JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Framleis ein læremeister

Willy Dahl vart den store fornyaren av litteraturhistorieskrivinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Willy Dahl fyller 90 år 26. mars.

Willy Dahl fyller 90 år 26. mars.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Willy Dahl fyller 90 år 26. mars.

Willy Dahl fyller 90 år 26. mars.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

3840
20170324
3840
20170324

Willy Dahl feirar sine nitti år 26. mars. Han har mange ovundrarar og tidlegare studentar kringom i landet som har gode minne etter tida hans som universitetslærar i Oslo (1965–1977), Trondheim (professor 1977–81), og Bergen (professor 1981–92, sidan seniorstipendiat til 1995) – og anna virke.

Som Magne Lindholm sa det då eg forhøyrde meg litt om inntrykka mannen gjorde på studentar: «For oss som satt på hovudfagslesesalen i Oslo var Willy Dahl en mystisk, utfordrende kraft som av og til kom rennende vestfra, sånn litt over Slemdalvillaene, til venstre for Holmenkollbakkens profil. Fylt med inspirasjon og kunnskap om alt fra stilistikk til triviallitteratur.»

Dahls vitskaplege produksjon er kjenneteikna ved ein nyfiken, umåteleg appetitt på gamle og nye gåter og tekstspørsmål med forklåringsbehov. Noko kjem vel av ein mangslungen bakgrunn, arbeidarmiljø, sjømannsliv, Tysklandsbrigade, journalistikk, litteraturkritikk – Dahl prøvde mangt som var framandt for akademikarar, og vann ikkje minst formidlingsmessig på det. Smittande iver ser ein òg i innleiingar og kommentarar til klassikarar Dahl fekk ut til studiebruk og allmenn orientering. Han har gjeve nye perspektiv både på godt kjende tekstar, og bringa mange tekstar fram frå ei kulturell gløymske, til ny forståing.

Det typiske i Dahls forfattarskap er at han har eit ope og breitt tekstomgrep, der han ser på samvirket mellom mange slag tekstar i samtida, og vurderer ofte den sosiale tilskyndinga til dei, så vel som verknaden av dei i verda. Denne innstillinga gjekk jo tvert imot tradisjonane og det opphøgde i litteraturen, og førte til mange kontroversar og mykje kritikk.

Dahl makta faktisk å fornye faget. Boka Stil og struktur, fyrste gong utgjeven i 1965 og i bruk meir enn 30 år i nordisk-institutt på høgskular og universitet, gav nytt liv til stilistikken, og la ein grunnstein i den seinare omfattande retorikkinteressa. Utdrag frå denne boka og andre Dahl-arbeid kan lesaren finne i ei samling utvalde tekstar som Bergens-miljøet i nordistikk, med Ole-Jørgen Johannesen som redaktør, nyss har stått for.

Analysane hans av populærlitteratur og populærkultur var med på å gjere nordisk til eit populært og viktig fag, med klåre perspektiv på kulturutviklinga, og gav også tilskuv til danning av medievitskapsinstituttet i Bergen. Før fall jo store delar av tekstproduksjonen utanfor litteraturhistorieskrivinga; det gjorde Dahl noko med i eitt av dei mest ambisiøse einmannsprosjekt i norsk intellektuell historie: Norges litteratur I-III (1981–1989), om litteraturen etter 1814.

Dahl vart dermed den store fornyaren av litteraturhistorieskrivinga. Han skreiv litteraturhistorie meir som kulturhistorie; han løyste periodane frå biografiane til dei skjønnlitterære forfattarane, laga nye prinsipp for å vurdere periodar, og lèt mangslag tekstar kome inn i vurderinga. På det viset braut han jo eklatant med tradisjonar for å lese litteraturen i rekkjer, der ein forfattarskap fylgjer den andre og gjev påverknader eller brot for neste generasjon. I staden klarte han å syne meir av koss utviklinga av ein norsk skriftkultur er mangefasa og går føre seg i ei utveksling av mange påverknader.

Endringane i orientering innanfor morsmålsfaga i Europa har gjort at det igjen er større interesse både for litteratursosiologiske og teksthistoriske perspektiv. Her kan vi i Noreg trekkje vekslar på det gedigne arbeidet til Willy Dahl. Især om vi arbeider vidare med å integrere perspektiv på sakprosa og den sosiale verknaden av tekstbruk, vil Dahl framleis vere ei sterk inspirasjonskjelde for mange.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dahl skreiv litteraturhistorie meir som kulturhistorie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis