JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Fritt spelerom

– Eg trur min nisje er at eg ikkje har nokon nisje, seier bassist og komponist Ellen Brekken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ellen Brekken har spelt tuba i teaterframsyningar og byter mellom elbass og kontrabass i ulike band og prosjekt. Biletet er teke på Oslo Nye Teater.

Foto: Andreas Ulvo

14208
20230310

Ellen Brekken

Fødd på Tynset i 1985

Studerte jazz og improvisert musikk på Noregs musikkhøgskule

Spelar i fleire band som Hedvig Mollestad trio, Falkevik, Kontrabassorkesteret og Du og jeg og vi 2–3–4

Ulike prosjekt: Tom Waits Tribute, Prøysen og Preus, Lise Hvoslef kvintett

Sjef i eige band A Tonic for the Troops

Fekk Ella-prisen til Oslo jazzfestival i 2022

Leiar i Tynset jazzklubb

tiril@dagogtid.no

Den første gongen eg høyrde Ellen Brekken spele live, var på Parken kulturhus i Ålesund fredag 8. mars 2019. Då var gitaristen Hedvig Mollestad på heimebane saman med dei to andre i trioen hennar: bassist Ellen Brekken og trommeslagar Ivar Loe Bjørnstad, alle i kjole.

Eg var ikkje åleine om å få bakoversveis av den drivande, energiske musikken og la spesielt merke til den dansande bassisten.

Fire år etter konserten i Ålesund, men etter å ha høyrt henne i andre samanhengar, møter eg Ellen Brekken på Kaffistova i Oslo ein grå tysdag føremiddag.

Ho spelar framleis i Hedvig Mollestad trio, men som den allsidige bassisten ho er, er banda og prosjekta mange. No er ho sjef i eige band òg, jazzkvartetten A Tonic for the Troops. Men kvar tok det heile til?

Ellen Brekken voks opp i ein familie på Tynset der alle på farssida spelte i korps. Ti år gammal byrja ho å spele baryton, men gjekk over til tuba eit par år seinare. Ikkje lenge etter fatta ho interesse for bassgitaren til onkelen, og snart hadde ho og nokre jamaldringar starta band. Når korpset hadde musikalar på programmet, bad Ellen om å få byte ut tubaen med elbassen.

– Etter kvart spelte eg både i storband og symfoniorkester. Og så var Ungdommens kulturmønstring viktig. Der fekk vi testa ut mykje forskjellig.

Etter musikklina på Nord-Østerdal vidaregåande skule gjekk turen via Toneheim folkehøgskule, ein svipptur innom Stavanger til Noregs musikkhøgskule, der kontrabassen vart hovudinstrumentet med Bjørn Kjellemyr som læremeister. I løpet av dei fire åra var ho på utveksling til Cape Town og møtte studentar frå mange land både i og utanfor Afrika.

– Det var gjevande både musikalsk og sosialt. Vi spelte mykje, reiste mykje og lærte mykje. Reint musikalsk ville eg nok ha lært meir på Musikkhøgskulen, men eg voks mykje på det året.

Ho har enno kontakt med somme av dei ho vart kjend med, og ho har vore attende i Cape Town eit par gonger.

– Eg kjenner meg privilegert. Det er ikkje alle som er fødde med gullhår i ræva, som ein god del av oss nordmenn er. Då eg kom heim att frå studieopphaldet, syntest eg at nordmenn var bortskjemde, at ikkje noko var viktig eller reelt. Det tok eit par månader å kome attende til den norske tenkjemåten.

Då ho var ferdig utdanna i 2010, hoppa ho i det som skulle bli eit liv som profesjonell musikar. Ho hadde spelt ein del skulekonsertar ut over bachelorgrada på Musikkhøgskulen og arbeidde meir og meir ved sida av studiet dei siste åra.

– Eg var likevel usikker på om det ville kome jamt med spelejobbar.

– Vert du ofte spurd, eller tek du sjølv initiativet?

– Ein bassist har det privilegiet at han ofte vert spurd. Eg er van med å ha rolla som akkompagnatør. Stort sett alle treng ein bassist, heldigvis.

Ellen Brekken spelar både tuba, kontrabass og elbass, og ho er med i ei rekkje band og prosjekt. Her fotografert i Oslo Nye Teater.

Foto: Tiril Rem

I august i fjor fekk Ellen Brekken heidersprisen som Oslo Jazzfestival deler ut årleg. Ella-prisen går til ein person som har gjort ein vesentleg innsats for å fremje jazzmiljøet både som utøvande musikar og i kulissane.

– Det var stas å få prisen. Det går ein del dugnadstimar til arbeid i styre og stell. Det er fint at det vert sett, seier ho som for tida er leiar i Tynset jazzklubb, etablert i 2014.

– Sjølv om eg bur i Oslo, har eg eit stort hjarte for heimplassen min, og jazzklubben er ein naturleg stad å putte engasjementet mitt.

Jazzklubben arrangerer sju konsertar i året i tillegg til ein jazzfestival om hausten. Storleiken på publikum kjem ofte an på bandet.

– Om musikarane er lokale, kjem det fleire. Likevel kan vi ikkje vente oss større publikum på Tynset enn på til dømes musikkscena Herr Nilsen i Oslo, men vi vil vise fram god musikk.

Konsertane som jazzklubben arrangerer, er finansierte av Kulturrådet, fylkeskommunen og kommunen. Det meste går til honorar og reiseutgifter for musikarane.

– Vi hadde ikkje klart oss utan støtta frå Kulturrådet. Det er slikt som får kulturlivet til å gå rundt.

– Kor lett er det å få støtte i dag? Var det betre under Rikskonsertane?

– Utviklinga har vore dårleg, ja. No var ikkje eg på kveldsturné med Rikskonsertane, men eg spelte ein del skulekonsertar. Det er synd at heile apparatet med folk som fiksa alt utstyr, no er seld ut, og at fylket skal leige det inn att. Det verkar heilt ko-ko. Mange av dei tidlegare rikskonsertprodusentane hadde godt oversyn. No seier mange kommunar at dei vil stå for arbeidet sjølv, men den eine personen som skal ta seg av det, har ikkje same kompetansen.

Sjølv om ho ser attende på ei tid der musikarar hadde betre vilkår, peikar ho på ei negativ side ved dei gamle Rikskonsertane.

– Rikskonsertane sende ut kveldskonsertar som nok var for billige, og som øydela marknaden for andre, men på same tid fekk ein konsertar på vegen som ein elles ikkje ville ha fått.

– Då eg var jentunge, såg eg mellom andre Wolfgang Plagge og Ketil Bjørnstad på samfunnshuset i heimbygda mi. Det var stort å sjå dei «på rett», som vi sa.

– Ja, det ville aldri ha skjedd utan Rikskonsertane og Riksteateret. Den kulturelle skulesekken, som sørgjer for at alle skuleelevar får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år, lever heldigvis vidare. Vi skal på turné med barnekonserten Du og jeg og vi 2-3-4 til Viken og Nordland, Troms og Finnmark.

Ho har vore med på fem–seks ulike prosjekt, for barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular.

– Det har vore svært gjevande å få spele for så mange born rundt omkring og å sjå mange krikar og krokar av det flotte landet vårt.

Når eg spør kven ho er inspirert av, kjem det først eit «oi!», så eit «hm».

– Det er vanskeleg å svare på, men eg har høyrt ein del på Marc Johnson, Dave Holland og dei gamle meistrane Ray Brown og Paul Chambers... Scott LaFaro kan eg kanskje setje øvst på lista. Han levde ikkje lenge, han døydde i ei trafikkulukke 25 år gammal, men spelte i Bill Evans Trio og utvikla bassrolla kolossalt dei åra han levde.

Om Scott LaFaro vert det skrive at han hadde ein kontramelodisk akkompagnementstil og ein eineståande virtuositet.

– Når eg spelar i til dømes Hedvig Mollestad trio, prøver eg å lage noko kontrapunktaktig, ei motstemme som kan liggje statisk, men samtidig lage løp som kan måle seg med det Hedvig gjer med gitaren. Eg skal lime meg til trommene, men òg vere harmonisk og prøve å utnytte det som ligg der. Det er spanande å spele i band der det er så stor plass. Eg prøver å skape noko innovativt, men som kjennest naturleg. Ei god blanding av «sjølvsagt må bassen liggje sånn» eller «oi, bassen gjorde det!», men alltid med låten i sentrum. Det må passe musikalsk til det dei andre gjer òg.

­– Kva skil elbassen frå kontrabassen?

– Kontrabassen kjennest nærare det eg prøver å få ut, eg prøver å få han til å bli ei forlenging av armen og før det tanken om kva eg skal spele. På elbass har ein litt meir å spele på, ein får ikkje den naturlege avgrensinga på same måten. Så då må ein ta val med omhug. Elbassen vert litt medstraums, medan kontrabassen har meir motstand, både sonisk og fysisk.

Livet som frilansmusikar har endra seg. I Den kulturelle skulesekken, til dømes, kunne ein vere lønsmottakar, no vert ein oppmoda om å ha eige firma.

– No skal eg ut på ein tre vekers turné. Om eg bryt handa på isen og vert sjukmeld, kan eg sjå langt etter pengane. Det må eg ta på mi eiga kappe. Det er ganske hårreisande.

– Pandemien viste òg utfordringane med at kunstnarar og bransjefolk stort sett må vere frilansarar?

– Ja, det var nokre veker der vi stod på berr bakke før kompensasjonsordningane kom. Dei som hadde aksjeselskap, kunne få arbeidsløysetrygd, men nokre eg kjenner, hamna likevel mellom to stolar. For min del slo det bra ut, sidan eg hadde hatt god inntening året før. Men eg måtte slutte å telje jobbar som eg miste.

– Klarte du å utnytte tida til å komponere?

– Ja, eg hadde fire plateslepp i 2021. Det var litt tilfeldig, men vi var i studio med barnekonserten og Hedvig Mollestad trio. Vanlegvis har vi det travelt i studio med Hedvig, men no møttest vi i øvingsrommet og hadde god tid til testing før vi gjekk i studio.

Ellen Brekken er generalen i bandet A Tonic for the Troops, der ho har med seg Espen Berg på piano, Magnus Bakken på saksofonar og Magnus Sefaniassen Eide på trommer. Bandet avslutta nyleg ein noregsturné.

På spørsmål om kva råd ho vil gje til ein ungdom som vurderer å satse på musikken, er svaret eit klart ja, men ho legg til at ein må arbeide for det.

– For det første må ein lære det som trengst på instrumentet sitt for å vere god, så må ein vere påliteleg og hyggjeleg som person. Somme finn seg ein nisje. Eg trur min nisje er at eg ikkje har nokon nisje. For min del var det slik at eg berre måtte prøve. I verste fall hadde eg studert og lært litt om musikk, og det har ein glede av heile livet.

Å arbeide som musikar inneber ikkje berre å spele, ein må arrangere konsertar og turnear og ofte stå for marknadsføringa sjølv.

– Ja, på ein dag er det gjerne meir kontorarbeid enn øving. Mykje handlar om å stå løpet ut, å halde ut. Då eg gjekk på Musikkhøgskulen, vart eg litt skremd av dei som hadde slik fart, som var slik på veg. Men det er ikkje alltid slik at dei med størst fart står att til slutt. Det er noko med skilpadda og haren.

I fjor vinter kom debutalbumet Ambush til A Tonic for the Troops, Ellen Brekkens eige band som spelar energisk, melodisk, straight, fritt, svingande, intenst, høgt og lågt, som det heiter i eigenreklamen. Eller som Øyvind Vågnes skreiv her i avisa: «Det kokar på alle plater i dette kjøkkenet frå første takt, på eit album som på alle måtar kjennest herleg frittgåande.»

Sjefen sjølv, generalen, som ho kallar seg, skil seg frå dei andre uniformskledde medlemmene med ekstra striper på skuldrene. Ho etablerte bandet for å kome tilbake til beinet, til jazzen, med saksofon, piano, trommer og bass. Ho skryter av musikarane og seier at dei har eit overskot som få andre: Espen Berg på piano, Magnus Bakken på saksofonar og Magnus Sefaniassen Eide på trommer.

– Det er kjekt å ha eit lag som kan ause på med mykje energi. Musikken er kan hende litt inspirert av både europeisk og amerikansk jazz, seier bandleiaren som har komponert alle låtane på dobbeltalbumet.

– Eg anar afrikansk inspirasjon her?

– Ja, ein av låtane er oppattkalla etter gata der vi budde i Cape Town, og «Blue Nile» er inspirert av boka Nilen – historiens elv av Terje Tvedt, som eg las og vart fasinert av.

Komponisten hadde ikkje sjølvtillit til å gje ut eigen musikk straks ho var ferdig på Musikkhøgskulen.

– No har eg spelt så mange år med Hedvig og lært så mykje musikalsk og om det å gje ut musikk at no kjennest det rett, men det har teke litt tid å få trua på meg sjølv som låtskrivar.

No når dei fleste høyrer musikk gjennom strøymetenester, kan det å gje ut plate fort bli eit underskotsprosjekt. Studio, miksing og mastring kostar det same anten ein gjev ut fysiske plater eller ikkje.

– Det vert eit dyrt visittkort, men ein må ha det. Eg ser at fleire og fleire berre legg ut musikken utan å trykkje opp plater. Då slepp ein eventuelle tap og må sitje med opplaget sjølv. For min del har eg selt ein del av den første plata, iallfall nok til å dekkje studioutgiftene.

Til hausten kjem album nummer to frå bandet hennar.

– Eg har fått støtte til å gje ut dette albumet, og det er eg takksam for. Vi sel litt plater på konsertar. No er kan hende jazzsjangeren heldig med å ha eit publikum som framleis kjøper vinyl. Det er trass alt betre å ha noko fysisk i hendene, og omslaget er eit kunstuttrykk i seg sjølv. Det same gjeld låtrekkjefølgja på plata, som ofte er nøye gjennomtenkt.

Namnet A Tonic for the Troops spelar på at britane drakk tonic for ikkje å få malaria då India var britisk koloni.

– Skal vi ikkje berre drage litt på, då, tenkte eg, og fekk sydd uniformer til bandet. Eg er glad i uniformer generelt, og så er det godt å vite kva ein skal ha på seg når ein skal spele. Med Hedvig har vi òg ei slags uniform, og det fungerer bra.

I februar og mars har bandet spelt i sju norske byar. Som bandleiar er det ein viss økonomisk risiko å leggje ut på turné.

– Jazzklubbar betalar ofte ein fast pris, og det er ikkje alltid vi får dekt alle reiseutgiftene. Eg dekkjer noko sjølv fordi eg vil ut på vegen. Sidan vi berre spelar låtane mine, får eg inntekter frå Tono som gjer at eg kan betale bra.

– Mange opplever at førehandssal av billettar har svikta?

– Ja, det har skjedd med Hedvig Mollestad trio òg. Alle spelejobbane som vi skulle ha før pandemien, er splitta opp her og der, ikkje den jamne, fine turneen som opphavleg var planlagd. Å flyge ut og inn er ikkje gunstig. Det er heller ikkje bra for miljøet.

– Kor lett er det å flyge med ein kontrabass i bagasjen?

– Det kan vere trøblete, det. Det går an å dele kontrabassen i to, å ta av halsen. Eg har to kontrabassar, så eg vurderer å gjere det med den eine. Men eg prøver å ta toget så sant det går an.

Hedvig Mollestad trio spelar mest berre utanlands dette året, men på årets Moldejazz skal trioen spele på utescena på Romsdalsmuseet fredagen.

– Hedvig, som er hovudartist i år, skal spele med fleire andre. Eg var også med på albumet som ho gav ut saman med Trondheim jazzorkester, Maternity Beat. Det fekk fem stjerner hos BBC og mykje god omtale. Ikkje minst var det heilt rått å få spele med Torstein Lofthus (trommer) og Ståle Storløkken (tangentar) i tillegg til resten av bandet.

Hedvig Mollestad trio har spelt saman sidan 2009, og dei tre har slått i hel mange timar i bil, båt, fly og tog, og ikkje minst backstage.

– Vi kjenner kvarandre så utruleg godt. Vi treng mest ikkje prate saman, vi skjønar kvar den andre vil. Når ein spelar saman, er det som ei forlenging av eigne tankar. Det samspelet er verdt mykje, og det har eg lært mykje av. Somme gonger er vi så leie av enkelte låtar, men då er det berre å snu hjernen.

– Kva er det som driv deg?

– Musikken gjev meg glede på mange nivå. Eg ser kor viktig musikk er i alle livsfasar, og det er fantastisk å kunne arbeide med noko som folk set så stor pris på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis