JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Å døy om våren

No er det høgsesong for sjølvmord.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det var litt overraskande at sjølvmordet til far min skjedde om våren.

6486
20220429
6486
20220429

Erlend Skjetne skriv ein serie om sjølvmord. Dette er første del. Heile serien finn du her.

Ein gong tenkte eg at det må vera motsett, for er ikkje hausten eller vinteren den tyngste tida her i nord? Jo, slik er det vel for dei fleste, og for dei som har det verst, ligg det kan hende ei trøyst i nettopp dette, at også dei andre slit litt med den mørke tida.

Om våren, derimot, når alle andre verkar så lykkelege, medan ein sjølv går og ber på det same mørkeret som ein gjorde midtvinters, blir det berre endå tydelegare kor dårleg ein har det, kor mislykka ein er.

Til vederlag kan våren kanskje trøyste dei etterlatne?

Fronten

Overskrifta låner eg frå ei av favorittbøkene mine, ein roman av Ralf Rothmann med den tyske tittelen Im Frühling sterben. Noko vakrare og meir opprivande kan knapt ha vorte skrive om den andre verdskrigen. Boka handlar om gutane Walter og Fiete som trivst godt med å arbeide på ein gard, men som heilt på tampen av krigen blir ufrivillig innrullerte i Waffen-SS og sende inn i dei siste desperate kampane ved fronten i Ungarn.

Sjølvmordet er ikkje eksplisitt tematisert i denne brutalt inntrykksømme romanen. Ein kan heller seia at stemninga gjennomgåande er suicidal: Undergangen rykkjer stendig nærare, døden er til stades overalt. På eit tidspunkt då han har leita lenge etter grava til far sin – eit heller vonlaust prosjekt, når også gravfelta blir utsette for sovjetisk bombing – kjem Walter til ein bygning der ein skokk med militære er i ferd med å drikke seg frå sans og samling. Den kaotiske scena blir teikna fram med omstendeleg ro, og generalen som ligg ute i garden og har skote seg i hovudet, er liksom berre ein naturleg del av miljøskildringa.

«Over eit halvt hundreår seinare tok far min sitt eige liv.»

Diverre er det heile fullstendig truverdig. Denne tida i dette området, slutten på Det tredje riket, var nok minst så ekstrem som i Rothmanns roman. Éin av mange absurde faktorar: Det var vår, alt blømde.

Varsla katastrofe

På same årstid over eit halvt hundreår seinare tok far min sitt eige liv. Han køyrde til Flakk litt utom Trondheim by, sette att bilen og gjekk om bord i ferja til Fosen. Ein eller annan stad under overfarten hoppa han i sjøen. Ei ung jente som var ute og lufta hunden, fann han i fjæra dagen etter, påskedags morgon.

Såleis vart han éin av dei 551 som tok livet sitt i Noreg dette året, etter det offisielle talet. Det bruker liggje der omkring, eller helst litt høgare. I røynda blir nok òg ein del sjølvmord, til dømes i trafikken og mellom rusmisbrukarar, kategoriserte som ulykker. Den 50 år gamle far min føydde seg elles fint inn i statistikken: I gjennomsnitt er kring to av tre sjølvmordarar menn, og medianalderen er 47.

Det blir hevda at det finst mange tabu kring sjølvmord, og det stemmer nok, men no for tida får temaet stendig større merksemd. Eit sjølvmord er ei sjokkarta oppleving for dei fleste etterlatne, men kanskje kan fylgjande vera nok eit tabu: I nokre tilfelle er sjølvmordet venta. Det finst dei, som far min, som driv i denne retninga i årevis. For hans del handla det om djup depresjon, korte og lengre opphald på institusjonar, medikamentbruk som gleid over i misbruk, suicidal åtferd i grenselandet mellom psykotisk forvirring og forsettlege sjølvmordsforsøk. Det var til slutt berre det eine ytterpunktet som stod att, det eine «vellykka» forsøket.

Med andre ord hadde eg tenkt fleire gonger på at det kunne koma til å skje. Eg hadde endåtil tenkt at det var vanskeleg å sjå føre seg eit anna utfall. Men det var litt overraskande at det skjedde om våren.

Det gode

Årstida vart ei paradoksal ramme kring sjølvmordet hans.

Det riktige å gjera for meg som son måtte vel no vera å søkkje ned i ein avgrunn av sorg. Han hadde slett ikkje vore nokon perifer farsfigur, eg budde i lag med han gjennom heile oppveksten. Sjølv om nokre av livsvala hans utvilsamt kan karakteriserast som uheldige, bar eg ikkje nag til han for noko. Då han døydde, var det snarare dei lyse minna som fløymde opp, og dei kunne få meg til å gråte.

Men for det meste gjekk det greitt. Eg kom meg på dei siste førelesingane det semesteret, fekk teke alle eksamenar med ståkarakter. Eg møtte vener som før, gjorde alt eg hadde brukt å gjera, gjekk ut på byen og drakk og lo. Eg uroa meg kanskje litt for kva folk ville synast om meg, men kom til den konklusjonen at eg ikkje kunne bry meg: Det var jo vår, og eg var 21, og i den alderen har ein ikkje råd til å øydsle vekk dei finaste månadene i året.

Riktig nok var det ein kjølig vår. Eg hugsar at eg gjekk ein tur i barndommens lauvskog på Melhus, ein dag midt i mai, gjekk der berre for å mimre og tenkje – og så byrja det snø. Snøen lava ned, og eg var tynnkledd og følte meg fullstendig fortapt i denne skogen som skulle ha vore grøn og varm og full av fuglesong.

Men det gjekk berre nokre dagar, så vart det sjølvsagt varmare. Sumaren kom det året òg, merkeleg nok.

Knute

Same kor emosjonell eller lite emosjonell ein vanlegvis er av seg, vil eit sjølvmord kunne blottstille ytterpunkta i kjenslelivet og bringe ein ut av balanse. Ein blir konfrontert med ei sterk handling, ei handling som strir mot alle normale instinkt. Ein kan tru at den døde med overlegg valde å forlata dei som var glade i han eller ho, at ein altså har vorte svikta.

Der ligg ein kime til bitre tankar, men så har ein samstundes gode minne om den avlidne, og like gjerne kan ein klandre seg sjølv for at ein ikkje gjorde meir for å avverja dødsfallet. Ein komplisert knute av motstridande kjensler, altså – dei kan avløyse kvarandre, eller alle kan melde seg samstundes.

Nokon kvikkfiks, som ungdommen seier, kan eg slett ikkje føreslå. Sjølv var eg heldig med det at eg likte å skrive. Eg veit det finst psykologar som tek eit klekkeleg honorar for å tilrå pasientane sine nettopp dette, å skrive ned det dei går og grublar på. Her får du rådet gratis: På papiret kan ein nøste opp i tankane sine og få sortert dei, iallfall om ein i utgangspunktet er glad i ord.

I mitt eige tankekaos identifiserte eg to raude trådar. På den eine sida sorga over tapet av ein kjær far, og det både forståelege og uforståelege i at det kunne – eller måtte? – gå slik med han. På den andre sida ein slags protest, med ei vårleg kraft i botnen: Denne dødsdrifta som heimsøkte far min, skulle ikkje få hindre meg i å leva.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Heile serien finn du her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis