JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Marsvin

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marsvin er populære og sosiale familiedyr, men dei treng god plass og selskap av artsfrendar for å ha eit godt liv.

Foto: Martin Mejia / AP/ NTB

5474
20230120
5474
20230120

Marsvin er gnagarar utan noko slektskap med grisar. Kan hende var det den korte, kraftige kroppen og dei mange griseliknande lydane som gjorde at tyske sjøfolk som tok marsvina med som mat på overfarten frå Sør-Amerika til Europa, kalla dei Meerschweinchen, eller små havgrisar. Opphavleg vart marsvina avla fram som husdyr til mat for folk som budde i Andesfjella, men her i Europa har dei hatt ein karriere som populære forsøks- og familiedyr.

Sør- og Mellom-Amerika er eit stort landområde der det frå naturen si side var påfallande få ville dyreartar som kunne temjast til husdyr. Dei viktigaste lokale husdyra før den europeiske koloniseringa var lama, alpakka, moskusand og marsvin. Marsvina var husdyr som kvinnene hadde ansvaret for, og som ofte vart fôra opp i mørkret inne på kjøkkenet, der dyra kunne få restar frå matlaginga og sjølv vere lett tilgjengelege for å hamne i gryta. Dyra var sikkert også leikekameratar for ungane i familien, og dei hadde mange stader ei viktig kulturell rolle.

Terapimarsvin

Marsvin blei mellom anna trudd å ha magisk lækjande evner. For alvorlege sjukdommar kunne det hjelpe om den legekunnige masserte pasienten med eit marsvin, dei svarte marsvina var særskilt helsebringande. Dette skulle hjelpe mot leddsjukdomar og andre kroniske smerter, og etter behandlinga kunne ein måle kor mykje av sjukdommen medisinmarsvinet hadde drege til seg, ved å avlive dyret og gjere ein kjapp analyse av innvolane.

Ein liknande praksis finn vi i moderne «kjæledyrassistert terapi» som blir brukt til å seinke stress og auke livskvaliteten til menneske som er lagde inn på institusjonar. I eit kontrollert og vitskapeleg forsøk med marsvinterapi på ein rehabiliteringsklinikk i Sveits kunne dei måle at all klappinga og strykinga var positiv for den psykiske helsa til menneska, men at marsvina sjølve blei tydeleg triste av all terapien. Dei obduserte rett nok ikkje marsvina etterpå, men auka stress hos terapimarsvina blei målt ved mellom anna stigande kroppstemperatur og redusert matlyst.

Forsøksmarsvin

Men når gode vener samlar seg til fest oppe i fjella i Ecuador, Peru eller Colombia, er matlysta som regel god, og her kjem marsvinet til sin rett, for å seie det slik. Marsvin er festmat og kultur og blir helst ete heilsteikt, frå hovudet til den vesle halen. Kjøtet skal vere magert, mørt og velsmakande. Hadde den siste nattverden gått føre seg i Andes, er det ingen tvil om at Jesus hadde delt eit marsvin eller tolv med disiplane sine, noko den argentinske antropologen Eduardo Archetti også fann skildra på eit måleri i Cuzco-katedralen i Peru.

Det er likevel ikkje som mat marsvina har gjort karriere hos oss i Europa. Ved eit tilfeldig peik frå skjebnen blei marsvin tatt i bruk som forsøksdyr av to norske forskarar som i 1907 skulle studere mekanismane bak utvikling av beriberi (B-vitaminmangel) hos norske fiskarar, som ofte fekk dårleg og einsidig kost om bord på fiskebåtane. Før hadde duer blitt brukte til forsøka, men då dei brukte marsvin, fekk forsøksdyra skjørbuk i staden for beriberi. Det viste seg at marsvin, til liks med menneske og andre primatar, ikkje kan lage eige C-vitamin, medan duer og dei fleste andre dyr på landjorda klarer seg godt utan tilskot av C-vitamin i kosten. Betydinga av C-vitamin i dietten til menneske vart seinare godt dokumentert av amerikanske og britiske forskarar gjennom ei rekkje interessante forsøk på militærnektarar og andre kriminelle.

Heilsteikt marsvin er populær festmat i høglandet i Sør-Amerika, som her frå byen Pasto i høgfjella i Colombia.

Kjælemarsvin

Marsvin er særs sosiale dyr som i naturen lever i koloniar på 5 til 20 dyr, der dei grev seg trygge hòler og gangar i jord og vegetasjon. Sjølv om dei treng selskap av artsfrendar, kan uvørden blanding av framande dyr føre til blodige slåsskampar. Marsvin er dagaktive og nysgjerrige og har også eit rikt kroppsspråk, eit marsvin i godt humør kan hoppe rundt i ekstase (også kalla popkornspretting). Difor skal dei ha god plass til å springe rundt, og dei bør, som andre dyr, få vere mest mogleg ute i det fri.

Utanom popkornsprettinga er noko av det artigaste med marsvin at dei har eit godt utvikla språk og kan kommunisere med innfløkte pipe- og brummelydar. Jamn hyling tyder at dei er svoltne, ujamn hyling at dei er einsame eller rastlause. Gnissar dei med tennene, kan det tyde sinne, kort brumming er eit signal om frykt eller fare, mellomlang brumming kan vere eit trugsmål til andre rivalar, medan dyr som er tilfredse og rolege, kan melde frå om det med lange brummelydar eller ei rekkje klukke- og plystrelydar.

Marsvin i fangenskap kan bli over ti år gamle, men diverre har nok mange dyreeigarar for lite kunnskap om åtferda og behova deira til å kunne gje dei eit godt nok liv. Det har òg vore vanleg å gje ungar ansvaret for desse dyra, sjølv om det i loven om dyrevelferd er sett ei tydeleg aldersgrense på 16 år for å kunne ha ansvar for levande dyr.

Frå naturen si side er marsvin laga for å ete stivt og lite fordøyeleg gras, ein reint plantebasert diett som gjer det naudsynt å ete store delar av dagen, og som gjev kraftig slitasje på dei rotlause gnagartennene. Feilernæring og tannproblem er difor vanlege lidingar for kjælemarsvina. Marsvin treng regelmessig stell av pels, klør og tenner, og det krev at du tek deg tid til å ta marsvina opp og gjere dei vande med nærkontakt. Steller du marsvina dine samvitsfullt, vil både du og dyra dine kunne ha eit langt og godt liv saman.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Marsvin er festmat og kultur,
og blir helst ete heilsteikt, frå hovudet
til den vesle halen.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis