukmelding for å få tid nok til å sjå på fuglar, og er redd sjefen skal finne ut kva dei har brukt sjukmeldinga til.

– Det eg er glad i med denne typen fuglekiking, er at du aldri kan vite. Du sit der i timevis, så kjem det plutseleg noko: tusenvis av havhestar eller kanskje 50 grålirer, seier Baines.

Han har rett, så klart. Ein kan aldri vite. Medan eg sit i bua med Baines, framfører naturen ein liten tragikomedie for oss ute på bukta. Ein skarv har fått tak i ei raudspette. Ein flott fangst, men flyndra er altfor stor til at han kan sluke ho, og skarven kan ikkje anna enn å svelgje maten heil. Medan fuglen veivar rundt med fangsten sin, skjer det som må skje: Ein gråmåse snappar til seg flyndra og tek ho med til lands for å prøve å hakke ho sund. Skarven ligg fortumla att ute på bukta. Om skarvar blir vonbrotne, er dette ein vonbroten skarv. Naturen kjenner inga rettvise.

Men heller ikkje for gråmåsen varer lukka. Brått landar ein diger svartbak og trugar han vekk frå tjuvgodset. Og medan flyndra framleis sprellar, klarer svartbaken på uforklarleg vis å svelgje den svære fisken heil. Halsen hans bular og buktar seg medan raudspetta glir ned.

På eit underleg vis blir eg glad av denne burleske scena og den brutale livskrafta til svartbaken. I det minste finst det éin sjø­fuglart vi ikkje treng å uroe oss for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis