JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Mitt barn: Lebensborn er eit spel om korleis det var for «tyskarungane » å vekse opp i Noreg i etterkrigstida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Born testar spelet Mitt barn: Lebensborn.

2704
20170505
2704
20170505

dataSpel

Regi: Catharina Due Bøhler

Mitt barn: Lebensborn

Produsent: Elin Festøy
Teknopilot AS

«Lebensborn» er tysk for «livskjelde» og namnet på ein tysk nazistisk velferdsorganisasjon for ugifte norske mødrer som fekk born med tyske soldatar før og under den andre verdskrigen. Medan det i andre tysk-okkuperte land i Europa var ein fødeheim i kvart land, var det ni fødeheimar i Noreg. Ein reknar at det under krigen vart fødd mellom 10.000 og 12.000 born med norske mødrer og tyske fedrar.

Etter krigen vart mødrene straffa relativt hardt. Borna vart òg fråtekne basale rettar. Mange vart tvangsadopterte eller sende til institusjonar for mentalt tilbakeståande, utan at det var medisinsk grunnlag for det. Mange vart òg mishandla og utsette for seksuelle overgrep. Ein god del av borna vart sende til Tyskland og fråtekne norsk statsborgarskap. (Frå 1950 kunne desse søkje om å få det attende etter fylte 18 år.) Mødrene fekk heller ikkje barnetrygd eller barnebidrag frå fedrane.

Offisiell orsaking

I 1998 bad dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) om offisiell orsaking for handsaminga og overgrepa desse borna var utsette for. Dei som kunne dokumentere mishandling og overgrep, skulle få erstatning på opp til 200.000 kroner.

Elin Festøy kallar Mitt barn: Lebensborn eit dataspel om oppfostring og det å overleve emosjonelt. Festøy og dei andre som har utvikla spelet, byggjer på forteljingar om Lebensborn-born som voks opp i det hatefulle miljøet som prega Noreg i dei første etterkrigsåra – eit hat dei framleis merkar, både i andre og tredje generasjon. Ei kvinne i 70-åra fortel at ho høyrde dei vaksne seie: «Kjem ho til Stadlandet, skal vi hogge hovudet av henne.» Ei anna fekk høyre at det hadde vore best om ho ikkje var fødd.

Gut eller jente

Når ein spelar spelet, kan ein velje om ein skal ha ansvar for jenta Karin eller guten Klaus. Dei er sju år og klare for første klasse når spelaren får ansvaret for ein av dei. Året er 1951. Figurane har mimikk og reagerer på det spelaren gjer med uttrykk for sinnsstemninga som oppstår. Ho eller han vert glad, lei seg eller fortvila. Spelaren har òg eit pengebeløp til disposisjon. Økonomien er stram. Ein må prioritere jobb eller overtid for å tene pengar, slik at ein kan vera saman med barnet.

Karin eller Klaus har personlegdom og karakter. Som spelar kan du hjelpe dei, slik dei kan hjelpe deg til å le og gråte.

Med alle krigar og elende i verda skulle det trengast eit slik spel. Spelet gjev innsikt og forstand.

Arvid Bryne

Arvid Bryne er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spelet gjev innsikt og forstand.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis