JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Hav i stova

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med eit saltvassakvarium kan du få ein strålande vakker korallhage i di eiga stove.

Foto: Konrad Kvanli

5811
20230203
5811
20230203

Sjølve ideen om å ha akvarium på land kom først i byrjinga av 1800-talet, men i dag er fisk og akvariedrift ein vanleg hobby over heile verda. Det vert omsett meir enn éin milliard fiskar kvart år, der ni av ti er ferskvassfiskar og resten marine fiskar. Men om akvarium er ei ny oppfinning, er det meir enn tusen år sidan kinesarane (kven elles) byrja å avle på gullfisk til dekorasjon.

I nyare tid har fangst av vill, tropisk fisk til akvarium, både i ferskvatn og på korallreva ute i havet, med rette vore kraftig kritisert for miljøskadelege fangstmetodar (som bruk av blåsyre), for at mange av fiskane døyr før dei når den endelege marknaden på andre sida av havet, og for at intensiv fangst har vore eit trugsmål mot truga fiskeartar. Men dei siste åra har det i mange land blitt betre vern av sårbare artar og miljø, og oppdrett av fisk er blitt lettare fordi det er utvikla betre metodar for klekking og startfôring av marin yngel.

Tidlegare blei det sagt at gullfiskar hadde eit tre sekund langt minne, men dei har vist seg å ha høgt utvikla evne til læring. I tillegg ser og høyrer dei særs godt. Fisken kan sjå ut i rommet utanfor akvariet og kjenne att dei ulike menneska i familien, det er til og med bevist at dei har evne til å skilje mellom musikktypar som blues og klassisk.

Gullfisk er svært sosiale, og i fangenskap kan dei bli over 40 år gamle. Dei treng god plass og mykje vatn og har ikkje noko godt liv i små og miljøfattige akvarium. Fiskar som vert plasserte i ein typisk gullfiskbolle, vil ofte snu buken i vêret av vantrivsel etter kort tid.

Skal du skaffe deg ditt første akvarium, er det uansett eit godt råd å ikkje byrje med dei aller minste. I små volum er det mykje vanskelegare å halde ein stabil vasskvalitet. Best er det å få eit som er passeleg stort, helst 100 til 150 liter. Der kan fire til sju fiskar av litt ulike slag ha god nok plass til å trivast.

Smittsame sjukdommar

Med eit system der fisk vert ala fram, blanda og seld verda over, og så blanda på nytt med fisk av alle slags opphav og artar ute i private akvarium, kan det ikkje kome som noko stor overrasking at smittsame sjukdommar er eit vanleg problem. Når du kjøper ny fisk, kan du som hovudregel rekne med at dei ber med seg smitte og bør behandlast og stå i karantene før dei slepper til saman med fisken du har frå før.

Når fisk får lyse prikkar på finnar og hud og viser tydelege teikn på kløe og redusert matlyst, vert det som regel kalla kvitprikksjuke. Dette er ein smittsam og ofte dødeleg parasittinfeksjon som i røynda kan kome av fleire ulike smittestoff.

I saltvatn er det som regel Cryptocaryon irritans, eit flimmerdyr som angrip hud, finnar og gjeller. Plagene kan også kome av ein infeksjon med fureflagellatar av typen Oodinum, men i slike tilfelle vert fisken gjerne raskt dekt av eit gulkvitt belegg over heile kroppen.

Begge desse parasittane formeirar seg også som cystar på botn av akvariet, og dei kan vere vanskelege å bli kvitt utan godt reinhald og smittevern.

Det er mange tusen artar av fisk som blir brukte i akvarium, med opphav frå heile verda, og spekteret av sjukdommar er like stort. Ei alvorleg plage i saltvassakvarium kan vere Uronema marinum, flimmerdyr som ofte angrip svak eller stressa fisk, og som er svært vanskeleg å bli kvitt dersom dei først er etablerte i akvariet.

Sekundære bakterieinfeksjonar er også svært vanlege, gjerne på grunn av dårleg vasskvalitet eller som seinskade i etterkant av parasittangrep.

Viktig med godt stell

På nettet er det eit stort utval av butikkar som tilbyr legemiddel mot alle typar sjukdom. Det er viktig å behandle fisken mot sjukdom, men det er òg grunn til å vere aktsam ved bruk av nokre av kjemikala. Malakittgrønt har lenge vore et vanleg middel mot sopp og utvendige parasittar, men dette stoffet har vist seg å vere kreftframkallande og er no totalforbode til bruk på matproduserande dyr. Det er heller ikkje anbefalt til bruk i akvarium.

Koparhaldige stoff kan ha god effekt mot hudparasittar, men behandlinga krev to til tre veker.For å bli kvitt eventuelle cystar på botnen av akvariet er det best å setje fisken over i eit anna akvarium, behandle dei der og vente til smitten har døydd ut i hovudakvariet.

Eit generelt råd mot både sjukdom og dårleg vasskvalitet i alle typar akvarium er å skifte vatn og i tillegg auke temperaturen eller endre saltinnhaldet i vatnet. Fisk toler ofte større endring i vass­temperatur og saltinnhald enn parasittane gjer, men her er det viktig å kjenne fiskane sine godt. Har du eit saltvassakvarium med levande korallar, er du nøydd til å flytte fisken over til eit anna kar for behandling for ikkje å skade dei kjenslevare polyppdyra. Å ta vare på eit vanleg akvarium krev rett nok ikkje mykje arbeid, men med levande dyr kjem også eit ansvar for dagleg stell og tilsyn, og for å skaffe seg nok kunnskap om fiskehelse, vasskvalitet og akvarie­utstyr til å halde både fisken og akvariet friske.

Hausting av levande korallar er òg kritisert som miljøskadeleg, men hausting og oppal har etter kvart vorte ei meir velordna verksemd, og i dag skal det vere mogleg å fylle eit akvarium med både fisk og korallar utan å vere del av eit verdsomspennande kriminelt nettverk. Det er fint, fordi dyrking av korallar er ein av dei verkeleg store opplevingane som ventar deg, om du tek steget over til eit akvarium med sjøvatn. Med ein hårfin balanse mellom korallar, fisk, næringsstoff og vasskvalitet kan du oppleve gleda over å få korallskogen din til å trivast og til å bløme i fantastiske fargar og fasongar.

Arve Nilsen

Takk til Konrad Kvanli for framsyning av flotte akvarium og verdfull informasjon om saltvassfisk og koralldyrking.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er mange tusen artar av fisk som blir brukte i akvarium, med opphav frå heile verda, og spekteret av sjukdommar er like stort.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis