JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Forlaten av Gud

Korleis kan ein ihuga pinseven ende med å ta livet sitt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6857
20220527
6857
20220527

Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del fem av seks. Heile serien finn du her.

Noko av det eg har lurt mest på i samband med sjølvmordet til far min, er kva som hende med trua hans dei siste leveåra. Det greidde eg aldri å finne ut av medan han levde, og journalane gjev heller ikkje noko klårt svar.

Det var i studietida han for alvor fann Gud. Foreldra hans var kristne, for all del, men ikkje på den måten: Han ynskte seg noko meir, noko djupare og meir glødande enn det statskyrkja og sundagskristendommen kunne gje han.

Høge tindar, djupe dalar

Det finst pinsevener som praktiserer såkalla herlegdomsteologi, the health and wealth gospel: Kristne menneske kan og bør vera friske, rike og generelt vellykka i livet, hevdar dei – det handlar hovudsakeleg om å tru sterkt nok. Om vi er gode og sanne kristne, blir den frie og grenselause viljen vår sameina med Gud, og då finst det knapt grenser for kva suksess vi kan oppnå.

Far hadde heldigvis ikkje slike førestillingar. Han visste – etter kvart av røynsle – at livet kan vera ein kamp. Men alt i unge år var blikket hans vendt mot himmelen; han trudde fullt og fast på den store løna som venta han heime hjå Gud. Gater av gull, det var essensen: Det kjem ein dag då dei frelste skal vandre på gater av gull, og far snakka mykje om gater av gull. Med denne vissa i botnen kunne han syngje heilhjarta med når broder Aage Samuelsens fagre ord kom seglande mellom seteradene på bylgjer av trekkspel og gitar: «Veien går mot høye tinder og ned i dype dal,/ ifra glede og til kval, men til sist i himlens sal.»

I det heile var han, gjennom alle dei gode åra sine, ein pragmatikar med eit stort hjarta og grunnleggjande optimisme. Lover og reglar interesserte han lite, han snakka sjeldan om synd og fortaping, han ville berre vinne sjeler for Kristus.

Søkjande sjeler

Eg kan skjøna gleda, det djupe engasjementet. Det må vera fantastisk å tru at ein har funne sjølve den store sanninga, og deretter kunne tenkje på all motgang i livet – og medgang, for den del – som noko trivielt ein knapt treng å bry seg om, på grunn av den evige lykka som ventar i himmelriket.

«Far takla ikkje heilt denne balansegangen mellom Guds rike og jammerdalen, det åndelege livet og det materielle.»

At ein fellesskap kring slike grandiose idear kan ha lett for å tiltrekkje seg menneske i sårbare livssituasjonar, menneske som er på leiting, kanskje endåtil menneske med disposisjon for psykiske lidingar, blir ein påstand eg ikkje har vitskapleg dekning for, men likevel vil våge.

Det finst nok av døme på kristne forsamlingar som byrjar med store planar og gode intensjonar, for så å miste stigen av syne og vikle seg inn i ein meir og meir forkvakla teologi, eller ulike former for ortodoksi som står i skarp motsetnad til den «frie» forma og/eller flate strukturen forsamlinga kanskje i utgangspunktet hadde. Eit eklatant nordisk døme er sjølvsagt Knutby-saka. Ser ein lenger ut i verda, kjem ein snart til dei aller verste historiene, som det kollektive sjølvmordet og dei mange drapa i sekta Peoples Temple i Guyana i 1978.

Hjernen er ein mørk kjellar, heiter det, og det er urovekkjande, men òg fascinerande kva retningar den menneskelege psyken kan ta om ein er open nok for «alternative» impulsar, og i tillegg rotar seg borti feil folk.

Ekstasen

Så skulle eg ha ynskt at eg kunne klandre pinserørsla for den psykiske sjukdommen far vart ramma av, og i ytste konsekvens for sjølvmordet hans. Men fars vide krins av trønderske pinsevener held no framleis på som før, med lidenskapeleg lovsong og kollekt til misjonen og blodferske historier om utrulege mirakel – og far var ikkje mindre oppegåande enn at eg til sjuande og sist må halde han, ingen annan, ansvarleg for den måten han forvalta kristentrua si på.

Guds rike er sikkert hyggeleg og vakkert nok, men bør det trumfe alt som skjer på jorda? Eg er evig takksam for at far var med på å gje meg livet, for eg trivst godt med den menneskelege eksistensen. Men når ein vel å setja barn til verda, må det nesten vera fordi ein ser på det som skjer her nede i «jammerdalen» – eit typisk uttrykk i fars mangfaldige pinsevenvokabular – som nokolunde viktig og interessant.

Ein kan ikkje leva i samanhengande åndeleg ekstase, ein må ta kvardagen innover seg – og gjer ein ikkje det på eige initiativ, vil realitetane før eller sidan tvinge seg fram: Er det ikkje ungane, så er det kona, og er det ikkje kona, så er det huset, og så er det husarbeidet og lønsarbeidet, pengane og bilen, grannane og dugnaden, fotballtreningane og foreldremøta og... Det tek i grunnen aldri slutt.

Men far takla ikkje heilt denne balansegangen mellom Guds rike og jammerdalen, det åndelege livet og det materielle. Den tilsynelatande usårlege kristentrua hans viste seg til slutt å vera eit hus bygd på sand, eller iallfall på ein ustabil masse av praktiske vanskar, uheldige val, forsømte plikter og dårleg samvit. Då regnvêret for alvor sette inn, rasa heile byggverket saman.

Flukta

Den raskaste og mest dramatiske endringa sjukdommen førte med seg, var at han byrja isolere seg. Han følte at folk såg ned på han, at han var ei plage for alle andre. Jamvel pinseforsamlingane han hadde brukt å frekventere, miste han i stor grad kontakten med.

På eitt vis må eg nesten vera glad for dette, fordi det opna ei glipe som eg òg kunne smyge meg ut igjennom. Eg slapp den kampen det ville ha vore å bryte med pinserørsla, som eg før eller seinare måtte ha gjort dersom far hadde vorte verande ein overtydd pinseven.

Alt som ungdom opplevde eg denne forma for kristendom som nærast antiintellektuell, driven i stor grad av kjensler og i liten grad av kritisk tenking. Den alltid halvt ekstatiske stemninga passa meg uhyre dårleg, og eg var ikkje sein om å trekkje meg unna pinsevenene då far byrja gjera det.

Men om han slutta å gå på møte, slutta ikkje far min å tru.

Det var berre det at trua hans endra seg, gjorde ei heilomvending frå det opne, muntre og sosiale til eitkvart dystert og sjølvutslettande. Han grubla tilsynelatande ustanseleg over alle feila sine og alle plagene som hadde ramma han, og han såg dunkle og bisarre samanhengar overalt.

Den einaste guden som fanst der inne i det suicidale tankekaoset, var ein som stod for det motsette av dei åndelege verdiane han som ung pinseven hadde halde høgst: Det var ikkje ein raus og tolerant gud, men ein nådelaus dommar driven av agg og hemnlyst. Far vart meir og meir overtydd om at sjukdommen hans var komen som ei guddommeleg straff, og at det ikkje lenger spela noka rolle korleis han levde, fordi sjela hans likevel var fortapt.

Han trudde at frelsa framleis fanst, berre ikkje for han sjølv.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Framhald neste veke

Les heile serien her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis