Leveriktar
Ødem under kjeven er eit vanleg symptom på leverskade og kan tyde på infeksjon med den store leverikten.
Foto: Wikimedia Commons
Ein parasittsjukdom med fleire tusen års historie fører enno til store helseplager for dyr og menneske over heile verda. Tvikjønna flatormar kan leve i årevis inne i levergangane til dyr og menneske. Parasittlarvar angrip hjernen til maur og gjer dei til viljelause zombiar. Spalta denne veka skal med andre ord handle om leveriktar.
Iktar er flate, uledda parasittar som ofte har fisk, fugl og pattedyr som hovudvert. Det vil seie at parasittane blir kjønnsmogne og produserer nye egg hos dei, men dei kan ha mange ulike mellomvertar, der iktelarvane utviklar seg og driv med ukjønna formeiring. Dei største iktane har ofte ein litt firkanta fasong, noko som på folkemunne har gitt dei tilnamnet «flyndre», den same tydinga finn vi att i fluke, det engelske ordet for ikte.
Den store leverikten
Den store leverikten, Fasciola hepatica, kan bli 2 til 3 cm lang, leve i 20 år og leggje fleire tusen egg om dagen. Iktane lever inne i gallegangane til grasetarar, egga kjem ut med avføringa og klekkjer etter eit par veker ute på bakken. Dei nyfødde larvane har eitt mål: å bore seg inn i ein spesiell snigelart (sumpdamsnigel, Galba trunculata) og utvikle seg vidare der. Eit par månader seinare har dei blitt til små haleiktar som sym ut i vatnet, festar seg til grasstråa på beitet og kapslar seg inn der til dei blir etne av ein ny hovudvert.
Det kunne vore naturleg at iktelarvane som kjem inn i tarmen, skulle finne vegen opp gallegangane eller følgje blodstraumen til levra. Slik er det hos den vesle leverikten, men den store leverikten har funne ein annan metode. Her et larvane seg rett gjennom tarmveggen og legg ut på vandring inne i bukhola.
Iktane ser heldigvis ut til å vere svært glade i lukta av levervev og gallestoff. Difor finn dei fleste fram til levra og borar seg inn i henne frå utsida, og etter å ha gnaga seg rundt i levra nokre veker slår dei seg til slutt ned som vaksne iktar inne i gallegangane. Nokre få larvar går seg vill der inne i mørkeret og hamnar i andre organ: lungene, auga eller hjernen, noko som ikkje er så triveleg for verten.
Arkeologiske funn tyder på at folk og husdyr har levd med leveriktar i minst fire tusen år, og dette er framleis ein av dei mest vanlege og alvorlege parasittsjukdommane i verda. Hos menneske er det nok fleire andre ikteartar som er meir plagsame, men den store leverikten kan òg vere eit problem, til dømes langs Titicaca-sjøen i Bolivia. Der har ein fjerdedel av ungane leveriktar, og årsaka kan vere at dei et ville planter og drikk ureinsa vatn medan dei er ute og gjeter dyr eller gjer anna gardsarbeid.
Leverskade
Leveriktane treng våtlendte beite for å finne dei rette sniglane, og det må vere minst 10 grader for at iktelarvane skal kunne utvikle seg inne i desse mellomvertane. I Noreg har problemet vore størst langs kysten på Sør- og Vestlandet. Her, som elles i Nord-Europa, overlever iktane vinteren oftast som vaksne inne i levra på ein hovudvert. Nye egg som kjem ut med avføringa på beitet om våren, rekk å utvikle seg til infektive haleiktar utpå seinsommaren – og både sau og kjøtfe på beite kan bli smitta i slutten av beitesesongen.
Dersom ein finn smitte i besetninga, er det difor eit effektivt tiltak å behandle dyra med parasittmiddel medan dei står inne om vinteren. Smitten kan også førebyggjast ved å gjerde unna dei våtaste områda, gjere eventuell tilleggsfôring på tørr mark og ikkje bruke risikobeite på seinsommaren og hausten.
Ved kraftige akutte infeksjonar vil det bli store leverskadar og blodtap, dyra sluttar heilt å ete, dei kan få buksmerter og andenaud og døy i løpet av få dagar. I Noreg er ikkje smittenivået særleg høgt, og symptoma på sau finn ein som regel utover vinteren med kronisk avmagring, blodmangel og væskesamling (ødem) under haka.
Den vesle leverikten
Den vesle leverikten har det lengste namnet: Dicrocoelium dendriticum – og den mest oppfinnsame livssyklusen. Etter den obligatoriske runden inne i sniglane kjem eit av dei mange små underverka i parasittverda. Dei små larvane infiserer maur og formeirar seg i bukhola til mauren, men nokre få av iktelarvane vandrar til den vesle maurhjernen og tek over styringa av han.
Smitta maur blir til små zombiar, dei legg i veg oppover grasstråa og bit seg fast der. På eit beite med grasetande dyr er denne åtferda ein sikker metode for sjølvmord, og husdyra kan jafse i seg ferskt gras krydra med maur og iktelarvar. Dei små leveriktane kan føre til kroniske leverskadar, men gjev som regel ikkje nokon kliniske symptom.
Eit problem med dei fleste leveriktane er at infeksjon ikkje fører til nokon særleg immunitet, så utan behandling vil talet på leverparasittar auke med alderen. Til no har det nordiske vinterklimaet vore med på å bremse spreiinga av iktar og fleire andre parasittar her i Noreg, men våtare og varmare vintrar kan vere med på å auke smittepresset i framtida.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Iktelarvane vandrar til den vesle maurhjernen og tek over styringa av han.
Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.