JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Tilbakeverkande kraft

Det er så altfor lett å tenkje på sjølvmordaren berre som sjølvmordar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6788
20220513
6788
20220513

Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er del tre av seks. Heile serien finn du her.

Noko av det fabelaktige med litteraturen er at det alltid finst fleire bøker og forfattarar å oppdaga. Under ein ferietur til Bodø i fjor vitja eg eit antikvariat der eg kom over Dikt i samling av Nils Yttri. Eit kjent namn, men ein eg ikkje visste noko særleg om. Eg kjøpte boka og byrja lesa ho, og eg likte det eg las.

Når ein forfattar har fått gjeve ut dikta sine i samling, vil det ofte seia at det ikkje kjem fleire. Men dette tenkte eg ikkje på før eg kom til Lars Saabye Christensens etterord, og skjøna at Yttri for lengst er død. Han vart ikkje eldre enn eg sjølv er no, 33.

Eg kunne, eller burde, ha late det bli med dette. Men når folk døyr så unge, lurer ein på kvifor. Så eg googla litt, og det kom for dagen at Yttri tok sitt eige liv. Ein stad stod det til og med korleis han gjorde det. Så no veit eg dette, når eg les dikta hans – at han tok sitt eige liv.

Molda

Ein kan freista heva seg over ho, men denne vissa er likevel noko anna enn vissa om eit «vanleg» dødsfall. Mange er døde, det er ingenting uvanleg ved å vera død, og om eg no til dømes sit og les Ibsen, vil eg ikkje tenkje: Dette er skrive av ein død mann; korleis kjem det til syne i verket hans at han er død?

«Eg vågar å hevde at fars liv var fullt av lyse augneblinkar.»

Ein kan døy av eit hjarteinfarkt eller i ei bilulykke utan at det har noko som helst å gjera med det ein elles sysla med i livet. Når det gjeld sjølvmordet, er det derimot sannsynleg at eit eller anna i psyken har vore vrangt, og det er heller ikkje usannsynleg at dette kan ha påverka den skapande verksemda. Såleis har det seg at det finst forfattarar som er uløyseleg knytte til sjølvmordet sitt. Lista er lang som eit vondt år, i Noreg og internasjonalt.

I ungdommen var eg veldig oppteken av ein av våre «eigne» sjølvmordarar, Tor Jonsson. Eg likte dikta hans, men det verka utvilsamt inn på fascinasjonen min at han tok livet sitt (han rakk å bli 34). Då eg valde meg «Norsk kjærleikssong» som tema for ei oppgåve på vidaregåande, var eg freidig nok til å trekkje det sjølvmordariske hjarta hans inn i analysen: I eitt og same dikt er han både grana mørk og stur, berg og naken li og molda djup og svart – så han må vel ha vore ein smule suicidal allereie her?

Heldigvis hadde eg ein lærar som sette bremsene på: Vi kan ikkje dra slike slutningar, meinte ho. Riktig nok skreiv Jonsson mange dikt seinare i forfattarskapen som tydeleg tematiserer sjølvmord, men Berg ved blått vatn kom ut i 1946, då det enno var fem år til han døydde. Har ikkje eit menneske lov til å endre seg i laupet av fem år?

Puslespelet

I møte med eit sjølvmord er det slett ikkje unaturleg å vilja ha svar: Kva skjedde eigentleg? Korleis kunne det gå som det gjorde? Så byrjar ein kanskje grava i fortida, som eg har gjort i historia om far min. Nokre menneske er vanskelege å fylgje bakover, men dei fleste etterlèt seg mange spor, slik det jo er mange dagar i livet.

Det er berre det at puslespelbrikkene ikkje alltid passar i hop. Ein kan tenkje: Han må ha hatt ein vanskeleg oppvekst. Jaså? Det finst folk med ein førebiletleg oppvekst som endar med å ta livet sitt, og det finst folk med ein forferdeleg oppvekst som døyr ein naturleg død. Greitt nok, men han må vel i det minste ha vore usikker og ulykkeleg som ung mann. Tja, eller kanskje var dette den beste tida i livet hans? Kanskje tenkte han den gongen med stor optimisme på framtida?

Somme kan endåtil vera lykkelege om morgonen, sorgtyngde om kvelden.

Kort sagt kan ein koma til å knyte alle moglege aspekt ved det livet ein studerer – sjølvmordaren sitt, altså – til slutten på det. Ein kan koma til å misforstå fullstendig. Men sjølvmordaren er ikkje til stades, han kan ikkje ta til motmæle.

Årsaker

Denne jakta på svar seier noko om kor ulikt vi enno ser på psykisk og somatisk sjukdom. Som etterlaten etter eit sjølvmord er ein kanskje ikkje nøgd med den enkle forklåringa: Han fekk ein psykisk sjukdom, og denne døydde han av.

Sjølv ringde eg endåtil avdeling for patologi ved St. Olavs hospital, fordi eg ville lesa og få forklåringar på alt som fanst av dokumentasjon frå fars obduksjon. Riktig nok gjekk det sju, åtte år frå han tok livet sitt, til eg byrja desse undersøkingane; det var vel fyrst då eg hadde fått det heile tilstrekkeleg på fråstand til å kunne tenkje på slike detaljar. Før den tid visste eg ikkje eingong at han vart obdusert, men dette er visst vanleg prosedyre, også i tilfelle der alle «veit» at det dreier seg om sjølvmord.

Det er naturlegvis ikkje utan ei viss rot i røynda, skiljet mellom det psykiske og det somatiske. Som oftast er det greitt å skjøna kvifor nokon får ein somatisk sjukdom, medan forskarane er samde om at sjølvmordsåtferd gjerne har ein svært kompleks bakgrunn. NSSF, Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging, identifiserer både psykisk og somatisk sjukdom som individuelle risikofaktorar, i lag med familiehistorie, skakande livshendingar og mykje anna. I tillegg kjem påverknaden frå miljøet, alt frå negative sosiale tilhøve til noko så konkret som tilgangen på dei hjelpemidla eit sjølvmord krev.

Det er kort sagt mange stader ein kan leite, om ein jaktar på årsakene til eit sjølvmord.

Høne og egg

Eg vågar å hevde at fars liv var fullt av lyse augneblinkar. Men eg veit ikkje når han fyrste gong tenkte tanken på sjølvmord, og eg veit ikkje kvar i livshistoria kimane til den psykiske sjukdommen hans låg, ein mangslungen sjukdom som ikkje gav seg tydeleg til kjenne før han var i midten av 40-åra. Eg anar heller ikkje i kva grad han – somatisk, genetisk, kva ein no kallar det – var disponert for psykisk sjukdom.

Det skjedde mykje i livet hans som utvilsamt verka inn på den mentale helsa, men då desse problema i stor grad hadde rot i medvitne livsval meir enn uheldige tilfeldige hendingar, blir mysteriet like uløyseleg som det gamle spørsmålet om høna og egget: Var det aspekt ved psyken hans som fekk han til å ta dårlege avgjerder, eller var det dei dårlege avgjerdene som svekte psyken hans?

Eg ser på bilete av han, til dømes eit der han har kledd seg ut som ein arabisk sjeik og sit og gliser med oss ungane ikring seg, og eg lurer på om alle undersøkingane mine overhovudet har ført meg nærare sanninga.

I Nils Yttris debutbok finst ein fantastisk ode til hestehoven, som «Går i maitog/ Langs landeveiene/ Krever sol/ Og bedre plass/ Byr fram ditt lys/ Til alle mann/ Lille demonstrant/ Gule Vår/ Full av faen». Boka kom i 1979; året etter tok diktaren livet sitt.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Framhald neste veke

Heile serien finn du her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis