Langsam ragu
Alle til bords!
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Bolognese eller kva?
Det finst mange variantar av denne raguen, og modige kokkar finn på nye vriar.
Ein klassisk ingrediens er mjølk, men eg synest ikkje det passar. Tomat var noko som kom til seinare. Min versjon er vel eigentleg ein salig miks av bolognese og napoletana.
Eg rår deg til å eksperimentere og finne fram til din eigen versjon, den du og dine likar best. Det kan ta mange år, men er verdt det. Det er jo de som skal nyte maten.

I dei førre to spaltene mine har eg konsentrert meg om snøggmat, altså rettar som kan lagast til på under ein halvtime. Ikkje noko i vegen med dei, det moderne livet krev jo slikt iblant, og det kan bli fullgode måltid av det. Men så er eg slik skrudd saman at hjartet mitt bankar for den langsame maten, som kan få fram smakar og nyansar den snøggare maten ikkje rekk å kome i nærleiken av.
Så om eg ein fredag har valet mellom tre–fire program om maskerte halvkjendisar som gjer ting dei absolutt ikkje kan, skrur eg heller av TV-en og skipar til eit større kjøkenprosjekt.
Blant favorittane er tomatsaus med kjøt, som ofte blir kalla bolognese, altså frå den drustelege italienske matbyen Bologna. Og ein ragu, ein retteleg bolognesesaus som vi òg kjenner han som her i landet, skal ikkje serverast på spagetti, men på tagliatelle, ein breibandspasta som lettare får med seg sausen.
Men no til verket: Sidan dette er i helga og ein kan ta seg god tid, skal du aller fyrst opne ei flaske raudvin. For som den legendariske rocka TV-kokken Keith Floyd sa: «I always cook with wine. Sometimes I even put it in the food.»
Set vinglaset på bordet og ta med deg skjerefjøl, skarp kniv og grønsaker inn i stova eller på kjøkenet. Der kan du sitje i ro og fred og skjere opp din sofrito av like delar gulrot, lauk og stongselleri. Del opp grønsakene i like store firkantar, så dei får god steikjeflate. Ikkje hakk dei i matmølla. Eg likar sausen med litt tyggjemotstand, så det gjer ikkje noko om nokre av bitane er opptil ein centimeter.
Med 400 gram hakka kjøt er det passe med om lag like stor mengd grønsaker. Surr dei i olje, gjerne kvar for seg om det er mykje, og ha så alt i den store gryta saman med hakka kvitlauk i temmeleg store mengder eller etter smak. Sprøsteik så 200 gram bacon eller pancetta i terningar – eg var så heldig å ha ungpurkebacon frå vossetraktene – og legg det i.
I feittet steikjer du kjøtet eller kjøtdeigen og hakkar han opp med gaffel så det ikkje vert svenske kjøtbollar av det. Nokre nyttar litt mjøl, men då må du passe på som ein smed for at det ikkje skal svi seg i botnen under koking, så eg brukar det ikkje. Når alt er i gryta, opnar du to boksar tomat og tilset dei saman med eit par matskeier tomatpuré, ei matskei oregano og ein halv liter kraft/buljong.
Osteskalken lar du koke med heile tida, det same med to–tre laurbærblad. Ein spanande spiss på smaken får du om du har i éin enkelt stjerneanis, men plukk han ut etter ein halvtime, for det blir lett for dominerande. Så tar du fram raudvinsflaska, heller eit godt glas opp i gryta, og skjenkjer eit til deg sjølv. Har du berre kvitvin, går det like fint, og det er faktisk meir klassisk. Så blandar du alt og lar det småkoke på svak varme utan lok i to timar, til sausen er tjukk. Rør om av og til.
No kjem det spanande: Det vert ikkje middag i dag! For når sausen er ferdig, kjøler du han ned og set han kaldt til neste dag. Eg kan love at han blir enda betre. Du kan også dele opp koketida ved å koke den siste timen dagen etter. Før servering smakar du til med salt og pepar og sjekkar om det framleis finst spor av oreganoen. Dryss gjerne med friske urter om du har, og server på tagliatelle, gjerne fersk.
Du kan sjølvsagt banne i kyrkja og nytte ris, som ein variasjon, eller kokte poteter – berre ikkje sei det til ein konservativ italienar.
Du kan jamvel droppe både kjøt og bacon, og ha i berre ein boks kidneybønner som protein. Då får du ein framifrå vegetarrett med uslåeleg smak. La bønnene koke med minst ein halvtime. Men klassikaren er altså med storfekjøt og svin, sjølv om kalv var vanleg i pionertida.
Parmesan eller annan hardost er strålande å ha på toppen, men pass på saltinga, for dei ostane er så salte i seg sjølv. Og no er vel raudvinsflaska tom, så då er det berre å opne ei ny og invitere tre gjestar til bords. Eg garanterer dei vil bli nøgde, og meir enn det.
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
post@nordbo.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.